Ytring

Med periferien i sentrum!

- Praksisskolar knytta til lærarutdanningane vil lage møteplassar som vil gjere distriktsskolen til eit Soria Moria som lyser av engasjement og kunnskapsglede, skriv Arna Meisfjord.

Arna Meisfjord, tidligere rektor ved Høgskolen i Nesna.
Publisert

I Hurdalsplattforma står det mellom anna i omtalen av vidareføring av høgare utdanning og forsking på Nesna: «Vidare vil regjeringa leggje til rette for at utdanningsinstitusjonen på Nesna kan bli eit senter for desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking.» Statsråd Ola Borten Moe har signalisert omtale i ein Kongeleg resolusjon.

Ei formalisering av eit nasjonalt senter innafor feltet «desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking», vil vere ei utdanningspolitisk nyvinning, og det er naturleg at ei slik etablering nettopp blir lagt til Nesna. I Linda Haukland si bok «Lærerutdanninga på Nesna, 1918-2018», synleggjer ho klårt korleis desentralisert og distriktsretta utdanning har vore ein sentral del av kunnskapsutviklinga ved institusjonen.

Lærarutdanninga på Nesna sitt viktigaste bidrag til det nasjonale utdanningslandskapet, er særskilt knytta til distriktsperspektivet, seier Haukland. Institusjonen sette fokus på aldersblanding i skolen, gjennom praksisplassar, pedagogisk utviklingsarbeid og doktorgradsstudiar. Helleland viser til at utfordringane med å rekruttere lærarar til distriktskommunar, var den avgjerande grunngjevinga for å etablere ein lærarutdanningsinstitusjon på Nesna i 1918, og det er den same grunngjevinga som er viktig i dag, seier ho:

«Det synliggjør at behovet for en lærerutdanning som fokuserer på skoleverket i distriktene, fortsatt er til stede.» (Haukland, s. 170)

Rapporten Framtidens distriktsskole, foreslår og ei slik etablering av eit nasjonalt senter på Nesna. Det vil ha stor nasjonal betydning at ein institusjon i distriktet får eit slikt øremerka ansvar, der distriktsperspektivet kan gjennomsyre undervisninga, FOU-verksemda og samfunnsansvaret.

Lærarutdanningane som drivkraft

Framtidens distriktsskole lanserer ein modell for forskings- og utviklingsarbeid (FOU), som kan bli ei sentral oppgåve for dette senteret. Lærarutdanningane har eit stort potensiale til å vere ei drivkraft i skole- og lokalsamfunnsutvikling. I samband med lærarutdanningane blir det engasjert praksislærarar i kommunane. Gjennom praksislærarar blir kommunane knytta til ein FOU-institusjon og slik kan skolen og kommunen inngå i eit forpliktande samarbeid for å forbetre, fornye og vidareutvikle skolen, lokalsamfunnet og velferdsstaten.

Systemet med praksislærarar kan gjennom ein slik FOU-modell, utviklast til eit systematisk arbeid for forskings- og utviklingsarbeid som kan bli ei viktig drivkraft til å gjere distriktsskolen til ein verkstad for kunnskapsutvikling. Ei viktig målsetting med å etablere dette nasjonale senteret, må bli å sikre at lærarstudentane får allsidig praksis i kommunane på Helgeland og gjere dette til ein pilot med nasjonal relevans. Praksisskolar knytta til lærarutdanningane vil lage møteplassar mellom elevane, studentane i lærarutdanninga, praksislærarane og fagpersonalet i lærarutdanningane. Til saman blir dette ei blanding som vil gjere distriktsskolen til eit Soria Moria som lyser av engasjement og kunnskapsglede. Og som Bjørg Stemland seier det: «Alt henger sammen med alt! Men midt i alt er skolen sakens kjerne!» (Framtidens distriktsskole, s. 6)

Lågare fråfall

Framtidens distriktsskole peikar på ei rekke fagområde som det vil vere viktig for eit slikt nasjonalt senter å jobbe vidare med. Samarbeid med næringsliv og lokalsamfunn legg eit viktig grunnlag for det utvida klasserommet og opnar opp for entreprenørskap og ulike læringsformer for elevane. Her har vi på Helgeland viktige erfaringar frå Lovundmodellen, der «barnearbeid» er bygd inn i skolekvardagen gjennom at elevane får jobb i samarbeid med lokalt næringsliv når dei startar på ungdomsskolen. Gleda og stoltheita over å vere til nytte og gjere ein meiningsfull innsats, er førebygging av fråfall i vidaregåande skole. Ei undersøking mellom ungdom frå Lovund, viser at det er langt lågare fråfall i vidaregånde skole frå desse ungdomane, enn det nasjonale gjennomsnittet. (Framtidens distriktsskole, s. 22)

Distrikta har ein vesentleg rolle i utvikling av framtida for Noreg og den gode distriktsskolen er ei kjerne og ei drivkraft i lokalsamfunna. Eit nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking, vil kunne synleggjere og dokumentere det potensialet som ligg i aldersblandig og smådriftsfordelar, i nærkontakt med natur og lokalsamfunn, i entreprenørskap og digitalisering og gjere denne kunnskapen tilgjengeleg nasjonalt. Dette senteret må ha ansvar for utdanning, for forsking og for formidling av denne kunnskapen til praksis- og forvaltingsfeltet, på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Slik kan vi få desentralisering med periferien i sentrum!

På høg tid

Det er på høg tid at vi i Noreg får på plass eit slikt nasjonalt senter når det gjeld utdanning og forsking i eit distriktsperspektiv. Til samanlikning har vi eit Nasjonalt senter for distriktsmedisin. (NSDM) Dette vart oppretta i 1999. På heimesida til dette senteret kan vi lese om ein nyleg framlagt rapport som viser at legar som under si utdanning har fått kunnskap og kjennskap til utfordringane i distrikt, i større grad viser vilje til å søke seg jobb i distrikt, enn dei som ikkje har fått slik kunnskap. Dette gjeld både nasjonalt og internasjonalt. (Tidsskriftet for Den norske legeforening, 15.01.2022) Utfordringane med å tilby likeverdige velferdstiltak i by og distrikt, er ikkje eit særnorsk fenomen. Det nasjonale senteret for utdanning og forsking som skal etablerast på Nesna, vil derfor kunne inngå i fagleg samarbeid både nasjonalt og internasjonalt. No er det viktig å kome i gang med arbeidet og regionråda på Helgeland må kjenne si besøkelsestid for å vere med i dialogen for å sette utfordringane i praksisfeltet på dagsorden, både når det gjeld innhald i utdanningane og forskingsaktiviteten.