Stenseth trur det er viktig å få slått fast kvifor ikkje-norske forskarar brukar meir tid på forsking og publiserer meir enn dei norske.
– Det kan vera nyttig å finna det ut, slik at me eventuelt kan dela forskarane inn i A- og B-lag, slik det blir gjort i idretten, seier han til Uniforum.
Ikkje-norske forskarar både forskar meir og formidlar meir enn norske forskarar. Det var eitt av funna i Tidsbruksundersøkinga Nordisk institutt for studiar av forsking, utdanning og innovasjon (NIFU) la fram i november. Undersøkinga som også er omtalt i Khrono før helga, viser at ikkje-norske professorar arbeider 51 timar i veka, medan norske professorar arbeider 49 timar i veka. Det er i denne stillingskategorien det blir jobba mest både blant dei ikkje-norske og dei norske forskarane.
Når det gjeld forholdet mellom ikkje-norske og norske professorar viser tala også at dei ikkje-norske jobbar meir enn dei norske ikkje berre innanfor humaniora, kunstfag, medisin og helsefag, men også i samfunnsvitskap. Også blant førsteamanuensane arbeider dei ikkje-norske meir innanfor alle fagområde unntatt matematikk og naturvitskap, men skilnadene er mindre enn for professorane.
Også ikkje-norske stipendiatar jobbar meir enn norske
Samtidig syner undersøkinga at dei ikkje-norske stipendiatane jobbar meir enn dei norske innanfor alle fagområde med unntak av humaniora og kunstfag. Akkurat på det området gir dei norske opp at dei jobbar 3 timar meir i veka enn dei ikkje-norske. Dei ikkje-norske stipendiatane jobbar aller mest i samfunnsvitskap med 46,6 timar i veka. Innanfor teknologi er skilnaden mellom stipendiatane minst, der arbeider dei norske ein time mindre i veka. Når det gjeld postdoktorar og forskarar arbeider dei norske like mykje eller meir i veka enn dei ikkje-norske innanfor alle fagområde med samfunnsvitskap som eit unntak. Her jobbar dei ikkje-norske 46 timar i veka, noko som utgjer 3 timar meir i veka enn det dei norske jobbar.
Det er høgast del professorar med innvandrarbakgrunn innanfor teknologi med 37 prosent, medan humaniora, kunstfag og matematikk fylgjer like etter med 33 prosent. På medisin og helsefag utgjer dei 22 prosent, medan dei utgjer 19 prosent på samfunnsvitskap som dermed har færrast professorar med innvandrarbakgrunn.
Generelt sett arbeider dei vitskapleg tilsette ved lærestadene langt meir enn ei normalarbeidstid på 37,5 timar, og gir opp ei gjennomsnittleg arbeidsveke på 46 timar. Professorane jobbar aller mest med ei gjennomsnittleg arbeidstid på 49 timar i veka, medan stipendiatane ligg på arbeidsveker på 44 timar. Dei ikkje-norske forskarane brukar litt meir tid på publisering, medan dei norske brukar meir tid på undervisning. Det er også blant funna Nifu-forskarane Kaja Wendt og Maja Vebbe har gjort.
– Må forskast vidare
Ein som med stor interesse har bete seg merke i desse tala er biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved Universitetet i Oslo. Men han synest det er viktig at det blir forska vidare på dette.
– Det må forskast vidare på kvifor me ser desse skilnadene i arbeidstid mellom ikkje-norske og norske forskarar.
Stenseth har sjølv inga bestemt oppfatning av kva som er grunnen.
– Det kan vera at dei er i ein annan familiesituasjon enn dei norske. Det gjeld openbert ikkje alle, for det er mange utlendingar som har ein normal familiesituasjon. Det kan også handla om synet på det å vera forskar. Eg noterer med interesse at nokre av dei som svarte sa at forsking er hardt arbeid og at dei ikkje reknar å sjå dette som ein ni til fire-jobb. I stor grad trur eg det har noko å gjera med familiesituasjonen.
– Endå høgare ambisjonar
Biologiprofessoren trur også ein annan faktor kan spela inn.
– Det kan ha noko å gjera med ambisjonsnivået, gir han opp. Undersøkinga viser at blant dei ikkje-norske forskarane er det kvinnene som arbeider aller mest. Men Stenseth vil ikkje spekulera i kva grunnen til det kan vera.
– Det veit eg rett og slett ikkje, men det må me finna ut. Det som er openbert er at det er mange norske menn og kvinner innanfor akademia som har høge ambisjonar, men det kan vera at det er endå fleire utlendingar som har endå høgare ambisjonar, peikar Stenseht på.
– Veldig alvorleg
Håpet hans er at tidsbruksundersøkinga ikkje stoppar der, men at forskarane held fram med å finna ut kvifor det er slik.
– Eg trur det ville ha vore fint om NIFU kunne ha gjort ei undersøking der dei går inn og prøver å finna ut kvifor. Det kan vera at dei allereie har den informasjonen, poengterer han.
Stenseth håpar ikkje grunnen er ulike haldningar til forsking.
– Ja, om årsaka er ulikt ambisjonsnivå mellom ikkje-norske og norske forskarar, så er det veldig alvorleg. For Universitetet i Oslo og universiteta i Noreg har jo heile tida ambisjonar om å vera i verdstoppen. Då er det viktig at me som er på golvet fylgjer opp det, meiner han. Og i den konkurransen er det ikkje berre nordmenn som deltar. –Då konkurrerer me med den internasjonale forskingsverda, for å bruka eit slikt ord. Det er hardt for det første fordi det er veldig mange der ute, og for det andre fordi det er mange flinke der ute som me konkurrerer med, understrekar han.
For Stenseth var funna i tidsbruksundersøkinga uventa.
– Eg blei litt overraska faktisk. Det stadfestar noko me har hatt ei anekdotisk kjensle av, noko prorektor Åse Gornitzka også kjem inn på i Khrono.
– Du har jo leia SFF-senteret CEES med både norske og ikkje-norske forskarar. Er inntrykket ditt at dei ikkje-norske arbeider meir?
– Det er eigentleg eit skeivt bilete forskargruppa vår på CEES gir av dette. Me har svære ambisjonar med CEES, og derfor tiltrekkjer me oss folk med høge ambisjonar. Det er mange som vil til oss, og det er ein søknadsprosess med siling der. Eg trur alle SFF-ane ber preg av at dei som er der er svært ambisiøse nettopp på grunn av søknadsprosessen og folk som kjem dit, slår han fast i eit intervju med Uniforum.
– Bør vurdera å dela inn forskarane i A- og B-lag
No trur han det er viktig å få slått fast kvifor ikkje-norske forskarar vil bruka meir tid på forskinga enn dei norske.
– Om det er slik at det er ulike ambisjonsnivå, bør me eventuelt vurdera å dela forskarane inn i A-og B-lag. Eg veit at det er uhøyrt å seia noko slikt, men det blir gjort innanfor idretten, nokon kjem med i OL-troppen, andre ikkje, og så blir dei veldig skuffa, nokre av dei gir opp, medan andre står på og så kjem dei kanskje med i neste omgang. Kvifor skulle me ikkje gjera det same i forskinga? spør han.
– Og kor mykje arbeidstid reknar du med at du brukar på forskinga di, Stenseth?
– Det å vera internasjonal toppforskar krev hardt arbeid og lange arbeidsdagar - for mitt vedkomande er 12-timars arbeidsdag eller lenger ikkje uvanleg - sju dagar i veka året gjennom, seier han til Uniforum.