Det vil vera land som er interesserte å henta inn teknologi og annan kunnskap frå universitet og forskingsinstitusjonar. Det stadfestar PST-sjef Beate Gangås. I dag la etterretningstenestene fram trugsmålvurderingane for 2025.
MINDRE TILGANG: – Institusjonane må bli meir merksame. Dei må verdivurdera informasjonen sin og kanskje ha litt mindre tilbang på det mest sensitive ein har av informasjon og kunnskap, er rådet frå PST-sjef Beate Gangås.Foto: Ola Gamst Sæther
Både den nye forsvarsministeren Tore O. Sandvik (Ap) og den nye justisministeren Astri Aas-Hansen (Ap) var på plass då sjefane for Etterretningstenesta, PST og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit la fram kvar si vurdering av trugsmåla mot Noreg i 2025.
Begge trekte fram Russlands invasjon av Ukraina som det største trugsmålet i Europa.
– Om den blir avslutta på Russlands premiss, er ikkje det bra, sa Sandvik. Han peika også på at Russland vil forsøka å svekka samhaldet i Vesten.
– Russland vil forsøka å avgrensa vestleg våpenstøtte til Ukraina. Operative militæraksjonar mot Ukraina skjer frå basar i våre nærområde, trekte han fram.
– Ei farlegare og meir uføreseieleg verd
Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) la også vekt på Russlands krig i Ukraina.
– I Noreg lever me alle i ei farlegare og meir uføreseieleg verd. Det er ein alvorleg tryggingssituasjon i Europa på grunn av Ukraina-krigen og stormaktsrivaliseringa i Midtausten. Det er viktig å fylgja med på saboteringsverksemd og moglege oppkjøp, sa justisministeren.
LA FRAM VURDERINGAR AV TRUGSMÅL: I dag hadde Etterretningsteneste, PST og NSM sin årlege pressekonferanse der dei legg fram kva somdei vurderer er dei største trugsmåla mot Noreg. F.v. Sjef for Etterretningstenesta, Nils Andreas Stensønes, PST-sjef Beate Gangås og NSM-direktør Arne Christian Haugstøyl.Foto: Ola Gamst Sæther
Både forsvarsminister Tore O. Sandvik og justisminister Astri Aas-Hansen tok imot trugsmålsvurderingane frå sjef for Etterretningstenesta, Nils Andreas Stensønes, PST-sjef Beate Gangås og NSM-direktør Arne Christian Haugstøyl etter at dei tre hadde kome med kvar sine skildringar av tryggingssituasjonen i Noreg.
Forskinsinstitusjonar er mål
I rapporten frå PST-sjef Beate Gangås går det også fram at både universitet, forskingsinstitusjonar og kunnskapsbedrifter er mål for etterretningstenester frå både Russland, Kina og Iran. Det gjeld både akademiske institusjonar og bedrifter som utviklar eller produserer teknologi som er ettertrakta av både Russland, Iran og Kina, går det fram av rapporten Nasjonal trusselvurdering 2025 frå PST.
I 2022 blei det avslørt at ein brasiliansk gjesteforskar ved Universitetet i Tromsø eigentleg var ein russisk etterretningsagent. Han blei arrestert og fengsla og blei sendt tilbake til Russland i ei fangeutveksling mellom Russland og Vesten i fjor haust.
– Det kan vera informasjon om teknologi
Fakta
Døme på teknologiområde som er utsette for trugsmål er:
Bioteknologi
Materialteknologi og mettallurgi
Kjernefysikk
Kryptografi
Kvanteteknologi
Nanoteknologi
Romfart og framdriftsteknologi
Sensorteknologi
Navigasjonsteknologi
Robotikk og autonomi
Mikroelektroniske system
Kjelde: Nasjonal trusselvurdering 2025, PST
I eit intervju Uniforum gjorde med PST-sjefen rett etter pressekonferansen, utdjupar ho kva dei utanlandske etterretningstenestene er mest interesserte i i akademia.
– Det vil vera land som er interesserte i å ha folk ved ulike akademiske institusjonar, forskingsinstitusjonar og universitet for å få tak i informasjon. Det kan vera informasjon om teknologi, det kan vera kunnskap dei ynskjer å overføra av andre grunnar for å byggja opp sin militære kapasitet eller andre ting. Og det kan rett og slett vera konkurranse i høve til teknologi, seier Beate Gangås.
– Å vera open har ein stor førebyggande effekt
Sjølv synest ho dømet frå Universitetet i Tromsø viser at den norske etterretninga fungerer.
– Den reaktive haldninga me har når det gjeld det å straffeforfylgja, det å etterforska, det å vera open om dette har ein stor førebyggande effekt. Medvitet om dette aukar i akademia når me viser korleis framande stater opererer, fortel ho.
– Det har nyleg blitt etablert eit Direktorat for eksportkontroll og sanksjonar. Vil det vera til hjelp for institusjonane for å kunna avsløra slike ting?
– Ja, det er eit viktig grep og ei forsterking av innsatsen av slike typar ting, svarar ho.
– Dei må verdivurdera informasjonen sin
Beate Gangås meiner det også er viktig at institusjonane sjølve set i verk førebyggjande tiltak.
– Dei må tenkja gjennom kven som skal ha tilgang på kva informasjon. Dei må verdivurdera informasjonen sin og kanskje ha litt mindre tilgang på det mest sensitive ein har av informasjon og kunnskap. Å bruka gode råd frå NSM (Nasjonal sikkerheitsmyndigheit) er lurt. Og dei må vera merksame på innsideproblematikk også, peikar ho på.
Beate Gangås har registrert at institusjonane no er blitt flinkare til å søkja råd hos PST.
