– Me har mykje dialog med utdanningsinstitusjonane nettopp for å bidra til at dei kan gjera kloke vurderingar og ta rette val. Det svarte PST-sjef Beate Gangås på spørsmål om kva dei gjer om dei mistenkjer at forskarar frå Russland, Kina, Iran og Pakistan skaffar informasjon til heimlanda sine.
- Me er heilt nøydde til å gi konkret faktainformasjon, slik at folk flest, utdanningsinstitusjonar, næringsliv og andre har best mogleg grunnlag for å beskytta dei og oss mot trugsmål utanfrå, seier PST-sjef Beate Gangås.Foto: Ola Gamst Sæther/Uniforum
Måndag formiddag la Politiets sikringsteneste (PST), Etterretningstenesta og Nasjonal sikringsmyndigheit (NSM) fram felles trugsmåls- og risikovurderingar for 2023. Det er om lag eitt år etter Russlands invasjon av Ukraina den 24. februar 2022, skriv Uniforum.
Ifylgje ei pressemelding frå regjeringa er PSTs årlege trugsmålvurdering ein analyse av den utviklinga tenesta ventar innanfor sitt eige ansvarsområde, og då handlar det om terror, spionasje og trugsmål mot personar med viktige posisjonar i samfunnet.
I trugsmålsvurderinga til Etterretningstenesta er det ein analyse av den utviklinga dei ventar å sjå innanfor dei geografiske og tematiske områda som er spesielt interessante for norsk tryggleik og nasjonale interesser.
Fakta
Metodane
Dette er metodane framande statar brukar i Noreg:
Nettverksoperasjonar
Rekruttering av kjelder
Digital og fysisk sabotasje
Påverkingsoperasjonar
Fordekt “anskaffelsesvirksomhet” og ulovleg kunnskapsoverføring
Overvaking og trugsmål
Enkle grep mot svake punkt i datanettet til verksemdene:
Hindra gjenbruk av svake passord, innføring av tofaktorautentisering og oppdatering av programvare.
(Kjelde: PST: Nasjonal trusselvurdering 2023)
Det tredje og siste organet som la fram si vurdering av risiko, var Nasjonal sikringsmyndighet som presenterte sin analyse av kor stor sjanse det er for at samfunnet blir råka av tilsikta handlingar som kan skada viktige samfunnsinteresser.
Det er framleis Russland, Kina, Iran og Nord-Korea som blir lista opp som dei landa som er ute etter mest mogleg informasjon om teknologi i Noreg. Og Pakistan blir også nemnt som eit land som er interesserte i å koma inn i Noreg gjennom å skaffa seg ulovleg “anskaffelsesvirksomhet” til nasjonale program for masseøydeleggingsvåpen og militær utvikling. Også Syria og Nord-Korea vert nemnde i same andredrag.
Etter invasjonen av Ukraina og brotet i samband mellom Russland, nabolanda utanom Kviterussland og heile Vesten er landet meir enn nokon gong interessert i å skaffa seg informasjon om militær kapasitet som er i stand til å påverka russisk tryggleik og handlefridom. Nettopp fordi Noreg er med i NATO, er den verksemda Noreg og dei allierte driv i Noreg, stadig vekk viktige etterretningsmål for Russland, står det i den nasjonale trugsmålsvurderinga frå PST. På grunn av sanksjonane mot landet er vestleg teknologi svært ettertrakta for Russlands sivile og militære industri.
Illegalisten og NTNU-forskaren
I sin presentasjon trekte PST-sjef Beate Gangås fram to tilfelle med avsløringar av etterretningsverksemd på universiteta. Det første tilfellet handla om Russland.
For i oktober i fjor arresterte PST ein brasiliansk statsborgar og sikta han for ulovleg etterretningsverksemd i Noreg. Han er mistenkt for å vera ein russisk illegalist som arbeidde for ei russisk etterretningsteneste. Medan han var i Noreg arbeidde han som gjesteforskar ved Universitetet i Tromsø (UiT). Der deltok han i forskarmiljø og i nettverk som har stor kunnskap om Arktis og nordområda.
Det andre tilfellet PST-sjefen trekte fram handla om ein tidlegare iransk-tysk NTNU-forskar som i november 2022 blei dømt til åtte månaders fengsel for fleire brot på norsk lov om eksportkontroll. Ein av tinga han skulle ha gjort var datainnbrot i system med informasjon underlagt eksportkontroll, deling av informasjon om listeført og militært relevante materialar til ei gruppe med iranske gjesteforskarar, og å ha gitt dei tilgang til laboratorium ved NTNU. Dommen er anka, og er derfor enno ikkje rettskraftig.
Kina interessert i norsk politikkutforming
Kina er også aktiv med etterretning i Noreg, går det fram av rapporten frå PST. Landet vil utgjera eit ganske stort etterretningstrugsmål mot norske interessert også i 2023. Dei vil bruka ei rekkje metodar for å skaffa seg avansert teknologi , kunnskap og sensitiv informasjon frå norske verksemder og institusjonar. Dessutan vil Kina vera interessert i informasjon om norsk politikkutforming, knytt både til internasjonalt samarbeid og og nordområda, går det fram av rapporten.
