Ytring
NTNU: ein lydig lovbrytar
Det er ille at Olaussen som professor i samfunnsøkonomi ikkje ser den politiske krafta og makta som au finst i offentleg kommunikasjon.
Meiner heile NTNU-leiinga og dei andre ansvarlege for den offentlege kommunikasjonen ved NTNU det same som Olaussen? Då veit me i tilfelle hovudårsaka til at NTNU bryt språklova like grovt og grundig som NTNU før braut mållova med å skriva altfor lite nynorsk, skriv Erlend Bakke.
Foto: Privat
Jon Olaf Olaussen, som er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU Handelshøgskulen og prodekan for forsking ved Fakultet for økonomi ved NTNU, ser ikkje meininga med strevet for nynorsk og med å oppfylla dei politiske og språklege rettane for nynorsk som målfolk før oss har kjempa fram (Universitetsavisa 12. mai 2023).
Meiner heile NTNU-leiinga og dei andre ansvarlege for den offentlege kommunikasjonen ved NTNU det same som Olaussen? Då veit me i tilfelle hovudårsaka til at NTNU bryt språklova like grovt og grundig som NTNU før braut mållova med å skriva altfor lite nynorsk. For NTNU er ansvarleg for systematiske, langvarige og omfattande brot på reglane for offentleg kommunikasjon. Det seier seg sjølv at me må krevja sanksjonar mot slike institusjonaliserte lovbrot; sanksjonar som er å rekna som «straffe- og tvangstiltak mot ein stat».
Det er ille at Olaussen som professor i samfunnsøkonomi ikkje ser den politiske krafta og makta som au finst i offentleg kommunikasjon. Språk er makt, seier eit ord, men rettare er det vel å seia at språkbruk er makt. «Det er ikke tilfeldig at det dominerende skriftspråket i Norge er tilpasset talemålet fra senteret for økonomisk, politisk og kulturell makt, og ikke talemålet i for eksempel Os i Østerdalen.», skriv «østlandsdialektbruker» Axel Nygaard i petiten «Språkelitismen» (Klassekampen 22. april 2023).
Nygaard hevda dette i samband med den nasjonale dialektdisputten me hadde i vår, som ei bok av Christian Borch sette i gang. Eg legg til: Det er ikkje på Singsaker i Trondheim og Trøndelag det ligg, det maktsenteret som Nygaard siktar til. Derimot lograr Singsaker, Trondheim, Trøndelag og NTNU språkleg for dette maktsenteret, som altså representerer seg med bokmål (og eventuelt engelsk).
Samstundes går professor Olaussen inn for å slå saman bokmål og nynorsk til norsk fordi han tykkjer alt er så likt. Likt? Det nynorskfjerne bokmålet som rår over oss, liknar framleis mykje meir på skriftleg dansk enn på nynorsk. Danskane held seg med nokre skrivereglar som dekkjer over det, til dømes med å skriva chance og buschauffør for ‘sjanse’ og ‘bussjåfør’. Dei danske skrivemåtane for slike ord skjuler den store språklege likskapen i skrift mellom dansken og det hokjønnslause bokmålet. Så kva er grunnen til at Olaussen ikkje gjer framlegg om å slå saman dansk med dette utbreidde bokmålet, anten det no er femininumfiendsleg eller berre femininumfattig?
Kan henda fordi skriftmål finst i visse mogelege politiske samanhengar? Skriftmål er jo au politiske reiskapar og tener politiske interesser, anten professor Olaussen veit mykje eller lite om det. Kva er då nynorsken som politisk reiskap? Kva politiske interesser tener han? Kan han eventuelt tena nokre politiske interesser for Trøndelag; betre enn det bokmål kan?
Svara på dette finst mellom anna i det nynorsk ikkje er. Det er å rekna som eit sosiolingvistisk faktum at det ikkje er skriftmålet nynorsk som særleg opererer maktsentera i Oslo. Nynorsk er for dei som vil flytta makt, gjera andre miljø og fleire personar viktige. Difor er det leitt for mange fleire enn trønderane at Trondheim og Trøndelag jamt over er som lydige tenarar for den språklege makta i Oslo.