Ekspertar i Team må handle om samarbeid - tverrfagleg fokus er ein blindveg
- Det bør satsast meir på kunnskapsgrunnlaget bak samarbeid og team, og mindre på det tverrfaglege luftslottet, skriv gjesteskribenten denne veka.
- Tverrfaglegheit er her ikkje eit mål i seg sjølv, men ein konsekvens av at gruppene er arbeidslivsrelevante eller fagleg sett relevante., skriv Anders Ulstein.Illustrasjonsfoto
Utdanning: Ulstein har en cand.mag. i språk og historie fra HiV og UiB + master i samfunnsvitenskap med hovedvekt på Europeisk politikk og historie fra LSE.
Nåværende jobb: Universitetslektor ved Institutt for IKT og realfag (IE), Campus Ålesund, der han også er nestleder utdanning. Hans undervisningsoppgaver er primært innenfor de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen.
Roller i UH-sektoren: Ulstein var medlem av språkpolitikkutvalget ved NTNU i 2022. Er leder av det nasjonale Fellessekretariatet for de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen.
Faglige interesser: Språk og akademisk skriving som del av ingeniørutdanningen. Språket er mer enn et kommunikasjonsverktøy, det er noe vi tenker med. Hva så når språklig kompetanse svekkes? Har ledet programarbeidet med kvalitetsseminarene ved Campus Ålesund i fire år.
Opptatt av: Hvordan vi verner om akademias overordnede samfunnsoppdrag og bevarer vår uavhengighet i møte med politiske vinder og økonomiske interesser. Uavhengighet forutsetter ytringsfrihet og takhøyde. Hvordan omstiller vi UH-sektoren i møte med de tunge strukturutfordringene landet står overfor, og hva betyr dette for ‘ett NTNU på tre campus’? Dessuten, universitetspedagogikken trenger et kritisk blikk og en ny start. Og: Er dagens studenter tilstrekkelig «studieforberedt»? Hvis ikke, må vi i større grad ‘studieforberede’ vår studenter selv, og hvordan gjør vi det?
Blir Ekspertar
i Team enda meir tverrfagleg, vil emnet bli mindre relevant for både studentane
og masterprogramma dei er del av. Det vil heller ikkje styrkje EiT sitt omdøme.
Det sentrale læringsmålet må vere samarbeidskompetanse.
Panelet som har gjennomført periodisk evaluering av
EiT tilrår at «det tverrfaglige elementet .. styrkes for å fremme studentenes
muligheter til å utvikle samarbeidskompetanse på tvers av alle NTNUs fagfelt».
Rapporten er no på høyring.
Dette er steg i
feil retning. EiT har allereie et tverrfagleg element; det skulle heller bli
tona ned enn opp. Samarbeidskompetanse må vere det dominerande læringsmålet.
Vi treng i tillegg eit EiT som er meir kontekstuelt og samstemt med dei
masterprogramma studentane er i. EiT har potensiale til å gi langt meir synergi
for både studentar og program. Dette betyr at samarbeidet i gruppene bør vere
fagleg relevant eller likne den typen samarbeid som studentane seinare møter i
arbeidslivet. Her finst det eit tverrfaglege aspekt, men ikkje meir.
Arbeidslivsrelevans
Tverrfaglegheit
har sjølvsagt ein viss verdi i seg sjølv. Det er nyttig å møte studentar med
andre tankesett og annan kunnskap. Ein ingeniør vil ha godt av å samarbeide med
ein jurist, økonom eller kanskje også medisinar for å forstå dette. Ein kan lære
noko ved å måtte argumentere for ei sak frå eitt fagfelt til eit anna.
Det er
likevel slik at eit team ikkje treng vere tverrfagleg for å lære seg samarbeid.
Læring om samarbeid kan skje i dei fleste grupper. Er det ei samansett
prosjektgruppe, er det tilstrekkeleg.
Dessutan,
ei arbeidslivsrelevant gruppe med ein dataingeniør, byggingeniør og ein arkitekt,
til dømes, vil allereie ha denne effekten. Det er svært liten ekstra ny verdi i
å inkludere til dømes ein språkstudent i dette teamet. Tvert om er sjansen stor
for at gruppa sitt arbeid blir mindre kontekstuelt og relevant.
