Ragnhild Hennum blir ny rektor ved Universitetet i Oslo
Jussdekan Ragnhild Hennum vann rektorvalet på UiO med 53 prosent av stemmene.
Det me har bede om er å få tillit frå kollegaene våre, og det har me fått med eit forholdsvis klart mandat. Det er eg glad for, seier den nyvalde rektoren, her med komnde prorektor Bjørn Jamtveit.Foto: Ola Gamst Sæther/Uniforum
Saken er oppdatert med intervju med Hennum lørdag 14.30.
På andreplass kom medisindekan Hanne Flinstad Harbo med 31 prosent av stemmene, medan Giske Ursin, direktør for Kreftregisteret, fekk 16 prosent, skriv Uniforum.
Me er glade for den tillitten me har fått, sa nyvald rektor Ragnhild Hennum til Uniforum like etter at resultatet var klart. Då visste ho ikkje kva ho skulle gjera resten av dagen bortsett frå ein ting:
– Eg skuldar Christine Meklenborg Nilsen ein øl, og eg reknar med at eg må gjera opp den skulda no, avslørte ho framfor ei talrik forsamling med UiO-tilsette, studentar og journalistar på Scene HumSam i Georg Sverdrups hus på Blindern. Fleire av dei frammøtte måtte ta til takke med ståplass.
Vann med 22 prosent forsprang på Harbo
Og det var jussprofessor Marit Halvorsen, leiar av Det sentrale valstyret, som kunngjorde resultatet av rektorvalet ved UiO klokka 16.15 i ettermiddag. Stemmetala viste at jussdekan Ragnhild Hennum fekk 53 prosent av stemmene, medisindekan Hanne Flinstad Harbo fekk 31 prosent, medan direktør for Kreftregisteret Giske Ursin fekk til saman 16 prosent av stemmene frå veljarane på UiO.
Valoppslutninga var 60.01 prosent blant dei tilsette på UiO. Blant studentane var den på 16,39 prosent. Det var ein oppgang på heile 6,9 prosent sidan førre rektorval.
Då resultatet var klart, blei jussdekan Ragnhild Hennum og hennar framtidige prorektor Bjørn Jamtveit ropte opp for å gi ein kommentar. Først fekk dei stor applaus frå alle dei frammøtte, inkludert motkandidatane Giske Ursin og Hanne Flinstad Harbo.
– Eit forholdsvis klart mandat
– Kva føler du no? ville kommunikasjonsrådgivar og ordstyrar Arild Blomkvist ha svar på.
– Om taket hadde falle ned, samtidig som Marit Halvorsen hadde lese opp resultatet, ville eg ha forhalde meg like roleg, sa Ragnhild Hennum.
– Eg er stort sett roleg, og eg hadde vore glad uansett for at det er over. Det me har bede om er å få tillit frå kollegaene våre, og det har me fått med eit forholdsvis klart mandat. Det er eg glad for. Eg er glad for at så mange har engasjert seg i valkampen, at folk har stemt. Og eg er glad for at eg hadde flotte kollegaer som stilte opp mot oss, slik at me fekk ein reell valkamp, sa Hennum.
Motkandidatane Giske Ursin og Hanne Flinstad Harbo gratulerte Ragnhild Hennum med sigeren. Bak står Harbos viserektorkandidat Bjørn StensakerFoto: Ola Gamst Sæther/Uniforum
– Må dyrka universitetsdemokratiet sjølve
– Me klarar ikkje å forsvara og bevara universitetsdemokratiet utan at me dyrkar det sjølv, Dette er det ingen som kjem til å gjera for oss. Dette er ein stor og omfattande jobb som me må gjera saman med heile UiO, både studentane og dei tilsette. Og me treng heile UiO for å gjera denne jobben, understreka ho, før ho igjen takka for tilliten. Publikum svarte med spontan applaus.
– Er stolt og veldig spent
Den neste prorektoren Bjørn Jamtveit vedgjekk at han ikkje var så roleg som Ragnhild Hennum.
– Eg har sommarfuglar i magen. Eg er veldig stolt og veldig spent. Stolt over at me har hatt ein sivilisert og akademisk diskusjon med dei andre laga. Så eg vil gjerne takka dei to andre laga. Me har gjort dette på ein danna måte ved å ha fokusert mykje på verdiane til universitetet. Det er blitt ekstra aktuelt med det som skjer i USA. Der trur eg alle laga har vore på linje, konkluderte han med.
Jamtveit heldt fram med å oppfordra til forsvar av verdiane til universitetet.
– For ei av dei viktigaste oppgåvene til universitetet no, i tillegg til utdanning og forsking, er dei akademiske verdiane, og å vera den delen av samfunnet som tenkjer kritisk, og som seier det me meiner, var appellen frå Bjørn Jamtveit.
– Har bidratt til å få opp engasjementet
Rektorkandidat Giske Ursin som blei nummer tre med 16 prosent av stemmene, takka også for ein god rektorvalkamp.
– Me trur de ser at me har bidratt til å få opp engasjementet ved at me var annleis enn dei andre. Me håpar de også ser at me har sett fokus på ein del saker som kanskje ikkje hadde fått særleg merksemd om ikkje me hadde pressa på, som til dømes økonomi og innovasjon,og kontakt med næringslivet, lista Giske Ursin opp.
– Interessante, og av og til litt tøffe diskusjonar
Nummer to i rektorvalet med 31 prosent av stemmene, medisindekan Hanne Flinstad Harbo, tykte også det hadde vore interessant å driva rektorvalkamp på UiO.
– Eg takkar for tilliten, og for at eg fekk stilla til val med eit fantastisk team. Me har hatt ei interessant reise saman med dykk andre. Me har hatt interessante, og av og til litt tøffe diskusjonar, og me har utfordra kvarandre. Eg vil absolutt takka dykk i dei andreteama for ein fantastisk artig valkamp, Dette gjer me for universitetsdemokratiet, slo ho fast.
Overtar rektorjobben 1. august
UiOs nyvalde rektor Ragnhild Hennum vil ta til i vervet 1. august i år. Ho er den første kvinnelege rektoren ved UiO sidan Lucy Smith gjekk av i 1998. Også ho kom frå Det juridiske fakultetet.
Hennum vil sitja i fire år, før det blir nytt rektorval. Då kan ho bli valt for ein periode til. Den nye rektoren får altså med seg Bjørn Jamtveit som prorektor, medan Mathilde Skoie blir viserektor for forsking og internasjonalisering, Berit Karseth viserektor for utdanning og Jens Petter Berg blir viserektor for livsvitskap og helse.
Den 11. august blir det rektor Ragnhild Hennum som skal ta imot dei nye studentane på Universitetsplassen i Oslo.