Millionar i ERC-støtte til NTNU-senter: - Gir store musklar

Porelab-senteret, drive av Alex Hansen, mottar prestisjetung europeisk støtte. 

- Det er ei voldsom anerkjenning, seier Hansen
Publisert Sist oppdatert

PoreLab SFF blir tildelt 28 millionar fra European Research Council (ERC) til å forske på væskers beveging i porøse medier. Senterleiar Alex Hansen fortel stolt om den prestisjetunge støtta frå Brasil, der han er på eit vitenskapelig møte. 

- Det er ei voldsom anerkjenning, det er det. Det gir store musklar.

Enormt arbeid bak

Fakta

ERC-støtte

Europas forskingsråd (ERC) vart opprett av EU i 2007.

ERC er styrt av eit uavhengig forskingsråd.

ERC budsjettet frå 2021 til 2027 er på over 16 milliardar euro.

NTNU har til no 23 ERC-prosjekter. 10 av desse er under NV fakultetet.

PoreLab SFF er eit samarbeidsenter mellom NTNU og UiO. Hansen er senterleiar og professor ved Institutt for fysikk ved NTNU. 

Han fortel at det ligg enormt mye arbeid bak slike søknadar. Alt må vere perfekt. Etter å ha vore nøye vurdert, gjennom fleire omgonger, fekk prosjektet støtte, noko som vil resultere i viktig forsking i ei tid med store klimatiske utfordringar. 

- Forskning har vist at grunnvannsreservoara er i ubalanse. Dei minkar kraftig. Grunnvannreservoara tømmast sakte, men me har ikkje matematikken til å vite korleis dette vil utarte seg, eller korleis vi kan påverke det. 

Økt interesse

Vannmangel har stort sett vore eit problem som har ramma fattige land og har derfor i lita grad vekka interesse hos forskarar. No er dette i ferd med å endre seg. 

- Me ser ei økt interesse, men den 90 år gamle modellen som brukast for å predikere korleis vesker beveg seg gjennom porøse medier er ikkje berre unøyaktig, men er basert på gjetning. Den har inga basis i ordentlig fysikk, meiner Hansen.

No skal han og forskergruppa jobbe med å utvikle den korrekte matematikken. 

Forsking med brei applikasjonsmoglegheit

Med støtta vil Hansen fortsette å bygge opp ei dedikert forskergruppe med postdoktorar, 2 ph.d.-er og ein forskar. Forskninga kan komme både vass- og oljeindustrien til gode. I tillegg kan forskninga bidra i utviklinga av CO2-lagring, fordi ein også her er ute etter å svare på korleis ein kan få dette ned i reservoarer. 

Dette er ikkje fyrste gang Hansen får anerkjenning for forskninga. PoreLab fekk nasjonal anerkejnning som Senter for fremragende forskning av Norges Forskningsråd i 2017. Med ERC-støtte kjem det også internasjonal anerkjenning.

- Alle forskarar veit kva ERC er. Det er stor prestisje og enormt verdifullt. 

Følg UA på Facebook og Instagram.