Gro Harlem Brundtland: – I dag er det ein 24 timar lang mediesyklus for politikarane

– Media tar for stor plass for politikarane i dag. Dei får aldri nok tid til å ta seg av andre viktige oppgåver. Det sa Gro Harlem Brundtland då ho nyleg møtte UiO-studentar

Gro Harlem Brundtland ble svært engasjert då ho snakka om korleis ho blei behandla som kvinne då ho blei statsminister og leiar for Ap.
Publisert

Det var stappfullt i auditorium 1 i Eilert Sundts hus ved UiO fem minutt før tidlegare statsminister og Ap-leiar Gro Harlem Brundtland skulle fortelja om politikken i 1970- og 80-åra i samtale med historieprofessor Einar Lie. Dei som kom etter den tida, møtte stengde dører. 

Saken er hentet fra Uniforum 

- Mindre tid til koordinering

Under førelesinga kom dei inn på mange ting som skil livet dagens politikarar fører og det livet politikarane av hennar generasjon hadde. 

Tidlegare Ap-leiar og Noregs første kvinnelege statsminister, Gro Harlem Brundtland, blei intervjua av historieprofessor Einar Lie.

- I dag er dei i ein 24 timar lang mediesyklus. Før kunne eg seia at eg ville presentera ei sak i Dagsrevyen om kvelden. No må politikarane i tillegg stilla opp i TV 2, Dagsnytt Atten og for journalistar frå kreti og pleti. Dermed blir det mindre tid til koordinering av departementa. Dermed tar media opp mykje meir av tida til politikarane enn det som er bra, tykte ho. 

«Eg forstår ikkje korleis du orkar dette»

Men samtidig la ho ikkje skjul på at livet på toppen av Arbeidarpartiet også var ganske tøft, også dei åra ho var topp-politikar.

- Mora mi hadde ein lang karriere som sekretær for den parlamentariske leiaren for Arbeidarpartiet i Stortinget. Då eg blei leiar for Arbeidarpartiet, var det nokre som kviskra meg i øyret at det kanskje ikkje var så lurt at ho skulle halda fram i den jobben, når det var dottera som var blitt parlamentarisk leiar og leiar for Arbeidarpartiet. Då sa eg til dei at kva skulle den eldre dama gjera i staden for. Ho hadde gjort ein god jobb, og ho fekk halda fram også under meg, fortalde Gro Harlem Brundtland.

Men samtidig blei mora førstehandsvitne til livet til dottera både i politikken og i privatlivet. 

- «Eg forstår ikkje korleis du orkar dette», sa ho til meg. For ho hadde også vore sekretær for tidlegare Ap-leiar og statsminister Trygve Bratteli. Derfor såg ho klart korleis media behandla meg langt tøffare enn det dei hadde gjort med han. Den neste kvinnelege statsministeren vil sleppa dette. Og det har Erna Solberg stadfesta overfor meg då ho blei statsminister nesten eit tredels hundreår etterpå.

– Menn var ikkje vande til at kvinner heva stemma

- Ja, for du blei jo kalla for «Kjeftesmella frå Bygdøy»?, kommenterte og konstaterte Einar Lie

- Eg trur faktisk det var Dagbladet som brukte den karakteristikken første gongen. Grunnen til det var at då eg stod på stand i Studenterlunden, så var eg ikkje den som berre sa «Jaså, synest du det»? Nei, eg argumenterte tilbake og då heva eg stemma også om det var menn som var ueinige med meg. Og menn var ikkje vande til at kvinner heva stemma i diskusjonar med dei. Derfor fekk eg det kallenamnet, trur eg, svara ho.

Gro Harlem Brundtland kom også inn på korleis ho heile livet hadde blitt flaska opp med politikk. For då ho var ti år gammal budde ho med familien i New York der faren Gudmund Harlem tok nokre kurs. 

