Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
Jon Fosse
fortalde i si nobeltale at det byrja i skulen, med ei høgtlesing han grudde seg
til og at angsten han opplevde endra han. Den gjorde at han fant stemmen sin,
sin indre skrivestad, ein stad der han kunne skrive seg bort frå angst, frå seg
sjølv og mot noko trygt, mot kunsten og mot det useielege som pregar Fosses
skrifter.
Nåværende jobb: Stipendiat ved Institutt for lærerutdanning, NTNU.
Tidligere roller i UH: Ingen, men Malkenes har markert seg skolepolitisk gjennom sine bøker og en rekke innlegg og ytringer i medier. Han fikk Fritt Ords honnør i mai 2018 for «hans kritiske søkelys på manglende ytringskultur i Oslo-skolen».
Faglige interesser: Utdanningshistorie, politikk og styring.
Er opptatt av: Utdanningspolitikk, fotball og familie.
I denne
vesle fortellinga finnes der to bilete. Det eine er Fosse som skildrar si indre
reise, ei djupt menneskeleg ferd, ei ferd som og er å finne i dei fortellingar
vi omgjev oss med og som utgjer vår felles kultur. Dei tre bukkane Bruse må forbi det dei er
mest redde for for å komme dit dei helst vil, Frodo og ringen, Luke Skywalker
og Darth Vader og altså Jon Fosse og litteraturen.
Dei seier oss at verda vil
prøve oss og dei seier at det helst vil gå bra, om vi berre gjer det rette. Det
andre bildet er Fosse sin skrivestad, «den hemmelege staden inne i meg», som
han let Olav H. Hauge skildre «som å vera barn og byggje lauvhytter i skogen,
og så krypa inn i dei, tenna stearinlys og sitje der og kjenna seg trygg i
mørke haustkveldar».
Det seier at alle kan finne sin stad i verda og være
trygg. Denne vesle fortellinga om det som skapte den store forfattaren er djupt
menneskeleg, og derfor så rørande. Den treff, på same måte som forfattarskapet,
strengar djupt inne i menneske verda over. Slik opnar den dører mot verda.
Skulen
skal og opne dører mot verda. Omtrent samstundes med Fosse si nobeltale kom dei
siste PISA-tala. Dei fortel om eit utval norske elever sine målbare ferdigheiter
innan det OECD trur blir viktig å kunne på arbeidsmarknaden i framtida. Men i OECD
si fortelling er skulebarna sine resultat eit mål på nasjonen si framtidige
konkurransekraft i den globale konkurranseøkonomi. Fallande testresultat er
derfor eit varsel om ei framtid ei ikkje ønsker seg. Det rettferdiggjer å gripe
inn ovanfor barn for å hindre det som dei vaksne fryktar mest.
PISA-fortellinga
bruker slik eit kjent motiv frå litteraturen. Vi kjenner alle den vonde stemora
som set Snøkvit ut i skogen, Ødipus blir sett ut for å dø, og Kong Herodes får
drept alle gutebarn i Betlehem, alt for å hindre katastrofa det er varsla om. I
den norske PISA-fortellinga koplar ein framtidas ulukke til nasjonalstaten og
frykta for at den ikkje skal overleve, anten ved at resultata varslar dårlegare
konkurransekraft eller ved at dei svakaste elevane overbelastar velferdsstaten
i framtida.
Plottet i
slike fortellinger er bygd rundt blindheit og innsikt, gjerne knytt til forsøk
på kontrollere og styre liv og lagnad for å unngå at det ein frykter mest skal
skje. Dette formar ei tragisk helterolle og i PISA-fortellinga er denne fylt
med politisk hybris og sjølvopptatt moralsk høgverd. Den gjer at den som grip
inn for å hindre den varsla katastrofa kan avvise alle innvendingar og hevde at
PISA-skulen er til barnas og samfunnets beste. Men, som desse fortellingane
lærer oss; det er nettopp intervensjonen mot barnet som skaper den varsla
ulukka. Og det er dette fortellinga eigentleg handlar om, at helten på tragisk
vis må oppdage dette når det er for seint og katastrofen ikkje er til å unngå.
Denne tragiske innsikta, at det var helten sjølv som laga katastrofen han ville
forhindre er heltens nemesis og skjebne, det er lærdommen fortellingane
forsøker å gje oss.
For Fosse
vart det skrivne ordet vegen til noko djupt menneskeleg både for Fosse sjølv og
for alle dei som opplever tekstane hans verda over. Det viser korleis
skrivekunst overvinn frykt, korleis kultur og sivilisasjon vert forma ved å
skrive fram usynlege mellommenneskelege band. Derfor er fortellinga frå Fosse si
tale så vakker og derfor rører den så sterkt. Den seier at alle som søkjer det
kan finne sin veg, bygge sine lauvhytter, overvinne sine farar og bli usårleg
sterk og trygg i verda.
Fosse sit
der endå, i lauvhytta, og skriv det PISA-resultata aldri kan fange. For PISA testar
ikkje ein gong skriving, den testar ikkje mot, ikkje det medmenneskelege, ikkje
kultur og sivilisasjon. I staden testar den det som er enklast å teste og
hevdar det er det viktigaste for framtida. Eg meiner Fosse si forteljing er
viktigare og at skulen i større grad må handle om «den hemmelege staden», om lauvhytta
i skogen, om dei djupare menneskelege strenger som resonnerer verden over. Og
eg meiner at Jon Fosse opnar dei dører mot verden PISA-resultata forsøker å
lukke.
Eg trur at ungane treng å byggje seg lauvhytter, både i skogen og i sitt
indre for å være trygge i den verda vi let dei arve av oss. Og eg trur at berre
slik kan dei forme si eiga verd, i si eiga tid, slik dei sjølve vil ha den.