Høgskolen i Innlandet blir Universitetet i Innlandet

Akronymet blir UINN, og er det ellefte universitetet i landet.

Nå kan institusjonen legge til bokstaven U først i namnet.

Den nye institusjonen skal heite Universitetet i Innlandet (UINN), og blir det ellevte universitetet i Noreg. Universitetssøknaden blei i dag godkjend av Kongen i statsråd, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

- På vegner av regjeringa gratulerer eg både Innlandet som region, alle tilsette og studentar ved det nye universitetet. Dette er verkeleg ein merkedag. Innlandet får eit universitet som sikrar utdanning og forsking av god kvalitet, som satsar på livslang læring og berekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Finansministeren gratulerer Innlandet med ein stor dag:

i Universitetet i Innlandet har ein desentralisert campus-struktur, og bruker dei unike moglegheitene som finst i heile fylket vårt. Slike universitet treng vi. Det er eit klart mål for Senterpartiet og Arbeidarpartiet at folk skal kunne ta høgare utdanning i heile Noreg, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Følg UA på Facebook og Instagram.