Ny leiar med ambisjonar: - Eg vil vere med å ta NTVA til neste nivå

Ole-Morten Midtgård blir ny generalsekretær i Norges Tekniske Vitenskapsakademi

Gler seg til å jobbe for å gi kunnskap om teknologi ei større plass i samfunnsdebatten.
Publisert Sist oppdatert

NTNU-professor Ole-Morten Midtgård vil tiltre som generalsekretær i Norges Tekniske Vitenskapsakademi (NTVA) frå 1. august i år.

- Det er ei stor ære å få denne jobben. Å gi større plass til kunnskap om teknologi og naturfag i samfunnsdebatten er ei utrulig viktig oppgåve. Eg gledar meg veldig til å byrje i august, seier Midtgård.

Fakta

Ole-Morten Midtgård

  • Midtgård er utdanna sivilingeniør på NTH med diplomoppgåve frå CERN, og doktor ingeniør frå NTNU. 
  • Han har vore professor sidan 2004, fyst ved Universitetet i Agder, og frå 2012 ved NTNU. 
  • Dei siste 7 årene har Midtgård hatt leiarroller på NTNU, fyst som instituttleiar 2017-2021, deretter som prodekan for berekraft og innovasjon.

Fryktar falske fakta

Som generalsekretær i NTVA vil Midtgård spele ei avgjerande rolle i organisasjonens utvikling i ei tid prega av det grøne skiftet, digital transformasjon og kunstig intelligens.

- Akkurat no tar falske fakta og nyheiter alt for stor plass, og vitskapsfolk må på banen som ei motvekt. Me treng at politikarar og andre styrande organ har riktige fakta med seg når dei skal ta store slutninga, seier Midtgård.

Rådgivar Lisa Marie Husby har arbeida i NTVA i fire år. Ho og Midtgård har brukt dagen på å prate om korleis dei, som NTVA sine einaste lønna tilsette, skal samarbeide til hausten.

- Det er ikkje berre politikarane si jobb å lese seg opp. Vi som akademikarar har også ei jobb i å gjere kunnskapen vår mogleg å bruke. Vi må klare å formidle det som er stort og komplekst på ei måte som kan forstås, seier Husby. 

Ole-Morten Midtgård og Lisa Marie Husby skal saman jobbe strategisk med NTVA sine mål frå hausten av.

Midtgård er oppteken av at NTVA bør bli endå meir synleg og tydeleg i samfunnsdebatten, og jobber for ei fri og open meningsutveksling der ulike perspektiv kan brynast mot kvarandre, på ei bakgrunn av kunnskap.

- Eg vil vere med å ta NTVA til neste nivå. Me har utviklingspotensiale når det kjem til kor mykje me får formidla til både politikarar og befolkinga forøvrig. Me har også ei jobb å gjere i å få fleire unge engasjert. Vi har eit godt navn og rykte, og vi må jobbe vidare derfra, seier Midtgård.

Frivilligheten er sentral

Fakta

Norges Tekniske Vitenskapsakademi (NTVA):

Norges Tekniske Vitenskapsakademi er en uavhengig, ideell organisasjon  med fokus på å formidle kunnskap om teknologi og hvordan teknologi endrer samfunnet, til en bredere offentlighet.

- Vi er ei lita organisasjon, med berre to betalte tilsette, så kapasiteten til å gjere alt me har lyst til er begrensa. NTVA sitt virke er stort sett drive av frivillige. Alle i styret er frivillige, seier Midtgård.

Husby peiker på viktigheta av organisasjonens posisjonering i Bergen, Kristiansand, Oslo, Stavanger, Tromsø og Trondheim.

- Jobben som blir gjort i lokallaga over heile landet er utruleg viktig. Me er stolte over at me klarar å skape møteplassar for diskusjon og kunnskapsformidling, mellom forskarar, næringsliv og politikarar, seier Husby.

Personlege meiningar skal ikkje stå i vegen for arbeidet

- At NTVA står som ei nøytral grunn for kunnskapsformidling er viktig. Eg har tidlegare utykka personlege meiningar i media, i til dømes spørsmål om energi. Forskarar skal kunne ha meiningar. Det viktige blir å vere open om kvar meininga kjem frå, og vere tydeleg på kva som er fakta, og kva som er egne verdar, seier Midtgård.

Følg UA på Facebook og Instagram.