I år skal Statistisk sentralbyrå finna ut korleis vitskaplege tilsette ved universitet og høgskular i Noreg fordelar tida mellom undervisning, forsking, formidling og administrasjon.
Kor mykje tid brukar forskrane på administrasjon, er mellom sakene SSB vil finne ut av (arkivfoto).Sølvi W. Normannsen
Byrået vil også ha svar på kor mykje tid dei brukar på søknader om pengar.
Neste veke sender Statistisk sentralbyrå ut eit spørjeskjema til alle vitskaplege tilsette i Noreg med spørsmål om korleis dei brukar arbeidstida si. Det er første gong sidan 2021, skriv Uniforum.
Gruppeleiar og seniorrådgjevar Kaja Wendt skal saman med kollegaene og seniorrådgjevarane Hebe Gunnes og Bjørn Magne Olsen sørgja for at tidsbruksundersøkinga kjem fram til alle vitskaplege tilsette i Noreg. Håpet deira er at så mange som mogleg svarar, slik at dei kan få eit klart bilete av kor mykje tid som blir brukt til forsking og utvikling i den offisielle statistikken for universitet og høgskular.
Dei har hatt tidsbruksundersøkinga som ansvarsområde også før dei blei overført frå NIFU til Statistisk sentralbyrå i 2022. Den første gongen det blei sendt ut ei tidsbruksundersøking var på byrjinga av 1980-talet. Den aller siste undersøkinga var i 2021. Den gongen var svarresponsen på 31 prosent landet sett under eitt, men berre på 27 prosent på UiO.
Desse tre har ansvaret for å kartleggja tidsbruken til 26 000 vitskaplege tilsette i Noreg. Frå venstre seniorrådgjevar Hebe Gunnes, gruppeleiar Kaja Wendt og seniorrådgjevar Bjørn Magne Olsen.Foto: MArtin Toft
Vil sjå på fordelinga av ulike oppgåver
Kaja Wendt oppfordrar alle til å svara på undersøkinga som i stor grad handlar om kor mykje tid som blir brukt på forsking og utvikling (FoU).
– Det me treng den til, er for å oppdatera dei ulike FoU-koeffisientane for å rekna ut kor mykje miljøa i universitets- og høgskulesektoren brukar på FoU, fortel ho. Då kan dei sjå dette i høve til tid brukt til undervisning og andre ting. Ho trur at dette kan gi eit klarare bilete av tidsbruken på dei ulike områda i alle stillingar, alle fag og på alle lærestader.
Alle moglege ting som kan ha noko å seia for bruken av tida, vil vera med i undersøkinga.
– Me spør om talet på timar dei har jobba. Me koplar svara mot andre register i Statistisk sentralbyrå, om dei har ansvar for barn under 16 år, og sjekkar om det kan påverka tidsbruken, seier Wendt.
Hebe Gunnes peikar på kva som er hovudmålet med undersøkinga.
– Resultata blir brukte til å gi eit oversyn over arbeidsforholda ved dei høgare utdanningsinstitusjonane. Då er me opptekne å få med dei faktorane som påverkar fordelinga av tid, understrekar ho.
Ynskjer å sjå på den sosiale bakgrunnen til forskarane
Wendt trekkjer også fram at det er viktig å få med både alderen til forskaren og om vedkomande er utanlandsk statsborgar.
– Etter at me kom hit til SSB, er me også blitt meir opptekne av å sjå på den sosiale bakgrunnen og kva det har å seia for om du blir forskar eller ikkje. Der har me kunna kopla til tal for dei som er norske. Men for dei som kjem utanfrå, så har me ikkje tilgang til registeropplysningane om foreldra deira. Ein tredjedel av forskarpersonalet i Noreg er ikkje-norske statsborgarar, så derfor manglar me informasjon om ganske mange. Derfor vil me kartleggja dette i denne undersøkinga, fortel ho.
Og Bjørn Magne Olsen forklarar korleis dei vil gjera det reint praktisk.
– Dei som fyller ut at dei er norske statsborgarar, treng ikkje leggja inn meir utfyllande opplysningar. Men dei som svarar at dei ikkje er norske statsborgarar, får spørsmål om kva bakgrunn foreldra deira har, seier han.
Det er også andre grunnar til at dei spør om den vitskaplege tilsette er norsk eller ikkje.
– Sist gong var første gong me gjorde det. Då fann me ut at dei utanlandske statsborgarane brukte meir tid på formidling enn dei norske, samtidig som dei jobba meir, konstaterer Wendt.
