Gjesteskribenten

Når studentane ikkje er studieførebudd

Elevmassen på veg inn i høgare utdanning er i endring. Om mentale helsa, er allereie mykje sagt. Som undervisar er det andre teikn som skulle uroe oss like mykje: Dei er stadig mindre studieførebudd.

-Det grunnleggande problemet er at elevane er svakare i å lære å lære. Det er difor eit signal om at mykje vi trur er effektivt og nyttig skulepolitikk og pedagogikk, ikkje er det. Vi ventar på den skulepolitikaren som våger tenkje denne tanken heilt til endes, skriv Anders Ulstein.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Spørsmåla som melder seg er difor: Kva har gått gale i skulen? Og kva kan vi i UH-sektoren gjere med det?

Reformskulen

Fakta

Anders Ulstein

Anders Ulstein
  • Utdanning: Ulstein har en cand.mag. i språk og historie fra HiV og UiB + master i samfunnsvitenskap med hovedvekt på Europeisk politikk og historie fra LSE. 
  • Nåværende jobb: Universitetslektor ved Institutt for IKT og realfag (IE), Campus Ålesund, der han også er nestleder utdanning. Hans undervisningsoppgaver er primært innenfor de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Roller i UH-sektoren: Ulstein var medlem av språkpolitikkutvalget ved NTNU i 2022. Er leder av det nasjonale Fellessekretariatet for de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Faglige interesser: Språk og akademisk skriving som del av ingeniørutdanningen. Språket er mer enn et kommunikasjonsverktøy, det er noe vi tenker med. Hva så når språklig kompetanse svekkes? Har ledet programarbeidet med kvalitetsseminarene ved Campus Ålesund i fire år.
  • Opptatt av: Hvordan vi verner om akademias overordnede samfunnsoppdrag og bevarer vår uavhengighet i møte med politiske vinder og økonomiske interesser. Uavhengighet forutsetter ytringsfrihet og takhøyde. Hvordan omstiller vi UH-sektoren i møte med de tunge strukturutfordringene landet står overfor, og hva betyr dette for ‘ett NTNU på tre campus’? Dessuten, universitetspedagogikken trenger et kritisk blikk og en ny start. Og: Er dagens studenter tilstrekkelig «studieforberedt»? Hvis ikke, må vi i større grad ‘studieforberede’ vår studenter selv, og hvordan gjør vi det?

Det har ikkje mangla på reformar og tiltak, visjonar og verdiar i skulen. Det manglar heller ikkje professorar i pedagogikk. Likevel går ferdigheitene i lesing, skriving og realfag tilbake. Dette er truleg ikkje det verste. Det grunnleggande problemet er at elevane er svakare i å lære å lære.

Det er difor eit signal om at mykje vi trur er effektivt og nyttig skulepolitikk og pedagogikk, ikkje er det. Vi ventar på den skulepolitikaren som våger tenkje denne tanken heilt til endes.

Skule og høgare utdanning har vore utsett for to store trendar siste tiåra og begge er kvantitativt fundert. Det eine er målstyring og prestasjon. Mykje av dette kjem frå management-filosofien frå næringslivet slik vi ser det i andre deler av det offentlege.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Mål og resultat

Den andre trenden er ei generell vitskapleggjering. Sjølv det komplekse samfunnet med menneske i sentrum blir lagt under mikroskopet. Så set vi inn tiltak som om det var eit kontrollert eksperiment. Skulen er blitt ein lab. Samfunnsvitskapleg metode skal realisere politiske og ideologiske visjonar.

Vitskapleggjering følgjer management-filosofien som hand i hanske. Vi måler og veg alle ting, før vi forskar fram nye tiltak. Alt dette har alle ytre teikn på fornuft, produktivitet og framsteg.

Det er no viktigare å «forstå» matematikk enn ha ferdigheiter i rekning. I norskfaget er det blitt viktigare å «reflektere og utforske» enn å skrive og lese.

Samtidig er det andre trekk i skulen som dreg i stikk motsett retning, bort i frå det kvantitative. Sett på spissen det er no viktigare å «forstå» matematikk enn ha ferdigheiter i rekning. I norskfaget er det blitt viktigare å «reflektere og utforske» enn å skrive og lese. Ja, det er viktig både å forstå og reflektere, men skiftet i vektlegging er likevel påfallande. I ein stadig meir målstyrt skule er det vi måler mindre målbart.

Refleksjon og utforsking

Denne refleksjons-pedagogikken opererer under dekke av å stimulere kritisk tenking og sjølvstendigheit. Difor har dette brei støtte langt utanfor pedagogiske miljø. Skulen skulle likevel prioritere kunnskap og ferdigheiter. Utan dette blir refleksjon og utforsking overflatisk og meiningslaust.

Vi har difor eit sjølvmotseiande system. På den eine sida skal alt målast og vegast i minste detalj, og krav om planlegging og rapportering knekk ryggen på lærarane. På den andre sida ser vi at fag etter fag er stadig mindre oppteken av målbar kunnskap og ferdigheiter.

Vi ser denne dissonansen heilt ned i læringsaktivitetane. Eit oppgåvesett i eit humsam-fag på vgs kan vere fem sider detaljert instruks samtidig som det mest brukte operative verbet er «reflekter». I det ytre er dette som ein jobbinstruks ved samlebandet. På ei side blir eleven leidd i handa for kvart steg i oppgåva, mens eleven på den andre sida blir usikker på kva ein skal «reflektere» over.

