Forskingsrådet får 1 milliard kroner til forsking på kunstig intelligens. Det offentleggjorde statsminister Jonas Gahr Støre og forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch torsdag morgon.
LEKKASJE: Statsminister Jonas Gahr Støre kjem med budsjettlekkasjen på ein pressekonferanse på Scene HumSam i Universitetsbiblioteket på Universitetet i Oslo i formiddag. Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch deltar også på lanseringa.Foto: Ola Gamst Sæther
Heilt konkret skal satsinga på 1 milliard gå til forsking på både kunstig intelligens og digital tryggleik. Og pengane skal fordelast over fem år.
Statsminister Jonas Gahr Støre kom med budsjettlekkasjen på ein pressekonferanse på Scene HumSam i Universitetsbiblioteket på Universitetet i Oslo i formiddag.
Med på laget var også forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch. Begge kunngjorde at milliardtildelinga skal administrerast av Forskingsrådet.
– Kunstig intelligens trengjer seg fram alle stader
Statsminister Støre understrekar i eit intervju med Uniforum kor viktig det er å bruka pengar på forsking på kunstig intelligens.
- Dette er eitt av vår tids store tema. Kunstig intelligens trengjer seg fram alle stader. Me kan få tilgang til kunnskap og koplingar som me nesten ikkje kunne drøyma om. Kva blir konsekvnensen av dette og korleis kan me bruka det på ein trygg måte? Dette er spørsmål alle moderne samfunn må stilla. Noreg er eit av verdas mest digitaliserte samfunn, og derfor må me vera i front også på kunnskapssida, seier Jonas Gahr Støre til Uniforum.
Han peikar på at milliarden til Forskingsrådet ikkje berre skal gå til teknologi og utstyr.
- Det skal også sjåast på jus, etikk og personvern som er viktig for at me skal kunna bruka teknologien trygt, konstaterer han.
– Det var naturleg å leggja det hit
- NTNU i Trondheim er jo også sentral når det gjeld forsking på kunstig intelligens. Kvifor valde de likevel å leggja pressekonferansen til Universitetet i Oslo?
- Det er eit stort universitet som har ei brei forskingsverksemd. Sandra og eg var på NTNU for tre veker sidan, og me var i Bergen for to veker sidan, så det er flott å kunna vera rundt på universiteta våre. Eg har mykje godt å seia om Universitetet i Oslo og det arbeidet dei gjer og engasjementet det har på denne fronten, så det var naturleg å leggja det hit, fortel Støre.
– Reguleringa og det å ha ein trygg teknologi er viktig
Sjølv har han også tatt i bruk kunstig intelligens, og ikkje minst taleroboten ChatGPT.
- Eg spøkte med det på veg hit, og spurte ChatGPT om Noreg burde satsa på forsking på kunstig intelligens. Då tar den dei berømte to sekunda, og så har den eit svar. Det var eit godt svar, men ikkje særleg oppsiktsvekkjande nytt, men det seier noko om kva den teknologimoglegheiten er. Det illustrerer også at det ikkje var noko kvalitetssikring på det svaret, så det kunne ha lege ting der som var feil også. Det fortel at reguleringa og det å ha ein trygg teknologi er viktig å oppnå.
Fakta
Dette er dei tre hovudspora for forskingssatsinga:
Forsking om konsekvensar av kunstig intelligens og annan digital teknologi for samfunnet. Sentrale tema vil vera demokrati, tillit, etikk, økonomi, rettstryggleik, lovreguleringar, personvern, undervisning og læring, kunst og kultur.
Digitale teknologiar som forskingsområde i seg sjølve altså forsking på blant anna kunstig intelligens, digital tryggleik, neste generasjons IKT, nye sensorar og kvanteteknologi.
Forsking på korleis digitale teknologiar kan brukast til innovasjon i næringslivet og offentleg sektor og korleis kunstig intelligens kan brukast i forskinga på mange ulike fagområde. (Kjelde: Kunnskapsdepartementet)
Jonas Gahr Støre trur at det vil vera mogleg å oppnå mykje for den milliarden i løpet av dei fem åra den er løyvd for.
- Den vil også utløysa ressursar frå næringslivet, og dei vil delta i internasjonale nettverk, og der vil det også koma ressursar. Dette er ein måte å reisa eit stort engasjement på, avsluttar Jonas Gahr Støre.
– Kunstig intelligens er komen for å bli
Også forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch er glad for at ho og statsminister Jonas Gahr Støre kunne lansera ei milliardsatsing på kunstig intelligens.
