Torsdag mista dei kontakten med familie og venner 

Studentar og tilsette ved NTNU demonstrerte mot angrepa på studentar i Bangladesh. - Me veit ikkje om det går bra med venna våre.

"Students under attack", "stop police brutality", "peaceful protest is a civil right".
Publisert

- Studentane var fredelege, og no blir dei drepne. Dei ønskjer berre grunnleggande menneskerettar, seier ei av demonstrantane.

I Bangladesh har det dei siste vekene opptsått store samanstøyt mellom studentar og politi. Studentane protesterte mellom anna mot at 30 prosent av alle offentlege stillingar er kvotegitt familiemedlemmar av soldatar i uavhengigheitskrigen mot Pakistan i 1971. Arbeidsløysa i landet er høg, blant unge under 24 år er den på over 40 prosent. 

På søndag var det vedteke at kvoteordninga for offentlege arbeidsplassar blir endra. Talet på kvoterte arbeidsplassar går frå 44 prosent til 7 prosent. Og måndag er gatene rolige igjen. Portforbud og stengt internett vart innført under protestane, desse tiltaka vedvarer foreløbig. Totalt 139 skal vere drepne under protestane, og mange fleire skadde.

Media og nettet stengt i Bangladesh, så vi står her for dei.

Fredag demonstrerte ei gruppe utanfor NTNUs hovudbygning. Gruppa bestod i hovudsak av bengalske studentar og tilsette ved NTNU. Då internett og telefonlinjene vart stengde på torsdag, miste dei kontakten med familie og vener.

- Me veit ikkje kva som skjer, om det går bra med venna våre. Det er heilt vanlege studentar som er blitt drepne. Det har vore fredelige demonstrasjonar, og likevel vart 7 studentar drepne allereie fyste dagen, sa Rizvi Ahmmed.

Rizvi Ahmmed er redd for korleis framtida i Bangladesh vil sjå ut.

Ahmmed fortel at dei støtter staten sine kvoter for minoriteter og funksjonsnedsette, og at krigsveteranane som deltok i kampen om fridom for Bangladesh skal få fordeler. Men ikkje at barnebarna til krigsvetaraner skal få tildelt 30% av alle offentlege jobbar når det er så stor arbeidsløyse.

- Meininga med markeringa er å skape merksemd om det som skjer, vise at me ikkje aksepterer det som skjer no og stå i solidaritet med våre medstudentar. Medier og internett er stengt i Bangladesh, så vi står her for dei. Det skjer demonstrasjonar over heile verda no, sa Ahmmed.

Stor risiko ved å ytre seg

Rizvi Ahmmed er tilsett ved NTNU. Han er villig til å stå ope fram med namn, i motsetting til dei fleste andre deltakarane i markeringa. Dei er redde for at kritiske utsegn i media vil få konsekvensar for familiene i Bangladesh, og for deira eigen tryggleik og arbeidsmoglegheiter når dei dreg tilbake etter endt studium eller arbeid i Noreg.

- Familien min risikerer å miste jobben eller å bli bortført, seier ei anonym deltakar.

Valdelege samanstøyt skal i hovudsak ha skjedd i hovudstaden Dhaka, men også andre byar. Studentar skal ha vore væpna med stokk og stein, medan tryggingsstyrkar skal ha brukt tåregass og skyt med skarpt. Fredag skal studentdemonstrantane ha storma eit fengsel og frigjorde dei innsatte før dei sette fyr på Hovudkvarteret til landets kringkastar i Dhaka. 

Demonstrantane utanfor NTNU var tydlege på at dei støtte ikkje-valdeleg protest.

Følg UA på Facebook og Instagram.