Borten moe går av
Trur ikkje ny minister vil true campussamlingsprosjektet
Hanna Maria Jones meiner at det viktigaste for capusprosjektet er statsbudsjettet og ikkje kven som blir ny minister.
Hanna Maria Jones har prosjektansvar prosjekteigar, og leier og styrer tre store investeringsprosjekt knytt til NTNU sin campusutvikling, for tida Campussamling, Helgasetr og Senter for psykisk helse, på prosjekteigar sine vegner.
Foto: HiST/NTNU
Etter at det var offentleggjort i ein pressekonferanse fredag at Ola Borten Moe kom til å tre av som statsråd og som nestleiar i Senterpartiet, har det blitt spekulert i kven som vil ta over posten og korleis dette vil påvirke ulike pågående prosjekt i sektoren.
Det er enno ikkje bestemt kven som skal etterfølgje Borten Moe, og foreløpig forsinkar sommarferien statsråden sin avgang.
Prosjektleiar for campusprosjektet Hanna Marie Jones ventar i spenning på utnemninga av ein ny forsking- og høgare utdanningsminister. Likevel trur ho ikkje at kven som blir minister har mykje å seie for NTNU sitt campusprosjekt.
Opplevde Olav Borten Moe som viktig for Campussamling
Det var Borten Moe som sto for dei mest omfattande kutta i campusprosjektet. Med ham som statsråd vart den planlagte prislappen for campussamlingsprosjektet kutta frå tolv milliard til seks milliard.
- Det er tideleg å seie kva ein ny minister vil å ha seie for campussamlinga. Det er klart det vil ha påverknad med kven som blir minister, men heile regjeringa skal seie sitt. Vi opplever at campussamlinga har brei politisk støtte, fortel Jones.
Ho trur Borten Moe på mange måtar gjorde prosjektet meir gjennomførbart.
- Når det gjeld kutt som kom medan Borten Moe hadde stillinga for campussamlingsprosjektet vil eg seie at det var ein viss realisme med det kraftige kuttet i prosjektet, gitt verdssituasjonen, seier Jones.
Vidare legg Jones trykk på at kuttet ikkje berre handlar om statsråden, men om den økonomiske situasjonen i verda og dei høge byggjeprisane. Jones fortel vidare at ho opplevde at Borten Moe kjempa for prosjektet og arbeida hardt for å få det til.
- Det er eit generelt behov for nedgang i store offentlege investeringar, men det er viktig at vi får ein ny minister som i likskap med Borten Moe forstår verdiskapinga som ligg i prosjektet, seier Jones.
Jones seier vidare at campussamlinga er ein valgkampvinnande sak for alle parti om ein får landa løyving, ikkje berre for universitetet, men for byutvikling i Trondheim generelt.
Ventar spent
Jones seier at ho ventar spent på å sjå kva som skjer vidare, og at det viktigaste er korleis det blir etter statsbudsjettet blir vedteke. Ho er også spent på å sjå kven som trer inn etter Moe, og seier ho er foreløpig avventande.
Khrono skriv tirsdag at Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand og Oddmund Løkensgard Hoel er blitt nemnd som kadidatar til å ta over stillinga til Moe som forskings- og høgare utdanningsminister.
Korleis er det at de i sektoren må vente til augustkonferansen før de får vite om ein etterfølgjar?
- Eg tenkjer det er vanskeleg å få til noko som helst no om somaren når det er nedeperiode og at det ikkje er noko gunstig tidspunkt å tre inn no uansett. Vi ventar spent.