Vikingskattar skal trekke gutar til Vitenskapsmuseet

I museumsmagasinet oppbevarast store mengder gjenstander frå vikingtida. No har eit utval av desse fått plass i ei ny utstilling.

Sverda fortel om vikingar i kamp, men også viktigheta av utsmykning og historiefortelling.
Publisert

2o. juni opna den nye utstillinga, Viking, på NTNU Vitenskapsmuseet. Sverd, anker og gods frå utlandet er på utstilling. Gjenstandar, illustrasjonar og video viser den velkjende historia om vikingar på reise.

- Det ligg enormt med arbeidstimar bak. Me har jobba med utstillinga i eit og eit halvt år, og me er veldig nøgde med kva me har fått til, seier prosjektleiar Ellen Grav.

Ellen Grav er prosjektleiar for Viking-utstillinga på Vitenskapsmuseet

No har utstillinga opna dørene, men prosjektet er stadig i utvikling.

- Dette er den fyste av tre fasar i utstillinga. Neste år byggar vi utstillinga vidare. Andre fase vi ta føre seg heimen og korleis naturressursar i Midt-Noreg var viktige for vikingane her, seier ho.

Eksotiske objekt med long historie

Det fyste som møter dei besøkande er eit lite skrin. Det har ikkje typiske viking-mønster og -emblem, det er nemleg gods frå Irland. 

- Relekvieskrina er vi veldig stolte over. Dei er funne for over hundre år sidan. Her på huset har vi to av dei tre gæliske skrina som finst i heile Norden, fortel Grav.

Irske relikvieskrin tatt med til Noreg av vikingar.

Gjenstandane frå vikingtida er alle funne i Midt-Noreg, men har opphav frå mange ulike stader i verda. Utstillinga byr på sverd, sølv og orientalske perler, samt at ny forsking vert presentert. Grav fortel at ikkje alle gjenstandane er plyndregods.

- Vikingane dro også på oppdagelsesferder og handelsreiser, skapte forbindelsar og slo seg ned, seier ho.

Viktig å få med gutar på museum

Viking-utstillinga skal trekke til seg nye og gamle målgrupper.

- Me har erfart at viking-tematikk i hovudsak tiltrekk seg turistar, og me vil vere med å kjempe om tida til turistane som er her på dagstur. Så veit vi også at vikingtemaet treff mange menn – og spesielt unge menn er ei gruppe som har ein tendens til å underbruke museum. 

Allereie på opningsdagen hadde utstillinga trukke til seg mange besøkande.

Vitenskapsmuseet er ansvarlege for kulturminneforvaltninga i Midt-Noreg.  Dette inneber arkeologiske undersøkingar, konservering og bevaring av gjenstandar.

- Det vanskelegaste har kanskje vore å velge ut kva vi ønska å stille ut. Me har enorme mengdar ting i magasina våre, så det har vore nokre harde rundar med «kill your darlings», fortsett ho. 

Med unntak av hjelp med grafikk, har Vitenskapsmuseet sjølv stått for heile prosjektet. 

- Eg er veldig stolt over at vi klarar å få det til sjølv. Vi lev på internressursar og kloke hovud, fortel Grav.

 

Følg UA på Facebook og Instagram.