Kjønnspoeng

Dekan om opptaksdramaet: - Kjønnspoeng er veldig effektivt

Dekan på Fakultet for økonomi ved NTNU Monica Rolfsen avviser at kjønnspoeng er negativt for prestisjestudiet Industriell økonomi og teknologiledelse.

Dekan på Fakultet for økonomi ved NTNU Monica Rolfsen meiner ei overvekt av kvinner på Indøk vil være positivt for studiet.
Publisert Sist oppdatert

Prestisjestudiet Industriell økonomi og teknologiledelse (Indøk) på NTNU er et av studiene ved NTNU med høyest poenggrense.

Gjeninnføringa av kjønnspoeng for årets opptak, gjorde at poenggrensa auka ytterlegare sett i forhold til tidlegare år, og ligg no på 63.0 for førstegangsvitnemål og 68.4 poeng for ordinær kvote.

Dette har leidd til at mannlege søkarar på studiet har reagert, og kritisert NTNU-leiinga for gjeninnføringa av kjønnspoeng. Det skal også vere studentar som har bytta kjønn for å kome inn på studiet.

Dekan på Fakultet for økonomi ved NTNU Monica Rolfsen seier at dei må vente til 14. august og sjå kor mange som faktisk startar på programmet før dei vil gjere ei vurdering.

Ser både på arbeidslivet og studium

Sjølv om ho presiserar at dei enno ikkje veit, synes ho ikke 60 prosent kvinner på året opptak er uheldig.

- Det vil fortsatt berre vere omkring 30 prosent kvinner på heile studiet. Om det blir over 60 prosent kvinner på studiet er det første gong det er overvekt av kvinner på studiet, seier Rolfsen.

Ho meiner det viktigaste for dei er at Indøk er eit prestisjefullt program som utdannar leiarar.

- Om ein ser på teknologibedrifter er det berre 20 prosent av leiarane som er kvinner. Vi er langt langt langt unna å ein balanse i næringslivet.

Overvekta av kvinner som har takka ja ser ho dermed på som positivt.

Dekanen seier at dei følg retningslinjer frå KD og om det er under 30 prosent av eit kjønn i arbeidslivet og under 40 prosent blant studentane gjer det at ein kan tilby kjønnspoeng.

- Det er vanskeleg, og mykje kan bli urettferdig

Ein student som var 0.1 poeng unna har kalla kjønnspoeng eit plaster på eit betent sår, det løyser ikkje rota av problemet, korleis stiller du deg til dette?

- Det er ikkje vi som bestemmer kva ordning ein skal nytte. Marianne Aasen-utvalget har sett på kjønnskvoter som ei løysing, svarar Rolfsen.

- Eg trur det kan bli oppfatta urettferdig også, om til dømes det er mykje færre søkarar av eit kjønn vil snittet bli mykje lågare for dei enn for den store gruppa, seier Rolfsen.

Rolfsen fortel også om ein situasjon dei har no der to søkarar har nøyaktig lik poengsum. I det tilfellet gir samordna opptak plassen til den som er fødd tidlegast på året.

- Er det rettferdig? spør Rolfsen.

Enormt omfang av tiltak

- Indøk har vore eit mannsdominert studium sidan starta, fortel dekanen.

- Vi har gjort tiltak for å auke interessa for studiet i enormt omfang sidan det vart starta, fortset Rolfsen.

Ho fortel at dei har brukt millionar på å rekruttere, og at dei har fire tilsette studentassistentar som arbeider med problemstillinga, samt fleire studentar som reiser tilbake til den vidaregåande skulen dei har gått på tidlegare for å reklamere.

- Dette har vore særleg retta mot kvinner, seier Rolfsen.

Dekanen seier at dei gjer alt dei klarar, men at det har hatt avgrensa effekt.

- Kjønnsspoeng er derimot veldig effektivt, seier Rolfsen.

Studentar skal ha endra juridisk kjønn for å få kjønsspoeng

Rolfsen seier at studentane som skal ha endra juridisk kjønn for å få kjønnspoeng ikkje er noko ho legg seg opp i. Kva grunn studentane kan ha hatt for å endre kjønn er ikkje hennar sak. I tillegg seier dekanen at det ikkje er noko dei har fått bekrefta og difor ikkje ser på det som noko dei skal gjere ei vurdering av.