Alle som får tilsendt undersøkinga, får ei god forklaring på kvifor Statistisk sentralbyrå samlar inn desse data til offisiell statistikk i Noreg.
– Skal kopla undersøkinga til registeret over forskarpersonale
Kaja Wendt viser til korleis Noreg har eit godt oversyn over akademiske forskarar gjennom registeret over forskarpersonale ved dei offentlege forskingsinstitusjonane. Det gjeld både ved universitet, høgskular, helseføretak og forskingsinstitutt. Dette registeret er blitt oppdatert heilt tilbake til 1960-talet.
– Denne tidsbruksundersøkinga skal koplast til registeret over forskarpersonale. Då har me allereie informasjon om kjønn, alder og stilling. I tillegg spør me altså alle dei ikkje-norske statsborgarane om foreldra deira hadde høg utdanning, middels høg utdanning, låg utdanning, grunnskuleutdanning eller inga fullført utdanning, fortel ho.
Samtidig peikar ho på at dette tradisjonelt har vore viktige opplysningar å få tak i.
– Me har sett i tala på dei norske at det ikkje er tilfeldig kven som blir forskar i Noreg. Då har du som regel foreldre med høgt utdanningsnivå. Det repeterer seg, har ho registrert.
– Me har ein mistanke om at det er slik i endå større grad for utlendingane, for det skal jo litt til å dra til utlandet for å jobba. Då har ein ofte høg sosial bakgrunn, legg ho til.
26 000 personar får tilsendt undersøkinga
Bjørn Magne Olsen minner om at dei tar sikte på å senda ut undersøkinga neste veke.
– Den blir sendt ut på epost til alle vitskaplege tilsette som er registrerte i forskarpersonalregistret fram til 1. oktober 2024. Det utgjer om lag 26 000 personar. No er me kopla til dette registeret, slik at me ikkje treng å samla inn epostadresser frå arbeidsplassane. Når dei får inn eposten frå SSB, kan dei logga seg inn på Altinn via ID-porten, fortel han.
– Etter å han snakka med andre kollegaer her på SSB, viser erfaringa at langt dei fleste som svarar på slike undersøkingar, vil gjera det på mobil, seier Olsen.
Tidsbruksundersøkinga vil vera tilgjengeleg både på nynorsk, bokmål og på engelsk.
Funna blir publiserte hausten 2025
Alle data frå undersøkinga vil bli samla inn og analyserte før funna blir publiserte.
– Det skjer i byrjinga av neste halvår. Det vil vera ein deskriptiv rapport frå undersøkinga. Og så vil den bli brukt i mange andre analysar, fortel Kaja Wendt.
Ho trur det vil vera stor interesse for dei funna som handlar om korleis ansvaret for barn verkar inn på tidsbruken for dei utanlandske. Samtidig avslører ho at dei også har tatt med ein heilt ny kategori.
– Den handlar om kor mykje tid dei vitskaplege tilsette brukar på søknader om pengar til forsking og utvikling.
– No har me også brukartesta undersøkinga. Det er viktig for Statistisk sentralbyrå, understrekar Hebe Gunnes.
– Me spør dei kva dei gjer eigentleg
Dei trur at undersøkinga vil vera nyttig for alle dei som svarar.
– Då får dei vita meir om aktiviteten innanfor forsking og utvikling innanfor deira stilling og deira fagfelt og deira lærestad. Dette er ein slags dugnad der dei set seg ned i fem minutt for å svara på desse spørsmåla, seier Kaja Wendt.
– Om det er nokon som brukar over halvparten av stillinga si til administrativt arbeid, så er det viktig å få fram informasjon om det, seier Bjørn Magne Olsen.
Dei viser til at alle forskarane har ein stillingsinstruks der det står korleis dei ulike arbeidsoppgåvene skal fordelast.
– Me spør dei om kva dei gjer eigentleg. Det har ført til at me veit at høgskulelærarar brukar sju prosent av tida si til FoU dei også, fortel Kaja Wendt.
Og Hebe Gunnes kjem inn på ei anna problemstilling.
– Det me såg på sist, er kva dei som jobbar meir enn ei vanleg arbeidsveke, gjer meir av. Det kan vera at dei underviser meir. Så det kan me også gå nærare inn på.
– Om dei jobbar 70 timar i veka, skal dei skriva at dei gjer det, legg Olsen til.
Alle tre ber om at alle dei vitskaplege tilsette svarer.
– Det vil vera til stor hjelp for alle å vita korleis dei fordeler dei ulike oppgåvene i arbeidstida si. Og så må dei bruka kommentarfeltet. Alle svara blir anonymiserte, garanterer dei.