- Medan me budde der fekk me vita at Trygve Bratteli også skulle på eit oppdrag i New York og vera der i tre veker. Og på den tida når det var snakk om innlosjering, lurte folk alltid på om dei hadde nokre kjente i den byen. Trygve Bratteli hadde oss, og han kom til oss og budde i husværet vårt i ei veke. Han var ein fåmælt mann som ikkje sa så mykje til meg, hugsa ho.

- På verdas første miljømøte i Stockholm i 1972 sa Indira Gandhi at ein ikkje kan få bukt med miljøproblema utan å gjera noko med fattigdomen. Derfor insisterte eg på at kommisjonen skulle kallast for FN-kommisjonen for miljø og utvikling, sa Gro Harlem Brundtland i samtalen med historieprofessor Einar Lie.

- Bratteli hadde lagt merke til meg

Seinare tok ho legeutdanning og blei leiar for Sosialistisk gymnasgruppe og studentgruppe. Som ferdig lege blei ho med i abortnemnda ved Aker sjukehus i Oslo.

- Den gongen hadde me ein artikkelserie i Arbeiderbladet, der me kvar gong tok føre oss eit døme på ei kvinne som hadde søkt om å ta abort. Ja, eg trur nok Trygve Bratteli hadde lagt merke til meg då.

Sjølv var ho sikker på at det var dødsfallet til dåverande sosialminister Sonja Ludvigsen som gjorde at Bratteli til slutt landa på henne som ein ny kvinneleg statsråd.

- Det var fire kvinner i regjeringa, og det ville vera umogleg for Bratteli å utnemna ein mann til ny statsråd. Bjartmar Gjerde hadde møtt meg på gata rett før. Så hadde han sagt til Bratteli; men kva med Gro? Kvifor ikkje henne?

– Det blei eit litt rart første møte

Då blei ho utnemnt til miljøvernminister i 1974. Men den mest opprivande saka på den tida, var likevel abortsaka. 

- Då familiemeldinga skulle behandlast i Stortinget blei eg likevel sendt dit, til protestar frå Ap-representantane som sat i helse- og sosialkomiteen. Dei fekk svar frå kollegaen min Kjell Christensen frå Drammen at det var fordi Bratteli hadde sett Brundtland på lista. Det var eit litt rart første møte med stortingsgruppa til Ap, vedgjekk Gro Harlem Brundtland overfor Einar Lie.

– Det var meiningslaust

Og Arbeidarpartiet var ikkje kjent for å vera eit reformvennleg parti på denne tida. Det klarte ikkje å fornya seg. Gro Harlem Brundtland trekte fram to ting som døme på dette.

– Alle som hadde eit husvære i byane måtte bu i eit burettslag. Og om dei måtte flytta til ein anna by eller stad i landet, kunne dei ikkje selja husværet og investera pengane i eit nytt husvære ein annan stad. Heile landet var splitta opp. Folk var dømde til å bu ein bestemt stad heile tida for ikkje å tapa pengar. Dessutan kom spørsmålet om laurdagsfri til alle. Då insisterte LO på at det også måtte gjelda alle dei som jobba i varehandlelen. Det ville seia at då måtte også alle butikkar ha halde stengde på laurdagar. Det var meiningslaust, meinte Harlem Brundtland.

Ho var klar på at tidene hadde skifta. 

– Det var viktig å få innført større fleksibilitet, slik at dei som ville det også kunne ha jobba seks timar i staden for åtte timar. I si tid var ingen av desse reglane urimelege. Men det gjekk utover Arbeidarpartiet på 1970-talet, det var heilt klart, syntest ho.

– EF-saka splitta partiet og familiar

Likevel ser ho på ei anna sak som endå meir avgjerande for historia til Arbeidarpartiet.

- Og folkerøystinga om norsk medlemskap i EFi 1972, splitta jo både parti og familiar. Sjølv om eg hadde stemt ja, hadde eg ikkje vore ein aktiv bidragsytar i debatten. Det første valet for Arbeidarpartiet etterpå i 1977, var ikkje dårleg for Arbeidarpartiet. Me kom oss til slutt inn i regjeringskorridorane igjen på grunn av at det blei funne igjen 11 gjengløymde stemmer på Hanna Kvanmo i Nordland.

I februar 1981 blei ho utnemnt til Noregs første kvinnelege statsminister, og det vervet sat ho til Kåre Willoch overtok etter stortingsvalet i 1981, sjølv om Ap fekk 41 prosent av stemmene. Dei borgarlege partia hadde klart å danna ei samlingsregjering.

Tidlegare same året hadde ho overtatt som leiar for Arbeidarpartiet, trass i at forgjengaren hennar som statsminister, Oddvar Nordli peika på Rolf Hansen.

Først i 1986 kom ho tilbake som statsminister, først fram til valnederlaget i 1989, då Arbeidarpartiet gjekk tilbake til 34,3 prosent. Då tok Jan.P. Syse over som leiar for ei borgarleg samlingsregjering. Den tok brått slutt i 1990 då Anne Enger Lahnstein som SP-leiar peika på Gro som ny statsminister på grunn av at EF-saka hadde splitta den borgarlege regjeringa. Då overtok Brundtland som statsminister fram til Thorbjørn Jagland tok over stafettpinnen i 1996.

- Insisterte på FN-kommisjonen for miljø og utvikling

Medan ho var leiar for Arbeidarpartiet blei ho også utnemnt til leiar for FN-kommisjonen for miljø og utvikling i 1983.

- På verdas første miljømøte i Stockholm i 1972 sa Indira Gandhi at ein ikkje kan få bukt med miljøproblema utan å gjera noko med fattigdomen. Derfor insisterte eg på at kommisjonen skulle kallast for FN-kommisjonen for miljø og utvikling. Den tida fekk eg masse hjelp av generalsekretæren Jim MacNeill frå Canada. Eg trur me fekk inn gode forslag til kva som måtte gjerast frå nesten alle universiteta i verda, hugsa ho.

- Du var partileiar og samtidig var du leiar for FN-kommisjonen for miljø og utvikling. Kvar får du all den energien frå?

- Det er dei gode gena eg har fått frå foreldra mine. Eg har fått gode verdiar. Og faren min Gudmund Harlem lurte alltid på korleis eg hadde kome fram til ei standpunkt i ei sak. Korleis veit du det spurte han? Derfor har eg alltid vore kritisk akademisk. Det har hjelpt meg, fortalde ho. 

Gro Harlem Brundtland fekk ståande applaus då samtalen med historieprofessor Einar Lie var over.

– Høgre under Erna Solberg er lenger til venstre enn under Willoch

Einar Lie kom også inn på den dårlege oppslutnaden Ap har på meiningsmålingane for tida. Og Brundtland kom med ein analyse. 

- Det er viktig å leggja merke til at i dag har Arbeidarpartiet to parti til venstre for seg, SV og Raudt. I gamle dagar var det berre eit parti, NKP, og det forsvann jo heilt til slutt. Det er også viktig å ta med at Høgre under Erna Solberg er mykje lenger til venstre enn det det var under Kåre Willoch, minna ho folk om.

– Eg synest det var dyktig gjort

Einar Lie ynskte også å vita kva Gro Harlem Brundtland tykte om NRK-serien “Makta” og framstillinga av henne i den serien der ho blir levandegjort gjennom skodespelaren Kathrine Thorborg Johansen. 

– Eg synest det var dyktig gjort. Ho har sett seg godt inn i memoarar og i historia. Så har ho lært seg nokre fakter og alt det der, hadde ho notert seg.

Då samtalen var over, reiste alle seg og gav Gro Harlem Brundtland ein hjarteleg applaus. Etterpå stod unge studentar i ein lang kø for få tatt ein selfie saman med den energiske 84-åringen som no har gjort politisk comeback som bystyrepresentant for Ap i Oslo kommune.

Mange av studentane ville ha selfie med Gro etter samtalen i auditorium 1 i Eilert Sundts hus