Matte og meta

Realfag er eit tema i seg sjølv. I eit føredrag på Holmboesymposiet i 2024 peikar Tom Lindstrøm (matematisk institutt, UiO) på at elevane i skulen ikkje får dei regnetekniske ferdigheitene dei treng. I staden er vekta no i større grad på forståing. Ein er meir oppteken av å forstå algebra enn å løyse likningane. Lindstrøm er kritisk til ei utvikling frå ferdigheiter til abstrakte omgrep og metaperspektiv. Spørsmålet er om «høytflyvende språk og lite konkret kunnskap i dagens læreplaner» kan vere med å forklare nedgangen i realfaga.

Kritikken er relevant også for andre fag. Ser vi på samfunnsfag og humaniora er det påfallande mykje refleksjon og utforsking, også dette fine honnørord, men som likevel er vage og som erstattar kanskje kunnskap og ferdigheiter. I norskfaget er det til dømes mykje snakk om «lesestrategiar», heilt ned i barneskulen, medan stadig fleire ikkje kan lese skikkeleg.

I læringsmåla for engelsk på 10 trinn er dei operative verba: utforske (4), reflektere (4), lese (3) og skrive (1). I fysikk på studspes skal elevane «sette ord på hva de opplever at de får til, og reflektere over egen faglig utvikling». Legg så til at fysikkeksamen er berre muntleg-praktisk. Overgangen til universitetet kan bli brå.

Lære å lære

Å lære å lære er eit av Udir sine sentrale overliggande prinsipp for alle læringsmål. Det er fint. Men også her er det metaperspektivet som gjeld: «Skolen skal bidra til at elevene reflekterer over sin egen læring, forstår sine egne læringsprosesser … Opplæringen skal fremme elevenes motivasjon, holdninger og læringsstrategier… Ved å reflektere over egen og andres læring kan elever litt etter litt utvikle bevissthet om egne læringsprosesser»

Alt dette er riktig i teorien. Det er ein positiv korrelasjon mellom gode skuleresultat og metakognitiv kompetanse. Men vegen til å bli flink å lære for barn og ungdom går ikkje gjennom refleksjon over eiga læring, men gjennom å få gode arbeidsrutinar som til dømes å gjere lekser og å øve seg i å arbeide konsentrert over tid.

Og resultata er…

Pisa-undersøkingane frå 2022 viser eit jamt fallande resultat innan matte, lesing og naturfag. Ikkje minst ser vi kraftig auke i talet på dei som presterer dårlegast. Så mange som 27% av 15-åringane har ikkje grunnleggande leseferdigheiter. I ei klasse på 30 er det dermed 8 elevar som ikkje kan lese skikkeleg.

Noreg var blant dei landa som gjekk mest tilbake denne perioden sjølv om vi ser den same utviklinga i OECD. Resultata for Noreg har aldri vore svakare. Det er søkjarar frå denne elevgruppa som kjem inn portane våre om eit par år.

Strukturutfordringane

Samtidig veit vi at frå 2029 vil talet på 19-åringar falle. Dette skjer i ei tid der vi treng fleire inn i profesjonsutdanningane, og fleire inn i arbeidslivet. UH-sektoren må i dei komande åra grave djupare ned i ein elevmasse som ikkje berre blir mindre, men også stadig svakare i å lese, skrive og rekne, og som manglar gode studierutinar.

Ved universitetet ser vi ei rekke teikn som peikar i same retning. Studentane arbeider mindre. Vi ser meir passivitet i klasserommet. Dei les mindre pensum og dei legg inn færre timar som sjølvstudium. Studiebarometeret viser at studieinnsatsen fell år for år. Resultata for 2024 vil neppe gi grunn til optimisme.

Skjermbruk

Det er naturlegvis ikkje berre skulen si skuld at elevane ikkje er så studieførebudde som dei burde vere. Skjermbruk, smarttelefonen og sosiale media er truleg skuld i mykje. Jonathan Haidt, seinast i boka “The Anxious Mind”, viser korleis smarttelefonen er ei sentral årsak til dårlegare psykisk helse hos unge. Skulen sitt ansvar er at dei i alt for stor grad har ukritisk omfamna digitale læringsressursar.

Mykje av skjermbruken er ei øving i å bli ukonsentrert, samtidig som det stel tid. I staden for at skulen skal vere trendy og «digital» - skulle den bli ei motvekt mot skaden frå dei unge sitt digitale liv.

Kva kan vi i UH-sektoren gjere?

For det første bør UH-sektoren i større grad melde seg på debatten om kva som skjer i skulen. Det er vi som er mottakarane for denne elevgruppa og som ser fruktene. Skulens oppgåve er å kvalifisere dei unge for høgare utdanning. Og vi har viktige perspektiv.

Vi blir tvungne til i større grad å studieførebu studentane våre sjølve. Ikkje minst må dei lære å lære. Dette bør i større grad bakast inn i eit eller fleire av førsteårsemna som eige læringsmål. Det er gjennom læringsaktivitetar og vurdering i faga at ein lærer å lære.

Til sist, vi må bli meir samstemte på tvers av skule og høgare utdanning. Samstemt undervisning er eit velkjend omgrep frå utdanningsvitskapen. Målet vårt er det same: dei unge skal vekse i visdom og kunnskap, bli sjølvstendige samfunnsborgarar og ikkje minst skaffe seg eit arbeid i framtidas arbeidsliv. Vi bør ikkje operere etter ulike filosofiar. Overgangen til universitet må ikkje ha for høg terskel. Det er trass alt same guten og jenta alt handlar om.