Gaza-studentane starta medisinstudiet på UiO i dag

Ni av dei ti palestinske studentane som blei inviterte til å halda fram med medisinstudiet på UiO, begynte sin første studiedag klokka 08.30 måndag morgon.

PÅ PLASS: No er medisinstudentane frå Gaza klare til å halda fram med medisinstudiet på Universitetet i Oslo. Her står dei utanfor undervisningslokalet på Rikshospitalet.
Publisert

Det var ein historisk dag då medisindekan Hanne-Cathrin Flinstad Harbo og studiedekan Morten Løberg endeleg kunne ta imot ni av dei ti medisinstudentane frå Gaza i Grønt auditorium på Rikshospitalet.

Det skriv Uniforum.

 Etter at dei ti studentane tidlegare i sommar hadde fått opptak på UiO, gav Utlendingsdirektoratet berre opphaldsløyve til ein av dei.

Etter ein underskriftsaksjon for at dei ni andre også skulle få studentvisum i Noreg, overprøvde statsminister Jonas Gahr Støre og regjeringa UDI, og fredag 2. august blei det klart at alle ville få eit avgrensa studentvisum til Noreg. 

• Les også:  – Vi er klare til å ta imot medisinstudentene fra Gaza

Dei kom til Noreg sist onsdag, og i dag tidleg starta studiet for dei palestinske studentane på det engelskspråklege semesteret på Det medisinske fakultetet.

HELSA VELKOMNE: Dei ni studentane frå Gaza blei helsa velkomne av Anne Kveim Lie, professor ved Avdeling for samfunnsmedisin og global helse, dekan Hanne-Cathrin Flinstad Harbo og studiedekan Morten Løberg då dei i dag begynte studia på Det medisinske fakultetet på UiO.

 Men før dei kunne i gå inn på den første førelesinga, blei dei møtte av medisindekan Hanne-Cathrin Flinstad Harbo, studiedekan Morten Løberg og medisinprofessor Anne Kveim Lie. Sistnemnde var initiativtakar til underskriftsaksjonen som medverka til at alle dei ti studentane og ikkje berre ein av dei, fekk studentvisum til Noreg.

Uniforum kjem tilbake med ei utvida sak om dei palestinske studentane. 

Følg UA på Facebook og Instagram.