kunstig intelligens
Forskingsrådet har fått 50 søknader frå 600 aktørar
Noreg skal oppretta frå fire til seks forskingsenter på kunstig intelligens i juni. Forskingsrådet har fått inn 50 søknader frå 600 aktørar.
glad. - Det er tydeleg at KI-milliarden har mobilisert kunnskapsmiljø både i privat og offentleg sekto, slår rOddmund Hoel fast.
Arkivfoto: Benedikt Erikstad Javorovic
– Eg er glad for å sjå den formidable interessa for KI-milliarden. Det er tydeleg at satsinga har mobilisert kunnskapsmiljø både i privat og offentleg sektor. Søkarlista viser at det ikkje er tvil om at vi har ei lang rekke fagmiljø med imponerande kvalitet og høge ambisjonar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei felles pressemelding frå Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet.
Før helga kom også nyhendet om at Forskingsrådet i ei utgreiing rår regjeringa til å satsa 3,5 milliardar kroner på tungrekning. Der ser Forskingsrådet på behovet for reknekraft, og korleis ein nasjonal nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvaltning og kunstig intelligens skal organiserast.
• Les også:
Dette er oppskriften på hvordan Norge skal bruke 3,5 milliarder på tungregning
Regjeringa har tidlegare sett av minst éin milliard kroner til auka forskingsinnsats på kunstig intelligens, digital tryggleik og konsekvensane den digitale utviklinga har for samfunnet.
– Denne satsinga er viktig for at vi skal ha sjølvråderett over teknologiar som kan få svært store konsekvensar for samfunnet, seier Hoel.
Stor breidde i søknadane
Forskingsrådet fekk inn 50 søknadar, som til saman har søkt om 8,8 milliardar kroner. 150 forskingsinstitusjonar både i Noreg og andre land, 225 bedrifter og over 130 offentlege verksemder står bak søknadene, som følger tre hovudspor:
- Kva konsekvensar kunstig intelligens har for samfunnet
- teknologiutvikling
- korleis bruke kunstig intelligens til innovasjon i ulike fagområde i privat og offentleg sektor.
Fakta
620 unike aktørar:
- 225 bedrifter
- 151 forskingsinstitusjonar
- 131 offentlege institusjonar
- 6 fylkeskommunar
- 28 kommunar
Viktige område:
- Samfunnstryggleik og KI
- Ansvarleg KI
- Forklarbar KI
- Energieffektiv KI
- Simulering og optimalisering
- Robotikk og autonomi
- Språkmodellar
- Grunnmodellar for KI
- Kvanteteknologi og KI
– Med KI-sentra, som vi skal offentleggjere i juni, bygger vi vidare på den store suksessen vi har hatt med Senter for framifrå forsking, Senter for forskingsdriven innovasjon og Forskingssenter for miljøvenleg energi. Eg er trygg på at vi no vil få framifrå forsking på kunstig intelligens innan mange ulike fagområde, seier Hoel.
– Vil styrke forsking og innovasjon
– Frå 122 skissesøknadar sommaren 2024 til 50 søknadar no i januar, tyder på at miljø har funne saman og nytt, lovande samarbeid er etablert. Dei skal konkurrere om å bli eit av dei 4-6 sentera. Nettverka som er etablerte vil truleg styrke forsking og innovasjon knytt til KI, uavhengig om ein får sentertildeling eller ikkje, seier administrerande direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit i pressemeldinga.
Forskingsrådet skal no behandle søknadane, og avgjerda om kven som får status som nasjonalt forskingssenter vil skje i juni i år.