Opptak

502 ledige plassar, dette kan endre seg i morgon

20. juli blir det mogleg å søkje på ledige plassar. På NTNU er det 502 ledige studieplassar fordelt på fem fakultet.

HF og SU er fakulteta med flest ledige plassar.
Publisert

No har alle søkjarar til høgare utdanning fått svar på kva dei er kome inn. Kanskje du ikkje kom inn på draumestudiet? Fleire studieprogram har ikkje fylt opp plassane, så det er ikkje for seint å ta sjansen på eit nytt studie.

Klokka 9.00, laurdag 20. juli, er det mogleg å søkje på ledige studieplassar. Lista over studier med ledige studieplassar ligg på Samordna sine nettsider. Opptaket rangerer ikkje nye søkjarar etter karakter, men tek opp nye studentar fortløypande. Det gjeld med andre ord om å vere raskast.

I år er det mogleg å søkje seg til somme lærar og sjukepleiar studier utan å ha karaketerkrava som gjeld i det ordinære opptaket. Desse karakterdipensasjonane gjeld ikkje NTNU.

Dei som allereie har fått tilbod om studieplass har fram til 24. juli å takke ja til plassen. Om ein studieplass ikkje takkast ja til innan fristen går den vidare til søkjarar på venteliste eller som har verte studiekvalifiserte etter hovudopptaket.

 Dette suppleringsopptaket er truleg klart kring 29. juli. Då somme takkar nei til studieplass etter 24. juli, vil det også komme nye tilbod til søkjarar på venteliste i vekene etter suppleringsopptaket.

Desse studieprogramma har ledige plassar

SU-fakultetet

  • 10 - Yrkesfaglærer, bygg- og anleggsteknikk Bachelor, heltid, høst, samlingsbasert, Trondheim
  • 10 - Yrkesfaglærer, elektro og datateknologi Bachelor, heltid, høst, samlingsbasert, Trondheim
  • 10 - Yrkesfaglærer, helse- og oppvekstfag Bachelor, heltid, høst, samlingsbasert, Trondheim
  • 10- Yrkesfaglærer, restaurant- og matfag Bachelor, heltid, høst, samlingsbasert, Trondheim
  • 10 - Yrkesfaglærer, teknologi og industrifag Bachelor, heltid, høst, samlingsbasert, Trondheim
  • 75 - Grunnskolelærer, 1.-7. trinn Master, heltid, høst, Trondheim
  • 15 - Grunnskolelærer, 5.-10. trinn, med matematikk Master, heltid, høst, Trondheim
  • 50 - Grunnskolelærer, 5.-10. trinn, med norsk Master, heltid, høst, Trondheim
  • 8 - Lektor i geografi, 8.-13. trinn Master, heltid, høst, Trondheim

IV-fakultetet

  • 37 - Ingeniør, fornybar energi Bachelor, heltid, høst, Gjøvik 
  • 17 - Ingeniør, geomatikk Bachelor, heltid, høst, Gjøvik

IE-fakultetet

    • - 15 - Matematiske fag Årsstudium, heltid, høst, Trondheim

MH-fakultetet

  • 50 - Sykepleie Bachelor, heltid, høst, Gjøvik
  • 20 - Sykepleie Bachelor, heltid, høst, Ålesund

Humanistiske fakultet

  • 20 - Etikk Årsstudium, heltid, høst, Trondheim
  • 15 - Fransk Årsstudium, heltid, høst, Trondheim
  • 30 - Historie Årsstudium, heltid, høst, Trondheim
  • 20 - Humanistiske fag, emnestudier Årsstudium, heltid, høst, Trondheim
  • 10 - Latin Årsstudium, heltid, høst, Trondheim
  • 30 - Nordisk språk og litteratur Årsstudium, heltid, høst, Trondheim
  • 15 - Tysk Årsstudium, heltid, høst, Trondheim
  • 10 - Lektor i språkfag/fransk, 8.-13. trinn Master, heltid, høst, Trondheim
  • 20 - Lektor i språkfag/nordisk, 8.-13. trinn Master, heltid, høst, Trondheim
  • 10 - Lektor i språkfag/tysk, 8.-13. trinn Master, heltid, høst, Trondheim

Følg UA på Facebook og Instagram.