UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel
Forslaget frå interne medlemar om ikkje å inngå vidare institusjonelle avtalar med Israel fall med seks mot fem stemmer i UiO-styret.
TO FORSLAG: Styrerepresentantane Qaisar Farooq og Ingrid Lossius Falkum og universitetsdirektør Arne Benjaminsen ser på dei to alternative forslaga om akademisk boikott før avrøystinga i UiO-styret.Foto: Helene Lindqvist
Etter ein debatt om kva ein akademisk boikott av Israel vil innebera for forskar-til-forskar-samarbeidet, enda UiO-styret opp med to forslag i spørsmålet om akademisk boikott av Israel. Det første forslaget var frå UiO-administrasjonen, og der blei det presisert at å innføra ein akademisk boikott ikkje var formålstenleg fordi det ville innebera at også forskar-til-forskar-samarbeidet ville bli ramma.
I forslaget frå studentrepresentantane og dei interne representantane Ingrid Lossius Falkum, Finn-Eirik Johansen og Marianne Midthus Østby. var denne setninga stroken. I staden hadde dei lagt inn ei setning om at UiO inntil vidare vedtar ikkje å inngå nye overordna institusjonelle samarbeidsavtalar med israelske universitet. Det blei også understreka at det ikkje ville ramma forskar-til forskar-samarbeidet.
Til slutt blei det stemt over begge forslaga.
Då blei det først stemt over forslaget frå interne medlemar. Det fekk fem stemmer frå studentane, Solveig Martha Tynkkynen og Sivert Arntzen og frå representantane for dei faste vitskaplege tilsette, Finn-Eirik Johansen og Ingrid Lossius Falkum, og frå representant for dei teknisk-administrative Marianne Midthus Østby.
Deretter blei det stemt over forslaget frå administrasjonen. Det fekk seks stemmer, og dermed blei det vedtatt. Dei som stemte for var rektor Svein Stølen, representanten for dei mellombels vitskaplege Isabel Viola Kreis og dei eksterne representantane Kristin Clemet, Eirik Frantzen, Qaisar Farooq Akram og Maria Strömme.
Før røystinga gjorde ekstern representant Kristin Clemet det også klart at ho ville koma med ein protokolltilførsel.
Dette blei det endelege vedtaket:
Styret ved Universitetet i Oslo:
fordømmer alle brudd på folkeretten.
krever øyeblikkelig våpenhvile og stans av angrepene mot sivile i Gaza og Israel, at humanitær hjelp sikres og at alle fanger, inkludert de som er tatt som gisler av Hamas, returneres trygt.
fordømmer ødeleggelsen av forsknings- og utdanningssektoren i Gaza hvor studenter og universitetsansatte er blitt ofre.
mener en akademisk boikott av Israel, som vil innebære at alt forsker-til-forsker-samarbeid termineres, ikke er formålstjenlig (se fremleggsnotat for argumentasjon).
noterer seg at Universitetet i Oslo ikke har noen overordnede institusjonelle avtaler med israelske institusjoner.
understreker at det følger et akademisk ansvar med den enkeltes akademiske frihet. Det innebærer at alt forsker-til-forsker-samarbeid skal være basert på en etisk vurdering av det enkelte prosjekt i henhold til UiOs retningslinjer for forskningsintegritet og etikk; det innbefatter hvilke spørsmål som stilles, hvilke metoder som brukes, hvilke samarbeidspartnere man jobber med og hvordan plikten til å formidle kunnskapen generert ivaretas.
understreker at det institusjonelt skal sikres at disse etiske vurderingene gjøres på en tilfredsstillende måte.
ber universitetsdirektøren sikre at forskere som ønsker å terminere pågående samarbeid, får støtte i vurderinger og oppfølging. Eventuelle økonomiske konsekvenser dekkes av universitetet sentralt.
understreker at Universitetet i Oslo skal være et trygt sted for alle ansatte og studenter uavhengig av etnisitet, tro og meninger, og oppfordrer alle til å bidra til at ordskiftet handler om sak og ikke om person eller etnisitet.
Eit forslag om verkemiddel for å støtta forskarar, studentar og akademiske miljø som er ramma av krigen på Gazastripa blei samrøystes vedtatt: Der blir ordlyden slik:
Styret ved Universitetet i Oslo:
oppfordrer det internasjonale samfunnet til å sikre at den humanitære hjelpen inkluderer gjenoppbygging av forsknings- og utdanningssektoren i Gaza.
ber universitetsdirektøren legge til rette for at Universitetet i Oslo bidrar aktivt til å gjenoppbygge forsknings- og utdanningssektoren etter krigen, også gjennom å bidra til etablering og videreutvikling av internasjonale allianser med mål om å tilby høyere utdanning til flyktninger og fordrevne generelt.
Etter at møtet var over uttrykte rektor Svein Stølen seg nøgd med vedtaket.
– Eg er glad for at styret fall ned på denne avgjerda. Som institusjon er det vår oppgåve – også styrets – å verna om den enkelte vitskaplege tilsettesin akademiske fridom. Me har eit stort ansvar som arbeidsgjevar og lærestad for alle tilsette og studentar. Alle må takast vare på og sikrast eit trygt og godt arbeids-, lærings- og forskingsmiljø, seier rektor og styreleiar Svein Stølen i ei sak UiO har lagt på si eiga nettside.
200 demonstrerte
Før saka kom opp, var rundt 200 personar samla framfor Professorboligen. Der blei det halde appellar av blant andre forskar Hege Hermansen frå LINK, stipendiat Davina Kaur Satel frå Det medisinske fakultetet og av lege Mina Adampour.
"Stølen høyr, barn i Gaza døyr, og "akademisk boikott no" var mellom oppfordringane som kom frå demonstrantane til medlemane i UiO-styret.
Då møtet var over, kom demonstrantane tilbake, og dei gjorde det heilt klart at dei ikkje var nøgde med vedtaket. "Shame on you", var slagordet då.