Får bier og blomar plass på NTNU?

NTNUs gartnarar klipper plen på 17 tusen kvm. - Det er bestandig folk som klager, enten på at vi klipper for lite eller for at vi klipper for mykje

Kløveflekkar får stå urørt på dei fleste av NTNUs plenar.
Publisert

Det er 11 gartnarar og anleggsgartnarar tilsett i landskapsavdeling. Dei forvaltar eit areal på kring 17 ooo kvm. NTNU har eit like stor uteareal som inneareal, med grøne områder spreidd utover byen. 

Med stort uteareal kjem stort ansvar. Det har vore ytra bekymring kring for mykje klipping på campus, då det kan ha konsekvensar for insekter.

Vi møter gartnaren Anita Johansen, som er fagleder for landskapsavdelinga, ved staudebeddet på baksida av hovudbygningen. Vi vil spørje henne om grasklippinga på campus.

Anita Johansen viser oss eit av NTNU sine stuadebedd. Ho meiner det burde vere flerie av desse.

- Vi ser jo sjølv at det har skjedd store endringar i insektbestanden, og veit at insekta har ei utruleg viktig rolle. Sjølv dei gartnarane som synes det er penast å klippe alt kort skjønar at vi må gjere ei innsats for at insekta får den maten dei treng, fortel Johansen.

Ho fortel at standaren før var å helde alt kort heile tida, men at det er skjedd ei stor endring innan gartnarfeltet. No kan ein ta egne utdanningar i bevaring og biomangfald.

- Vi har som hovudregel at vi ikkje klipper blomar i bløme, og tilpassar med det klippinga til artane som veks der. Blant anna mykje kløver får stå i uklyppa flekkar. Det er mykje ekstra arbeid å klippe nøysamt på denne måta, men det er viktig å gjere.

Når vi kikker på plenen finn vi fleire humler og bier.

Klipper så lite som mogleg

Johansen fortel at det er blitt eit stort fokus på å begrense klipping.

- I hovudsak klipper vi i midten av juni og midten av august. Vi prøver å la det stå så lenge som mogleg. På Hesthagen blir graset berre klippa to gonger i året, og blir då så høgt at vi må bruke spesialmaskin for å klippe det. 

Men kvifor vel ein å klippe i det heile tatt?

- Det hadde jo ikkje sett noko pent ut. I tillegg er det fordelar med å klippe og. Graset som veks høgt hadde nok tatt over, og den lavtveksande kløveren hadde ikkje fått plass. Når vi klipper visne blomar vil også frøa spreie seg og nye blomar får moglegheit til å vekse fram. Å klippe stimulerer til meir vekst.

Kamilla Østerberg
Somme områder får gro lengre enn andre. Flekken mellom hovudbygningen og sit-gløs får vekse høgt og har mange blomar.

Det har tidlegare vore ytra kritikk mot at det er for mykje grasklipping på Dragvoll. Johansen meiner det er god grunn for at akkurat Dragvoll klippast så mykje. 

- På Dragvoll er det ikkje så mykje blomar, truleg fordi det er for feit og næringsrik jord der. Det har vore dyrka jord der før, og då trivast ikkje dei ville engblomane der. Men mange andre stader er det mykje blomar.

- Det er bestandig folk som klager, enten på at vi klipper for lite eller for at vi klipper for mykje, seier Johansen.

Bioklipp og begrensa bruk av robot

- På NTNU bruker vi bioklipp. Det betyr at graset klippast i veldig små bitar og latast ligge. Slik går det raskt tilbake til naturen og blir ei naturlig for gjødsling. Også robotklipparane er bioklipp.

- Vi bruker kun robotklipparen på veldig spesifikke stader, då den ikkje klarar å ta hensyn til blomane. Frimerket til dømes er verna plen, og brukast mykje til arrangementer, då må me rett og slett helde graset lågt.

NTNU skal sjå stellt og presentabel ut, men insektas behov skal også møtast.

Nye prosjekter

- Det var eit prosjekt i vår saman med biologar frå NTNU om å sette opp 40 fuglekassar, fleire av dei er allereie blitt heimar for fuglar og humlebol no. 

Det skal også etablerast ei ny blomstereng ved Lerchendal gård. Johansen fortel at det er mykje jobb å planlegge, lage og vedlikehalde ei eng.

- Ein kan ikkje berre kaste ut litt frø. Slike prosjekter er også vanskelege å planlegge for då det byggast ut mykje på NTNU sine areal.

Sommarblomane er både pynt og insektmat.

Universitetets gartnarar får også nytte av forskinga på NTNU når dei skal velge kva artar dei plantar.

- Sist år var det eit prosjekt med insektstelling på campus. Vi fann at det var fleire insekter der det var stauder enn sommarblomar, så vi ønsker fleire av desse. 

Johansen sine egne favorittar er stauden Kattemynte og sommarblomen Dhalia.

Følg UA på Facebook og Instagram.