Statsminister Jonas Gahr Støre har framleis tru på at amerikanske institusjonar kan halda fram med det grøne skiftet, trass i at Donald Trump har overtatt som president.
Dagen etter at Donald Trump overtok som president i USA, organiserte
Kunnskapsdepartementet ein kontaktkonferanse om omstilling, sikkerheit og
beredskap for universitets- og høgskulesektoren.
Statsminister Jonas Gahr Støre var invitert som hovudtalar for å snakka
om den geopolitiske situasjonen i verda. Han kom inn på både nordområda
og kor viktig det var ikkje å lulla seg inn i ein djup fred, men heile tida
vera merksam på kva som går føre seg på den andre sida av grensa til naboen til
Noreg i nord, Russland.
–Det går føre seg tradisjonelle etterretningstrugsmål frå framande
makter, men også tilfelle av personar som har dobbel identitet peika han på.
–Kina er viktig for det grøne
skiftet
Han underslo ikkje at Kina er ein svært viktig økonomisk aktør i verda,
også for norske bedrifter. Over 50 prosent av verdas skip blir bygde i Kina.
– Eg var på besøk i Kina då reiarlaget Høegh fekk overrekt eit nytt
biltransportskip frå Kina. Landet er også viktig for klimatiltak og det grøne
skiftet, trekte han fram.
Støre tykte også den 21. januar 2025 var ein trist dag fordi USA hadde
gjort kjent at dei ville gå ut av Verdas helseorganisasjon.
– Der har eg også jobba. I dag kjem meldinga om at Kina vil gå inn og
styrkja organisasjonen etter at USA har gått ut. På den måten får USA endå meir
rett i at Kina har for mykje å seia i organisasjonen, la han til.
-Såg
spøkelsesbyane
Jonas Gahr Støre hadde sjølv tatt lyntoget mellom Beijing og
Shanghai.
– Då såg eg alle spøkelsesbyane med folketomme høgblokker, som viser at
Kina opplever ei bustadkrise. Og Kina har 25 prosent ungdomsarbeidsløyse. Aldri overvurder Kina og aldri undervurder
USA. Innovasjon, forsking og utvikling har ei unik drivkraft, understreka han.
Støre meinte det likevel var viktig ikkje å slå strek over samarbeid
med Kina.
– Men det er også viktig å samarbeida med andre asiatiske land og med
Japan, var rådet hans.
Då Uniforum møtte han etter talen ville me gjerne vita litt meir om kva
han tenkjer om det grøne skiftet etter at Donald Trump no er blitt president i
USA og har trekt landet ut av Paris-avtalen.
–Skal norske universitet
samarbeida med Kina om det grøne skiftet eller skal dei prøva å halda fram
samarbeidet med USA, sjølv om Trump er negativ til det grøne skiftet?
–Norske utdanningsinstitusjonar bør sjå til dei kunnskapsmiljøa som har
forsking og utvikling og ambisjonar på dette området og som dei kan læra
av. Mange av dei kjem framleis til å vera i USA. Det vil ikkje bli
endra ved at Trump igjen tar USA ut av Paris-avtalen, trudde han.
Støre understreka at han ikkje hadde sett
data på det, så han visste ikkje kor mykje det samarbeidet fall etter at Trump
trekte USA ut av Paris-avtalen sist.
–Men framleis har USA leiande forsking. Og som eg seier; aldri undervurder
USA på forskingssida, var oppfordringa frå Jonas Gahr Støre til universitets-
og høgskulesektoren.
Viserektor Mette Halskov Hansen ved UiO kommenterte innlegget til
statsminister Jonas Gahr Støre, og ho var ikkje heilt einig med han i
vurderinga hans av Kina.
– Landet har utvikla seg til å bli ein av verdas leiande
kunnskapsnasjonar og sterkaste økonomiar utan å ha innført demokrati. No satsar
landet på å bli den leiande forskingsnasjonen også. Det har aldri skjedd før
med noko land i verda. Så difor seier eg: Ikkje undervurder Kina, var rådet hennar.
–Send norske studentar til Iran
og Kina
Regjeringa har også kome med forslag om at sivil og militær sektor skal
samarbeida nærare når det gjeld forsking og utvikling.
– Då kan ikkje Noreg kritisera Kina for å gjera det, minna ho dei om.
Ho kom også med eit råd til regjeringa:
– Send norske studentar til Iran og til Kina og ta imot iranske og
kinesiske studentar her. Samfunnet treng
kunnskap om desse landa, understreka ho.
-Forskingsmiljøa
må samarbeida med Kina
Forsking- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel var overfor
Uniforum heilt klar på kva tilrådingar han og regjeringa kjem med når det gjeld
å samarbeida med Kina innanfor forsking og høgare utdanning.
– Me skal samarbeida med Kina
der det er i vår nasjonale interesse. Forskingsmiljøa må for all del samarbeida
med Kina, der det er i deira faglege interesse, men me skal tenkja nøyare
gjennom kva fagområde me samarbeider med kinesiske institusjonar om. Me skal
vera meir bevisste på å sørgja for at kunnskap som ikkje skal koma andre i
hende, vert skjerma. Me må byggja på
prinsippet: så open som mogleg og så skjerma som nødvendig, understreka han.