Sterkt tverrfaglege
team er ikkje vanleg i arbeidslivet. Det vanlege er team med deltakarar frå
eige og tilgrensande fagfelt eller mellom
arbeidslivsrelevante grupper som til dømes mellom ein prosjektøkonom og produktdesignar,
ein arkitekt og ein byggingeniør, eller mellom ein lektor i realfag og ein
lektor i samfunnsfag. Ein kan også tenkje seg at ei gruppe med
realfagslektorar, matematikarar og ingeniørar kan ha nytte av eit samarbeid av
reint faglege årsaker i studentperioden. Desse gruppene blir meir enn nok
varierte for å øve samarbeid i team.
Tverrfaglegheit
er her ikkje eit mål i seg sjølv, men ein konsekvens av at gruppene er
arbeidslivsrelevante eller fagleg sett relevante.
Når
panelet tilrår ei større satsing som skal gå «på tvers av alle NTNUs fagfelt», er det difor neppe basert på kva studentane,
studieprogramma eller arbeidslivet treng. Det er også lite som tyder på at ein slik
sterk ambisjon er kunnskapsbasert.
Matnyttig
Studentane
ønskjer at kvart emne er matnyttig. Emnet må difor vere så kontekstuelt og
fagleg sett nyttig som mogleg. Dette vil kunne gje EiT eit betre omdøme.
Ein må
hugse at halvparten av EiT handlar om å utvikle eit prosjekt saman. Frå dette
skal dei skriv ein rapport. Her investerer studentane mykje tid og krefter. Ein
ingeniørstudent spurde meg nyleg om kven som skal rette prosjektrapporten,
medan han så litt skrått på landsbyleiaren som er samfunnsvitar. Spørsmålet er
godt.
Eg har
vore så heldig å få faglærarar frå dei aktuelle masterprogramma til å kome
innom og rettleie gruppene i spørsmål som forretningsdrift, teknologi og
industriell produksjon. Nokre av dei same vil hjelpe meg lese over
prosjektrapportane, pro bono. Det er truleg andre landsbyar som får til
noko liknande. Dette er å ta studentane meir på alvor.
Samarbeidskompetanse
i fokus
Spør ein
arbeidslivet kva dei ønskjer frå våre kandidatar, er det samarbeidskompetanse
som gjeld, ofte i kombinasjon med ferdigheiter i kommunikasjon. Dette er del av
dei såkalla 21st century skills som dei ofte er kalla. Tverrfaglegheit
er her eit underordna aspekt.
Samarbeidskompetanse er eit veletablert tema innanfor
domenet prosjekt- og teamarbeid. Kunnskapstilfanget er stort og tematikken er
meir aktuell enn på lenge.
I eit team
går samarbeidet på tvers av mange område, slik som erfaring, fagleg bakgrunn,
alder, kultur, språk, kjønn, personlegdom og karakter, interesser, verdiar, motivasjon
m.m. Det tverrfaglege aspektet er eitt av mange.
Samarbeidskompetanse
er dessutan like viktig og krevjande i ei gruppe innan same eller tilsvarande
fag som mellom ulike fag. Utfordringane handlar om gruppedynamikk, personlegdom,
rolleforståing, tillit, kultur, kommunikasjon, gjensidig avhengigheit, ansvar
osv.
Vegen til
samarbeidskompetanse går difor i svært liten grad via tverrfaglegheit slik
panelet ser ut til å meine. Her er panelet på villspor.
Samarbeidsteori
I dag har
EiT eit alt for svakt teoretisk fundament innan samarbeidskompetanse. Her må EiT
bli sterkare. Studentene skal gjennom arbeid og innleveringar bruke teori, men
denne teorien blir det ikkje undervist i. Kva anna emne på NTNU er lagt opp
slik?
Det finst
eit pensum i EiT som dekker teamarbeid, men studentane må tileigne seg dette sjølv.
For dei fleste er dette fagstoffet framandt. Det finst rett nok nokre få enkle øvingar
i EiT sitt undervisningsmateriell som har eit teoretisk fundament. Døme på
dette er Joharis vindauge og SPGR-modellen om samspel i grupper. Det er bra,
men alt for lite.
Den
enkelte landsbyleiar står fritt til å undervise i noko av dette, men dei fleste
vil ikkje ha nødvendig kompetanse eller tid (og interesse?) til å sette seg inn
i eit ganske omfattande fagfelt. Likevel ber vi studentane skrive ein rapport
frå samarbeidet med bruk av teori. Dette er utilfredsstillande.