- Dette er ei viktig satsing. Me veit at kunstig intelligens er komen for å bli. Dette gjer me for å finna ut korleis me kan bruka dette positivt i kvardagen vår. Anten det er i det private næringslivet eller i offentleg sektor, så er det potensial for å ta i bruk kunstig intelligens, seier Sandra Borch til Uniforum.
– Dette er eit kjempeviktig samfunnsområde
Både styreleiar Gunnar Bovim og administrerande direktør Mari Sundli Tveit i Forskingsrådet var til stades på lanseringa. Og det er nettopp Forskingsrådet som får tildelt potten på 1 milliard kroner og skal fordela pengane ut til prosjekt over heile landet dei komande fem åra.
Gunnar Bovim ser fram til ein hard konkurranse om pengane.
- Det håpar me og trur me for dette er eit kjempeviktig samfunnsområde. Då er det viktig at dei beste forskingsprosjekta får moglegheiten som det ligg i å vera gjennomarbeidde, innovative og på sikt nyttige. Noreg har gode forskingsmiljø og me har behov for dette, understrekar han.
Og Mari Sundli Tveit brukar minst like store ord.
- Dette er eit felt som bevegar seg utruleg raskt, så det er viktig at me får ei så stor satsing på det. Det er viktig å seia at den er breitt innretta. Det handlar ikkje berre om teknologien, men også om korleis den påverkar, skaper moglegheiter og utfordringar i samfunnet vårt, og korleis me skal handtera det. Ikkje minst gjeld det utfordringar knytte til næringslivet og offentleg sektor. Og me må kopla ikkje berre universiteta og høgskulane, men også alle dei andre samfunnsaktørane, slik at me verkeleg får dette til å bli ei samfunnsendring, peikar ho på.
– Studentar må vera deltakande i forskinga
Også leiaren for Norsk studentorganisasjon Oline Sæther var på plass. Ho syntest det var absolutt på tide at lanseringa av satsinga på kunstig intelligens kom no.
- Me har etterlyst dette og me vil ha meir kunnskap om korleis me kan ta det i bruk og gjera det ansvarleg og etisk. For det må satsast på KI, det er framtida og me må bruka ny teknologi og ikkje vera redd for den, seier ho til Uniforum.
No er ho spent på korleis utlysinga frå Forskingsrådet vil vera.
- Studentar må vera deltakande i forskinga, for me er jo framtidas gründerar og arbeidstakarar. Me skal bruka KI, og då må me også vera med når kunnskapsgrunnlaget skal utviklast, understrekar ho.
– Me må ha ein sterk grunnmur
UiO-rektor Svein Stølen var også svært nøgd med at regjeringa i dag lanserte ein milliard til satsing på kunstig intelligens og digital tryggleik.
- Dette er heilt nødvendig. For dette er eit felt som er så overgripande og gjennomgripande for det norske samfunnet at me treng det. Det handlar om at når du har store teknologiske område som er i rask utvikling, så må me han ein sterk grunnmur. Den må vera innanfor teknologien, men den må også setja teknologien i eit samfunnsperspektiv, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.
Stølen synest det er viktig med dei tre pilarane for satsinga.
- Den grunnleggjande teknologiske, den som handlar om regulering og set det i eit samfunnsperspektiv, og ikkje minst den siste som er grunnen til at me har etablert Oslo Science City, altså korleis kan du ta kunnskapen i bruk. Forsking er viktig, og så må samspelet med resten av samfunnet styrkast. Derfor treng me også å overføra kunnskapen vår til arbeidsliv og næringsliv og sørgja for at dei utnyttar dette på ein trygg og regulert måte, trekkjer han fram.
– Der er me gode
Og Svein Stølen reknar med at ein god del av pengane som no blir satsa på kunstig intelligens, også vil koma forskarar på UiO til gode.
- Det håpar og trur eg. For dette er kvalitetsbaserte konkurransearenaer, og det handlar om konkurranse, kvalitet og framifrå forsking. Der er me gode, og det er nødvendig om me skal få tatt desse pengane effektivt i bruk for å byggja kunnskap, slår han fast.
Rektor Svein Stølen stilte opp i både dress og sløyfe under pressekonferansen. Det var ikkje tilfeldig.
- Det er som seg hør og bør når me får statsminister og forskings- og høgare utdanningsminister på besøk. Då nyttar det ikkje å gå i slengbukse og open skjorte, smiler han.