kronikk
Ny giv for ytringsfridom i styrearbeid
I ny styreperiode bør NTNU sikre god opplæring av styreleiarar og leiarar om prinsippa for openheit og ytringsfridom i samband med styrearbeid, skriv Unni Eikeseth i denne kronikken.
NTNUs nåverande styre: Bakerst Peder Berntsen Brenne, Jan-Frode Janson, Bjørn Skallerud, Odd Arne Fosse
Midterst: Malin Høgsand Leirvåg, styreleder Remi Eriksen, Ingrid Bouwer Utne, Nina Refseth
Fremst: Rektor Tor Grande, Kim Rainer Mattson, Bente Stallknecht, Aksel Tjora
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
Vi går no
inn i ein ny styreperiode, i ei tid der demokratiet er under press i fleire
allierte land. Det er derfor viktig å vere seg bevisst den viktige rolla NTNU
som høgare utdanningsorganisasjon har for å bygge demokratiske verdiar. Men som
den internasjonale utdanningseksperten Sjur Bergan seier i ei ny bok«..høgare
utdanning kan ikkje vere ein truverdig guide til demokrati, om den interne
praksis er udemokratisk». NTNU bør
derfor styrke leiarar si forståing for ytringsfridom i samband med styrearbeid
på alle nivå i organisasjonen. Ein del erfaringar frå noverande styreperiode
tydar på at det er rom for forbetring:
Enig eller uenig?
Send oss din ytring på
Universitetsstyrer
blir drive som bedriftsstyrer
I 2024
uttalte midlertidig styreleiar i Institutt for lærarutdanning, Hilde Grimstad,
følgjande i eit instituttstyremøte, sitert i Khrono,15.januar 2024:
[…] Styrer likner på bedriftsstyrer, der vi jobber lojalt i
fellesskap. I en slik setting ønsker man at en diskusjon skal være i styret og
at vi skal være enige utad, med mindre det er en protokolltilførsel og vedtak
der man er uenige. Hvem er styrets talerør utad, hvem snakker med media fra
styrerommet? Ofte overlater vi det til styreleder.
Dette utsegnet
står i strid med intensjonane i Universitets- og høgskulelova og
Statstenestemannslova. I Universitets- og høgskulelova heiter det at «Det skal
i størst mulig grad være åpenhet om styrets arbeid.» https://lovdata.no/lov/2005-04-01-15/§9-2 . Styrer i UH-sektoren er
altså vesentleg annleis enn bedriftsstyrer. Professor Kristian Gundersen
kritiserte for øvrig utsegnet for å vere autoritært og
døme på ein ukultur.
Det er
verdt å merke seg at Grimstad på dette tidspunktet var styreleiar for både
instituttstyret ved ILU og fakultetsstyret ved SU.
Eit anna
døme er at Grimstad sin forgjengar i instituttstyreleiarvervet ved ILU, Arve
Thorshaug, gjekk av i etterkant av å ha ringt eit styremedlem (underteikna) for
å diskutere ein kommentar som underteikna hadde posta på intranett. Samla sett ser
det ut til at det er ei forståing hos enkelte leiarar og styreleiarar ved NTNU om
at det er uheldig om styremedlemmer kommenterer styresaker utad, også om det er
internt i organisasjonen.
Dersom
berre styreleiar kan uttale seg vil det i praksis bidra til å undergrave
intensjonen om openheit om styrets arbeid. Det er berre i sjeldne høve at media
er til stades i styremøte på fakultets- og instituttnivå og refererer
diskusjonar som føregår der. Dersom styreleiar i tillegg praktiserer knapp
protokollstil, der det berre står at Instituttleiar tar innspela frå styrets
medlemmer med i det vidare arbeidet, så betyr det at styremøtene i
praksis er lukka for resten av organisasjonen. Tilsette får då ikkje
innsikt i relevant informasjon om kva diskusjonar som har føregått i styret.
Statleg
tilsette har ytringsfridom
Statstenestemannslova
slår fast at det skal vere stor ytringsfridom for statstilsette. Det er
presisert i etiske retningslinjer for statstenesta at lojalitetsplikt i
hovudsak ikkje skal nyttast til å avgrense statleg tilsette sin ytringsfridom. I
samband med endringar i dei etiske retningslinjer
for statsansatte i 2017 vart retten til ytringsfridom presisert: I retningslinjene har vi
presisert at det bare er ytringer som kan skade virksomhetens saklige og
legitime interesser, som vil bryte lojalitetsplikten. Vi
tydeliggjør at Grunnlovens terskel for å begrense ansattes ytringsfrihet er høy.
I LOSAM for SU 20. mars 2024 tok Akademikerne
opp saka om ytringsfridom i samband med styreverv, og la til følgjande protokolltilførsel
basert på ei juridisk vurdering;
..vitenskapelige ansatte skal ha en ytringsfrihet som strekker
seg langt i sammenheng med utføring av styreverv, og at lojalitetsplikten ikke
bør brukes for å avgrense ytringsfrihet for de ansatte. Prinsippene om åpenhet
knyttet til styrets virksomhet, og den vidtgående akademiske ytringsfriheten må
tillegges stor vekt her. Det er i egenskap av ansatte de sitter i styrene. For
denne gruppen ansatte vil lojalitetsplikten ikke sette de samme rammene om
ytringsfriheten som for andre grupper og rent bedriftsstyrer.
Akademikerne
bad vidare om at dette skulle bli gjort kjent for alle leiarar og styreleiarar
ved SU-fakultetet. Det er usikkert om dekanen ved SU tok denne oppfordringa på
alvor. Eg måtte i alle fall sjølv gjere dette kjent for instituttstyret ved
ILU. Kanskje treng også andre i NTNU å kjenne til desse prinsippa?
Å ha møtereglar for styrearbeid, slik
NTNU-styremedlem Bjørn Skallerud argumenter for, er vel og bra, men det kan ikkje erstatte at
leiarar har inngåande kjennskap til dei vide rammene for ytringsfridom i
UH-sektoren.
Skadeleg
for organisasjonen og samfunnet
Manglande
forståing på leiarnivå av ytringsfridom og openheit kan få alvorlege følgjer
for NTNU som organisasjon og for samfunnet for øvrig. Alle organisasjonar har behov
for å sjå kritisk på eiga verksemd for å hindre feil og sikre gode avgjerder.
Universitet og høgskular forvaltar offentlege midlar, og det skal sjølvsagt
vere høgt under taket og lov til å ytre seg om korleis desse pengane blir
forvalta.
Når leiarar
signaliserer tydeleg at ytringar om styresaker ikkje er velkomne utanfor
styrerommet kan det føre til manglande motivasjon for å engasjere seg, og det
kan også skremme tilsette frå å delta i viktige diskusjonar. Dette er uheldig. Vi
som jobbar med utdanning og forsking veit at arbeidet vårt blir betre med
konstruktiv kritikk. NTNU har alt å vinne på å legge til rette for at dei
tilsette kan komme med tilbakemeldingar.
Som
utdanningsinstitusjon og premissleverandør har NTNU stor påverknad på resten av
samfunnet. NTNU kan berre bidra til å byggje demokratiske verdiar i samfunnet ved
å ha ein demokratisk indre praksis. Å bidra til auka demokratiforståing og
kunnskap om ytringsfridom hos NTNUs leiarar og styreleiarar er derfor viktig
både for demokratiet internt ved NTNU, men også for samfunnet rundt. Dette er
tida for å styrke dei demokratiske prinsippa våre.
Kjelde:
Bergan, S.
(2025). European Higher Education, Social Responsibility, and the Local
Democratic Mission. (1st ed.). Temple University Press.