Akademia skal få meir rettleiing om eksportkontroll
I dag opna utanriksminister Espen Barth Eide formelt Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar. Direktør Harriet E. Berg lovar auka rettleiing av akademia i tida framover.
Utanriksminister Espen Barth Eide overrekkjer vedtaket om å oppretta Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar i glass og ramme til direktør Harriet E. Berg i det nye direktoratet
Foto: Martin Toft/Uniforum
– Dette er første gong sidan 1968 at ein norsk utanriksminister har fått lov til å oppretta eit nytt direktorat, skriv Uniforum.
Det sa utanriksminister Espen Barth Eide då han heldt opningstalen til det nyoppretta Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA) på Fornebu i formiddag.
Direktør Harriet E. Berg fortel at direktoratet har fått overført forvaltningsoppgåvene frå Utanriksdepartementet for å kunna rettleia norsk næringsliv og akademia og også kunna motta søknader om lisens for eksport eller søknad om unntak frå sanksjonsregelverket.
No har Direktoratet flytta inn i lokale på Fornebu og blitt nabo med mellom andre Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM). Både sjefane for NSM, Etterretningstenesta og assisterande PST-sjef og tolldirektøren var til stades under opninga.
– Viktig at dette har legitimitet
Utanriksminister Espen Barth Eide peika i talen sin på det spesielle tidspunktet for opninga av direktoratet med krig mellom Russland og Ukraina.
– Det er ein stormaktskrig i Europa mellom Europas største land med Europas største hær mot Europas nest største land med Europas nest største hær. Då eg begynte i politikken var det ofte land som braut saman. Men ein krig i Ukraina som minner meir om 1. verdskrig, men med dronar, er noko anna, konstaterte han.
Han viste til at også Noreg har valt å utvikla og produsera nokre få våpentypar.
– Det er me så gode på at dei også blir eksporterte til andre land, sa ministeren og la til:.
– Men det er viktig at dette har legitimitet. Derfor er det viktig at me har verdas strengaste eksportkontrol, men det er endå viktigare at den blir fylgt opp. Det er endå viktigare no med nye leiarar i land som står oss nær, understreka han.
Espen Barth Eide kom også inn på skilnaden mellom dei som driv med våpenproduksjon og ein fysikkprofessor på NTNU når det gjeld medvit om regelverket om eksportkontroll og sanksjonar.
Det er ei oppgåve som direktør Harriet E. Berg i Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar har eit spesielt ansvar for også å informera akademia om.
Vil ha ein utvida dialog
– Vår rettleiing vil vera viktig for akademia. Me skjønar godt at akademia har ein del spørsmål rundt dette regelverket som er komplisert. Me vil kunna ha litt meir ressursar til å rettleia dei i tida framover, seier ho til Uniforum.
Samtidig skryt ho over at akademia gjer mykje sjølv for å ha ei sikker teknologioverføring eller kunnskapsoverføring.
Harriet E. Berg vil ha ein utvida dialog med akademia om dei problema dei står overfor på dette området.
Ho oppfordrar akademia til å ta kontakt og senda direktoratet spørsmål om korleis dei skal forholda seg til ulike problem i større grad enn det dei har hatt høve til før.
Ventar på avklaring av føreskrift
No ventar ho på ei siste avklaring frå Utanriksdepartementet.
– Dei sit framleis på regelverket, og dei har sagt at dei vil koma med ei ny avklaring rundt føreskrifta om korleis teknologioverføring eller kunnskapsoverføring skal skje framover. Me håpar at den føreskrifta skal bidra til å gjera det enklare for akademia å forholda seg til denne problemstillinga, seier ho.