Gransking:

Universitetet i Bergen braut lova

Rapport kjem med hard kritikk av avtalen mellom tidlegare rektor Dag Rune Olsen og forretningsmannen Tom Knudsen.

Dag Rune Olsen er tilsett som rektor ved Universitetet i Tromsø, som han vil ta til i 1. august.
Publisert Sist oppdatert

– Ingen andre enn Tom Knudsen ville ha tent på utviklinga av arbeidslivsportalen som han sjølv skulle ha ansvaret for. Ideen hadde ingen forretningsverdi. Det konstaterte prosjektleiar Stig Rune Johnsen frå konsulentselskapet PWC, då han la fram granskingsrapporten om handlingsmåten til tidlegare rektor Dag Rune Olsen når det gjaldt å få etablert ein arbeidslivsportal, ein idé som blei sådd og realisert av forretningsmannen Tom Knudsen.

– Brot på forvaltningslova og lova for statstilsette

Kort sagt gjekk avtalen ut på at Tom Knudsen skulle tilsetjast i mellombels stilling i lønnssteg 92 på UiB med ansvar for å utvikla den praksisportalen han sjølv hadde lansert og ville selja til UiB for 20 millionar kroner, skriv Uniforum.

– Me meiner at denne lønnsplasseringa er unormalt høg samanlikna med tilsvarande stillingar på UiB, sa Johnsen på møtet. Han viste også til at dette ikkje var normal prosedyre for tilsetjingar i staten.

– Dette er eit brot på både forvaltinngslova og statstilsettlova om vilkåret for mellombelse stillingar, sa Johnsen.

Det var den 16. desember i fjor Bergens Tidende avslørte at dåverande UiB-rektor Dag Rune Olsen hadde forhandla med tidlegare NHO-direktør Tom Knudsen om oppkjøp av selskapet hans. Avtalen gjekk ut på at Knudsen skulle få ei leiarstilling på UiB i mange år og 20 millionar kroner for salet. Slik skulle UiB få tilgang til ein arbeidslivsportal som Knudsen sjølv stod bak. Avtalen blei til slutt stoppa av Kunnskapsdepartementet og UiB-administrasjonen.

Gjekk av som UiB-rektor etter nyttår

Dag Rune Olsen er tilsett som rektor ved Universitetet i Tromsø, ei stilling han vil ta til i 1. august i år. Rett etter nyttår bestemte han seg for å gå av som rektor ved UiB eit halvt år før valperioden var over. Då avviste han overfor BT at avtalen med Tom Knudsen og den varsla eksterne granskinga hadde noko å gjera med den raske avgjerda om å gå av som rektor ved Universitetet i Oslo.

“-– Hvis jeg fryktet at den ville komme med graverende kritikk så ville det vært uheldig for stillingen i Tromsø. Da ville det vært uklokt å gå hardt inn i arbeidet i Tromsø. Da ville jeg fortsatt her med business as usual. Så svaret på det er entydig nei”, sa Dag Rune Olsen til avisa 3. januar i år.

UiB valde til slutt ikkje å kjøpa selskapet. Ifylgje BT vurderte prosjektleiar Stig Rune Johnsen det som ei god avgjerd.

Granskingsrapporten skal handsamast på eit ekstraordinært møte i Universitetsstyret ved UiB den 17. mars, skriv Uniforum.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.