Det som også blir sterkt understreka er at den kinesiske staten ikkje opererer med klare skiljelinjer mellom statleg og privat sektor, men brukar eit breitt spekter av aktørar for å dei politiske måla sine. Det blir vist til at ifylgje den kinesiske etterretningslova pliktar ein kvar kinesisk borgar, verksemd og organisasjon å hjelpa etterretningstenestene, dersom dei blir bedne om det. Faren ved dette er at kinesiske selskap og studentar som har heilt legitime formål, kan få ordre om å spionera på vegner av “partistaten”, står det i rapporten. Delegasjonsbesøk og tilreisande er derfor viktige plattformer for innhenting av informasjon for dei kinesiske etterretningstenestene, meiner PST.
Det blir også peika på at Kina, Iran og fleire andre autoritære statar brukar etterretningstenestene sine til å kartleggja, overvaka og påverka eigne borgarar som bur i Noreg. Spesielt dei som tilhøyrer opposisjonen i desse landa er utsette for dette. PST slår fast at dette også er eit trugsmål mot norske demokratiske verdiar.
Kunnskap om nye framveksande teknologiar
Rapporten nemner fleire gonger at norske forskings- og utdanningsinstitusjonar er utsette etterretningsmål for ulovleg kunnskapsoverføring frå fleire land me ikkje har eit tryggingssamarbeid med. Det blir trekt fram at desse forskingsmiljøa har eit høgt internasjonalt nivå, har gode finansieringsordningar og tilgang til avanserte laboratorium og anna infrastruktur for forsking. Nokre land har ei sterk interesse av å utnytta denne tilgangen og fortrinna ved desse institusjonane, peikar rapporten på.
Universitet og høgskular og andre verksemder som er gode på framveksande teknologiar som til dømes kvantedatamaskiner og kunstig intelligens, kan vera attraktive mål spesielt for Kina, står det i rapporten.
Skjerpar krava om å vera årvakne
Uniforum ville gjerne vita kva bodskap PST-sjef Beate Gangås vil senda til forskarar frå Russland, Kina, Iran og Pakistan på norske forskingsinstitusjonar som no føler seg uglesette på grunn av vurderingane til PST.
– Eg kan forstå det og den reaksjonen, svarte PST-sjefen, før ho heldt fram.
– Det skjerpar krava til oss om å vera årvakne fordi me vil verna om våre eigne verdiar og hindra at land som me ikkje har eit tryggingssamarbeid med får tilgang til desse. Og det bør føretakast gode vurderingar og institusjonane må vera i kontakt med nokon som kan gi gode råd. PST kan også vera eit godt tips, var hennar forslag.
Samtidig forsvarte Beate Gangås at PST må blinka ut spesielle land som har bestemte mål og at forskarar frå desse landa då kan kjenna seg litt uglesette.
– Det vil alltid vera sånn at når me åtvarar mot nokre typar av trugsmål, vil det kunna oppfattast stigmatiserande for nokon. Men me er heilt nøydde til å gi konkret faktainformasjon, slik at folk flest, utdanningsinstitusjonar, næringsliv og andre har best mogleg grunnlag for å beskytta dei og oss mot trugsmål utanfrå.
Beate Gangås fortalde at PST har god kontakt med utdanningsinstitusjonane.
– Me har mykje dialog med utdanningsinstitusjonane nettopp for å bidra til at dei kan gjera kloke vurderingar og ta rette val, understreka ho.
Største trugsmålet i Noreg i 2023
Oppsummeringa til PST er at det er russiske etterretningstenester som utgjer det største trugsmålet i Noreg i 2023. Samtidig vurderer PST det som lite sannsynleg at Russland vil gjennomføra ein sabotasjeaksjon på norsk jord i 2023.
Norske forskings- og utdanningsinstitusjonar vil verta utnytta til ulovleg kunnskapsoverføring, og det blir lista opp aktørar frå både Russland, Kina, Iran og Pakistan.
Når det gjeld politisk motivert vald og ekstremisme er ekstrem islamisme og høgreekstremisme dei største terrortrugsmåla mot Noreg. PST vurderer det som mogleg at både ekstreme islamistar og høgreekstremistar vil forsøka å gjennomføra terrorhandlingar i Noreg i 2023.
Den 25. juni i fjor tok ein islamistisk ekstremist livet av to menn utanfor London Pub, då han skaut mot ei stor folkemengde. Målet var truleg å råka det skeive miljøet i Noreg. PST peikar på at ekstrem islamisme har liten oppslutnad i Noreg. Men ytringar eller handlingar som vert opplevde som krenkingar av muslimar eller islam kan bidra til radikalisering og i verst moglege tilfelle motivera til terrorhandlingar.
Innanfor høgreekstremismen vil trugsmålet i stor grad koma frå unge vaksne og mindreårige som blir radikaliserte via høgreekstreme digitale arenaer. Erfaringar frå både Noreg og andre land viser at nokre av dei kan utvikla ein intensjon om å utføra terror.
Lite og svært lite sannsynlege trugsmål
PST vurderer det som lite sannsynleg at antistatlege ekstremistar vil utføra terroråtak i Noreg i 2023.
PST vurderer det som svært lite sannsynleg at venstreekstremistar eller ekstremistar motiverte av klima-, miljø- og naturvernsaker vil forsøka å gjennomføra terroraksjonar i Noreg i 2023. PST meiner likevel at det har potensial i seg til å radikalisera folk.
PST ser det også som svært lite sannsynleg at myndigheitspersonar i Noreg som medlemar av kongehuset, regjeringa, Høgsterett og stortingsrepresentantar vil verta råka av alvorlege valdshandlingar i Noreg i 2023.