Eg trur
dette kan forklarast med at erfaringslæring har fått ein for dominerande plass
i EiT. Men erfaringslæring kan ikkje stå aleine. Det må stå i ein kontekst av
teori, analyse og drøfting. Viss ikkje blir EiT berre ei stor refleksjonsøving.
Metodikken
dominerer
I EiT skal
læring skje gjennom refleksjonsskriving, erfaringslæring og
gruppefasilitering. Metodikken er i seg sjølv god, men det må finnast eit teoretisk
fundament i botn dersom refleksjon og erfaringslæring skal gi meir enn berre overflatiske
resultat. Litt kunnskap er ikkje så dumt det heller. Vi er trass alt på
masternivå.
Det er for
lite vekt på det som er standard akademisk metode, nemleg analyse og drøfting
basert på både teori og erfaring. EiT har sett vogna føre hesten, og hesten har
blitt ein puddel.
Studentane
si læring i dette emnet er difor ikkje godt fagleg og teoretisk forankra -
verken i prosjektdelen eller samarbeidsdelen: Prosjektdelen er ikkje knytt til
masterprogramma og det blir ikkje undervist i samarbeidsdelen.
Eit
paradoks ved EIT er at ein tilbyr studentane eit emne som skal handle om samarbeid
samtidig som det er lausrive masterprogrammet det er del av. Dette trur eg med
på å svekke EiTs omdøme i fagmiljøa. EiT tek verdifull plass og er isolert frå
programmet og fagmiljøet.
Studentane
bør kunne delta i landsbyar der dei i større grad kan ta i bruk kunnskap frå
emne i sitt eige masterprogram. Dersom EiT-prosjektet i større grad blir ein øvingsarena
for emne i eige masterprogram, vil det gi EiT ein meirverdi for både studentane
og fagmiljøa i studieprogramma. Det vil styrke relevans og omdøme.
Panelet, i
sin rapport, tilrår at ein undersøker «omdømmesituasjonen» vidare. Det tyder på
at dei ikkje forstår kva årsakene til omdømmeproblema er.
Dersom studentane
deltar i landsbyar med stor grad av tverrfaglegheit, blir det vanskelegare å
bli meir samstemt med masterprogramma. «Eit sterkare tverrfagleg element» slik
panelet ønskjer, vil difor ikkje gå saman med meir samstemte program.
EiT går i
det nest siste året for studentane. Dei har mykje programkunnskap og dei står
framfor eit år med oppgåveskriving. Gjer vi EiT meir samstemt med programma vil
vi få synergiar også der. EiT kan bli ei nyttig erfaring med eit større prosjekt
og eit omfattande skriftleg rapportarbeid og slik løfte kvaliteten på
masteroppgåvene året etter.
EiT
som lab
EiT kunne
vere ein lab for det studentane lærer i andre emne. Her kunne ein samle ei fag-
og arbeidslivsrelevant gruppe til å samarbeide. Dei kan arbeide med problemstillingar
som øver studentane i fagstoff dei allereie har i programmet, samtidig som det
utfordrar dei i samarbeid på tvers av fag i eit relativt arbeidslivsrelevant
prosjekt.
Oppsummert
Det bør
difor satsast meir på kunnskapsgrunnlaget bak samarbeid og team, og mindre på
det tverrfaglege luftslottet. Landsbyane må få utforme seg meir i tråd med kva
arbeidslivet treng, og vere meir samstemt med masterprogramma.
Det bør
utviklast eit større undervisningsopplegg for teoridelen av EiT om
samarbeidskompetanse i team. Dette kan skje gjennom digitale resursar eller fysiske
førelesningar på campusane for alle landsbyane, eller ein kombinasjon av dei to.
Det kan vere nokre få oversiktsførelesningar, eller ein serie korte påfyll.
Ein sterkare
teoretisk basis vil gjere at studentane får langt meir ut av den erfaringsbaserte
delen i gruppene.
For å
skape meir arbeidslivsrelevante landsbyar, trengs det ein litt anna organisasjonsmodell. Landsbyleiarane kan til dømes lage eit landsbytema som er
relevant både med tanke på fag og arbeidsliv, og rette landsbyen mot dei
studentgruppene som er aktuelle, og sørge for at det er synergi med dei aktuelle
masterprogramma.
SDei
fleste landsbyleiarar trur eg vil bli motivert av dette. I mange tilfelle vil
dette også innebere et samarbeid på tvers av institutt og fakultet.
Dette vil
gjere emnet meir kontekstuelt og samstemt og slik meir i tråd med dei krava vi
må stille til framtidas studium.