Vil føra til
ei dreiing mot andre fagområde
Hoel trudde at det vil føra til ei endring i kva type forsking norske
institusjonar vil samarbeida med Kina om.
– Det vil bli ei dreiing mot
fagområde lenger unna det me i dag reknar som sensitive område, slo han fast i
samtalen med Uniforum.
–Regjeringa har også gått inn for
auka samarbeid om forsking og utvikling mellom sivil og militær sektor. Kan
ikkje dette bli ei farleg samanblanding?
–Heile poenget er at det skal bli ei handterbar samanblanding. Me har
vore tydelege på at eit av utgangspunkta er at Forsvaret skal gjennom ei stor
styrking, eit forsvarsløft dei neste åra. Dei har behov for ein betydeleg
FoU-innsats. Dei har også behov for at den kjem frå sivil side, svara han.
-Dette er
frivillig
Hoel viste til at det er snakk om å opna den forsvarsrelaterte forskinga
for aktørar frå det sivile forsvaret sitt program.
–Me er tydelege på at dette er frivillig. Det er ein moglegheit for dei som melder seg
på og ikkje noko som ein blir tvunge til. Det er behov for å utvikla betre
system for nye institusjonar som vil inn i forsking både på sensitive fagområde
og i gradert forsking, presiserte Oddmund Hoel.
-Det er veldig bra at dette blir avdekt. Og det er bra at ein har
kvalitetssikringssystem som reduserer risikoen for den typen verksemd. Me ser
internasjonalt at røvartidsskrift er eit aukande problem, trur han.
Hoel synest dette er ein
tankevekkjar for andre institusjonar.
– Eg trur me kjem til å sjå meir av den typen avdekkingar framover.
–Me skal ta på alvor dei
meldingane som kjem
– I dag blir det rapportert om
mange studentar som ikkje klarer å lesa lange tekstar
(TL;NR-studentar(too-long-not-read) før dei tar eksamen. Er du redd for å få
mange KI-skadde studentar på institusjonane framover?
– Me skal ta veldig på alvor de meldingane som kjem, ikkje berre frå
norske universitet og høgskular, men også internasjonalt.
Hoel fortel at dei har
sett internasjonale granskingar om det at studentar blir spesielt dårlege til å
lesa over lang tid, og dårlegare til å lesa lange tekstar og dårlegare til å
skriva lange tekstar.
–Både skjermbruk og generativ kunstig intelligens stiller sektoren
overfor nye utfordringar, konstaterer han.
Men no varslar Hoel at regjeringa vil gjerna noko for å kartleggja
dette.
– Det blei offentleggjort tysdag at me set ned eit utval som skal sjå
på både problematiske og positive sider med kunstig intelligens i høgare
utdanning, opplyser han.
–Treng
breiare kunnskap
Hoel fortel at det regjeringsoppnemnde utvalet snart kjem i gang med
dette arbeidet og etter planen skal det levera ein NOU-rapport om dette.
– For dette er så viktig at me treng breiare kunnskap om dette, og me
treng gode råd om korleis me og institusjonane skal forholda oss til dette
fenomenet som alle snakkar om i sektoren, seier han.
–Grensa mellom openheit og skjerming
I hovudtalen sin på kontaktkonferansen varsla Oddmund Hoel også ei eiga
stortingsmelding om forskingssystemet. Han
utdjupa dette overfor Uniforum.
– Det er viktig for oss å finna ut korleis me kan halda fram med forskingssamarbeid
med andre land og orientera oss i ein ny og farlegare geopolitisk situasjon,
peika han på.
Hoel trekte også fram at det er større behov for samarbeid mellom sivil
og militær forsking.
– Det er ein fare for at me avgrensar forskingssamarbeidet meir enn det
som er formålstenleg og i vår nasjonale interesse. Me må gå opp grensa mellom
openheit og skjerming, understreka han.
I meldinga vil dei også ta til orde for å sjå nærare på doktorgradsutdanninga.
– Brukar me ressursane på ein rett måte når det gjeld fordeling av
fagområde og kopling til offentleg sektor og næringslivet og den totale
dimensjoneringa? Derfor set derfor ned eit ekspertutval som skal gå i gang med
dette, fortel han.
For nasjonal? -Bomskot.
Nokre har kritisert Oddmund Hoel og regjeringa for å vera for nasjonal
og for lite internasjonal. Det er Hoel
heilt ueinig i, gjorde han det heilt klart.
–Det er ein kritikk som bommar fordi i alle land blir
kunnskapspolitikken meir nasjonal. Det er eit resultat av det fenomenet me ser
rundt oss, ja kall det gjerne deglobalisering. Nasjonal politikk blir
viktigare, hadde han observert.
Hoel viste til at det regjeringa gjer er å finna svar på ein
meir krevjande geopolitisk situasjon.
–Det må me gjera på ein måte som greier å balansera nasjonale behov med
beredskap og forskingstryggleik opp mot behovet for openheit og internasjonalt
samarbeid. Den balansen, synest eg me har funne på ein fin måte, sa Oddmund
Hoel til Uniforum.