Her får studentane jord på henda

- Det sosiale er sjølvsagt viktig, men det er òg viktig for oss å kunne vise kor lett det er å få noko til å gro, sjølv i byen.

Dei frivillige sett tenna i årets fyste reddikar.
Publisert Sist oppdatert

Trondheim studenthage vart starta i 2015 og er drive på eit lite NTNU-areal på Lerkendal. Hagen driftast av frivillige studentar, og er ope for alle. 

Elise Brandsvik Skeide er styreleiar for studenthagen. Ho ønsker at hagen skal kunne bidra med både hygge og kunnskapsspreiing.

- Eg kunne ingenting om hage når eg fyst byrja å gå på arrangementa til studenthagen, men det er jo ikkje så vanskelig å stikke eit frø i jorda, så det er mogleg for alle å vere med uansett kva ein kan frå før, seier Skeide.

Styreleiar Elise Brandsvik Skeide visar fram urtebedet.

Hagen vart starta av ei gruppe biologistudentar som meinte ein hageflekk var noko studentar burde ha. Dei fekk leige ei lita tomt av NTNU, gratis på ubestemt tid. Frø og utstyr vert dekt av stønad frå Sit og grasrotandelen i Norsk Tipping.

Vil vise kor lett det er med kortreist og sjølvgrodd mat

- Det sosiale er sjølvsagt viktig, men det er òg viktig for oss å kunne vise kor lett det er å få noko til å gro, sjølv i byen, seier Ragnhild Fjærbu Solheim, som er tidlegare styreleiar for hagen, og som no sit i styret saman med Skeide.

- Dette prosjektet handlar jo mest om å ha det gøy og å lære nye ting, men me er ein gjeng som er opptekne av berekraft òg. At maten er kortreist, og at ein kan plante og fikse sjølv er veldig fint, seier Skeide.

I år er det mykje squash og jordskokk i hagen, men òg diverse bær, eple, purre og potet. Også eit nytt drivhus har komme på beina det siste året. 

Det nye drivhuset gjerast klar for bruk.

Mange nye besøkande

Sjølv om det er dei seks styremedlemmene som er mest i hagen, har det vore mange nye besøkande i vår.

- Mange studentar synes det er gøy at dette arealet finst, og vil gjerne kome litt av og til. Så vi prøver å leggje til rette for at folk kan kome på arrangement og litt hjelpe til, utan at dei må forplikte seg til for mykje arbeid, seier Skeide.

Høgsesongen for hagearbeid samanfallar med høgsesongen for eksamenslesing og heimreise. Likevel finn studentane løysingar som gjer at hage og studentliv fint kan gå i hop.

- Me har funne ei ordning med at folk er med på forkultivering og å fikse beda på førehand, og så treng me berre stikke plantene i jorda i mai. Vi i styret held ved like, men me let det gro litt til og, det er ikkje så farlig, seier Skeide.

Oppfordrar til å ta kontakt

Hagen har ikkje gjerde og lås, og alle er velkomne til å henge i hagen. Einaste oppfordringa frå leiaren er å gi beskjed om du plantar noko, og å ikkje luke om du ikkje veit kva som er kva.

- Det er veldig kjekt når folk sjølv tek initiativ. Årets potetåker til dømes er resultatet av at nokon tok kontakt og sa dei hadde masse poteter og lurte på om dei kunne setje dei i jorda her. Om nokon vil gjere noko, må dei berre ta kontakt, seier Skeide.

For Skeide er ikkje det viktigaste å få mest mogleg ut av jorda. Ho vil heller at dei som kjem på arrangementer skal kunne vere med å bestemme sjølv kva dei synes er spanande å plante.

- Det viktigaste er ikkje å få mest mogleg mat, men mest mogleg gøy og læring.

All mat som gros delast mellom dei frivillige.

Kva er høgdepunktet for studenthagen i år?

- At me har fått så fine squashplanter! Nei, eg ombestemmer meg, nytt drivhus er jo det store!, seier Skeide.

- Eg synest det kjekkaste har vore kor mange folk som har vore innom hagen denne våren. Mange nye og gamle som har tatt turen på arrangement, seier Solheim.

Følg UA på Facebook og Instagram.