– Eg merkar at etterspurnaden etter vurderingane våre og viljen til å gjera grep er aukande, og det er veldig positivt, synest ho.
«Særlig interesse fra Kina og Iran»
I Nasjonal trusselvurdering 2025 går det fram at statar som Noreg ikkje har eit sikkerheitssamarbeid med, vil tileigna seg sensitiv kunnskap frå norske forskingsinstitusjonar og kunnskapsbedrifter i 2025. Det blir peika på «særlig interesse fra Kina og Iran».
PST trur interessa frå både desse landa og andre land som det er knytt uro til, vil halda fram i år. Det blir vist til at norske forskingsinstitusjonar og kunnskapsbedrifter har kompetanse og produserer teknologi på eit høgt internasjonalt nivå. Den kunnskapen kan brukast til å utvikla teknologi eller komponentar til militære formål, står det i vurderinga.
I PST-rapporten vert forskingsinstitusjonar også varsla om at statlege aktørar vil prøva å få tilgang til rom dei tilsette nyttar, både laboratorium og instrument og vitskap eller nettverk.
I det siste avsnittet er det framheva at desse landa også vil bruka forskingssamarbeid, internasjonale konferansar og andre møtearenaer for å sikra seg tilgang til sensitiv teknologi eller skjermingsverdig informasjon.
– Kreml vil sjå på ein fredsavtale med Ukraina som ein pause
Sjefen for Ettererretingstenesta viseadmiral Nils Andreas Stensønes konstaterte på pressekonferansen at sidan i fjor har verda blitt farlegare.
– Russland fører ein endå meir agressiv utanrikspolitikk. Kreml vil sjå på ein fredsavtale med Ukraina som ein pause, og vil byggja opp igjen forsvaret sitt. Landet vil gå vidare med konflikten mot Vesten. Situasjonen skapar ustabilitet i heile Europa, også i Noreg, slo han fast.
Han viste til at Russland truleg stod bak 40 sabotasjeaksjonar i Europa i fjor, men når det gjaldt kabelbrota i Austersjøen tidlegare i år og i fjor haust, understreka han at det ikkje finst bevis for at Russland stod bak.
– Russland har våpensystem som kan øydeleggja vestlege kablar og infrastruktur under vatn, peika han på, samtidig som han viste til at både Georgia, Moldova og Romania hadde rapportert om russisk innblanding i val.
RUSSLAND; IRAN OG KINA: Det var etterretningsverksemda til Russland, Kina og Iran som er mest aktiv i Noreg, konstaterte sjef for EtterretningsNils Andreas Stensønes, PST-sjef Beate Gangås og NSM-direktør Arne Christian Haugstøyl.Foto: Ola Gamst Sæther
– Det russiske folket betalar prisen
– Ukraina er hovudprioriteringa til Russland. Og me gir Kyiv den våpenstøtta dei har behov for, lova han. Etterretningssjefen konkluderte med at i 2024 hadde krigen utvikla seg litt i favør Russland, men landet mister 1000 soldatar dagleg.
– Krigskostnadene er enorme. Russland manipulerer makroøkonomiske tal og prioriterer militær industri framfor sivil. Det russiske folket betalar prisen, konstaterte han.
Stensønes kom også inn på krigen i Gaza. Den er det Tyrkia og Israel som har kome sterkast ut av, var vurderinga hans.
Sannsynleg med sabotasjeaksjonar mot Noreg
Arne Christian Haugstøyl er direktør for Nasjonal sikkerheitsmyndigheit. Han peika på at norske verksemder ikkje kan påverka trugsmål anten det er ekstremver eller trugsmål frå etterretningstenester.
– PST ser det som sannsynleg at Russland vil gjennomføra sabotasjeaksjonar mot Noreg i 2025. Så viste han til at Åsnes kommune opplevde innbrot i det kommunale vassverket.
– Om dette hadde vore ein utanlandsk aktør hadde det vore endå meir alvorleg. No lagar dei reserverløysing, fortalde han.
Men han slo fast at det ikkje er mogleg å sikra seg hundre prosent.
– Fiberlinjer, kraftlinjer og gassrøyr kan me ikkje sikra fullstendig. Men me kan ha tiltak som til dømes reserveløysingar og kapasitet til gjenoppretting. Og øva på dette for å få eit meir motstandsdyktig Noreg. Det er Ikkje tenesta di som er viktig, men kvar bedrifta ligg, sa han og omtalte mange bedrifter som opne som låvedører fordi dei ikkje kjenner sin eigen verdi.
Han konstaterer at bruk av innsidarar er den enklaste metoden for land som har høg etterretningsverksemd mot Noreg.
Moderat terrorfare i Noreg
Når det gjeld terrorfaren i Noreg, vurderte PST-sjef Beate Gangås den til å vera på eit moderat nivå.
– Det største trugsmålet kjem frå høgreekstreme og ekstreme islamistar, aller mest frå ekstreme islamistar. Det var ein høg angrepsfrekvens i Europa i 2025, hadde PST registrert.
– I 2024 var det mange angrep, peika ho på, men det var like mange som blei hindra i Europa.
Grunnen til det trugsmålet meinte ho var situasjonen i Midtausten:
– IS har større fokus på å gå til åtak mot Vesten enn før. Dei brukar nettverk som er i Europa. Ekstreme islamistar tolkar krigen i Gaza som ein krig mot muslimar, sa ho.
– Høgreekstremistar er mest synlege på nettet og oppfordrar til angrep på ulike aktørar. Dei har både vilje og moglegheit til å gjera det, varsla PST-sjef Beate Gangås.
Dette er vurderingane frå dei tre nasjonale etterretningstenestene: