Studentar vurderar å gi opp utveksling

- Det krev ein del eigeninnsats for studentar å reise på utveksling, svarer enhetsleiar for internasjonale relasjonar.

Draumen om utveksling kan ryke grunna manglande informasjon og hjelp.
Publisert Sist oppdatert

Sazgar Tahiri går sosialt arbeid og ønsker å dra på utveksling til Spania. Ho har vore på besøk på kontoret til Internasjonal seksjon og fekk beskjed om at det var fullt mogleg. Likevel går ho inn i sommarferien med stress over å nå fristen for utveksling i september. 

Sazgar Tahiri ønsker å dra på utveksling til Spania.

- Det tar alltid over ei veke før eg får svar, og då får eg ikkje hjelp heller. Eg føler meg veldig aleine i prosessen, alt ansvar for å finne ut av om ting er gjort riktig er satt på meg, seier ho.

Tahiri beskriv at ho vart råda av studierådgiver om å byrje prosessen med å søke om utveksling våren 2025 tidleg. 

Derfor byrja ho allereie i slutten av april med å lese seg opp på moglegheitene for utveksling og å ta kontakt med Internasjonal seksjon. 

Ho fekk beskjed om at forhandssøknaden burde vere sendt i slutten av juni, men den har ho enda ikkje klart å sende inn.

- Prosessen stoppar opp når eg ikkje får svar

Tahiri opplever at Internasjonal seksjon ikkje har svara ho etterspør. Ho har fått beskjed om at ansvarleg for utveksling til Spania, ikkje har vore på jobb sidan mai.

- Eg er veldig frustrert og stressa. Eg har tatt kontakt med studentar som er i Spania no, vertsuniversitet i Spania, studierådgivar og fleire ulike mail-adresser tilhøyrande Internasjonal seksjon. Men prosessen stoppar opp då eg ikkje får dei svara eg treng.

- Om eg var aleine trur eg ikkje eg hadde klart det

Natalia Liavåg er psykologistudent og har vore på utveksling til Australia, men vurderte i søknadsprosessen å gi opp.

- Det var heilt umogleg å få tak i den informasjonen eg trong. Me var fleire frå studiet som skulle til Australia, og folk fekk ulike bitar informasjon, så me klarte til slutt å sette saman bitane så det var mulig å søke. Om eg var aleine trur eg ikkje eg hadde klart det, seier ho.

Liavåg opplevde det som at det var vanskelegare for Internasjonal seksjon å svare på spørsmål knytta til psykologi-fagplanen enn ingeniør-fagplanen.

- Dei er kanskje meir rutta på utveksling på campus Gløshaugen. Der har dei mange valfag.

Den store usikkerheita gjorde det vanskeleg å planlegge.

- Ein må kunne bestille fly i god tid, få nokon til å ta over hybel og få avtalt med jobben at ein skal bort. Å stå aleine som ansvarleg for å finne ut om søknad er gjort riktig er veldig skummelt når det er snakk om så store kostnader.

Ho fortel at mykje informasjon ikkje var tydeleg kommunisert, til dømes om kor dyrt det var å dra til Australia.

Fekk kontrabeskjed etter endt reise

Tov Berge går matvitenskap og dro på mini-utveksling til Japan. Han opplevde å få oppgitt feil opplysingar om pengar i forkant av reisa, og fekk ikkje kontrabeskjeden før etterpå. 

Han fekk fyst vite at dei skulle få 50 euro dagleg til mat, men det viste seg å ikkje stemme.

- Det var kjipt og irriterande, ein gjekk jo ein del meir i minus enn det ein hadde forventa, seier han.

- Det krev ein del eigeninnsats for studentar å reise på utveksling

Gunnar Bergseth, enhetsleiar for internajsonale relasjonar har ansvaret for både studentar som kjem til og drar frå NTNU.

Gunnar Bergseth er enhetsleiar for internasjonale relasjonar. 

- Generelt jobbar vi mellom anna for å betre vår førstelinjeteneste, men det er ikkje til å legge skjul på at det i mange tilfelle krev ein del eigeninnsats for studentar å reise på utveksling. Når det er sagt er det leit dersom studentar opplever uklare eller manglande svar frå NTNU.

Han fortel at prosessen med å søke utveksling kan vere lang, men at det og er store variasjonar.

- NTNU har ein hovudsøknadsfrist per semester for å kunne behandle søknadar, men partnaruniversiteta har sine eigne fristar og saksbehandlingsperiodar. Dermed kan det gå lang tid frå ein har søkt til NTNU om utveksling og fram til ein står med eit endeleg formelt opptak som utvekslingsstudent ved partnarlærestaden.

Kva bør studentane gjere for å sikre at prosessen går best mogleg?

- Studentane bør starte planlegginga så tidleg som mogleg, gjerne eitt år før utreise. Dei kan starte på nettsidene våre. Deretter er det viktig å følgja opp dei ulike stega som ligg i prosessen både ved NTNU og vertsuniversitet.

Følg UA på Facebook og Instagram.