NTNU-startup med sosial visjon

- Eg trur folk misoppfattar arbeidet vårt som veldedig fordi me har så sterke verdiar og sosiale mål, men det synes eg personleg alle som driv bedrift burde ha.

Eirin Fossberg har visst lenge at jo ville jobbe med desse kvinnene.
Publisert

- Eg likar å beskrive Naya som ein startup med ein sosial visjon, seier Eirin Fossberg.

Eirin Fossberg er NTNU-alumn frå Entreprenørskulen og er i dag leiar og medgrunnleggjar av NTNU-startupen Naya.

Naya er ei label-teneste som tilset kvinner i India, og gir dei opplæring i databruk og engelsk. Fossberg leiar tech-tenesta saman med sine med-grunnleggjarar Victoria Jenserud og Nora Antonsen, frå kontor i både Noreg og India.

- Eg forstod at eg måtte gjere noko

Fossberg drog for første gong til India i 2017, og fekk her sjå fattigdom og slumområde. Inntrykka der skulle sette djupe spor.

- Eg såg korleis dei levde, og eg trur alle nordmenn som hadde sett det eg såg, ville ha reagert. Eg forstod at eg måtte gjere noko for kvinnene eg møtte i slumområda, på ein eller annan måte.

For Fossberg var det å gi arbeid til kvinnene i slumområdet det viktigaste.

Sidan 2017 har Fossberg besøkt India kvart år, der det lengste opphaldet var i seks månader i 2023. Ho visste at ho ville starte noko, men kva var ikkje like tydeleg.

- Første tanken min var at dei kunne strikke sokkar, og så kunne vi selje dei på Facebook. Det var når eg kom til NTNU og i kontakt med tech-miljøet der, at eg fekk vite om labeling.

Labeling er å merke innhald i bilete. Når kunstig intelligens skal drive med bilete-gjenkjenning, må først menneske gå gjennom store mengder data og sjølv «lable» det dei ser. Dette er svært arbeidskrevjande.

Driv ikkje veldedigheit

Etter eit årsstudium i leiing i Alta, og ein bachelor frå universitetet i Innlandet, kom Fossberg til Entreprenørskolen ved NTNU. Her møtte ho Victoria Jenserud, som no er med-grunnleggjar og busett i India.

- På Entreprenørskolen lærte me å faktisk teste om ideen vår var liv laga. Vi måtte ringe rundt til potensielle kundar og sjekke om det faktisk var ein marknad for ideen.

Victoria Jenserud har vore busett i India i eit år.

Det er viktig for Fossberg å få fram at dei ikkje driv veldedig arbeid.

- Me vil vere konkurransedyktige, det at bedrifta faktisk skaper verdi og kvalitet er det eg trur i lengda vil gi mest til kvinnene vi har tilsett. Eg trur folk misoppfattar arbeidet vårt som veldedig fordi me har så sterke verdiar og sosiale mål, men det synes eg personleg alle som driv bedrift burde ha.

Verdien ligg i kvinnene

- Kvinnenes yrkesstoltheit, at dette er eit fag dei no blir flinke i, og at dei er med på å skape merknadsverdien, er viktig for konkurranseevna til bedrifta, seier Fossberg.

Ho beskriv at kvinnene har hatt ei bratt læringskurve dei siste åra i datakunnskapar og labeling-ferdigheiter.

- Kva dei får til om fem år anar eg ikkje, dei er utruleg flinke. Labeling krev å ta veldig mange vurderingar, damene våre er rå på detaljar.

Det er mange faktorar og detaljar som skal tas hensyn til ved labeling.

I dag er dei fleste labeling-tenestene i same land som klesindustrien, nemleg der du kan finne den billigaste arbeidskrafta. Alternativet for mange bedrifter er å gjere det sjølv, men det er svært tidkrevjande.

- Vi ønsker å vere eit etisk alternativ, der kvaliteten på arbeidet er det sentrale, seier Fossberg.

- Det var veldig viktig å få ein som kjenner til kulturen med på laget

Naya har oppretta eit dotterselskap i India, og fått ein leiar der som har jobba i slumområda i lengre tid.

- Det var veldig viktig å få ein som kjenner til kulturen med på laget. Eg hadde sidan 2017 fått eit lite nettverk i India, men å få kvinnene til å stole på oss som seriøse arbeidsgivarar var ikkje enkelt.

Fossberg fortel at kulturforskjellane ikkje alltid har vore like lette å navigere.

- Det er jo lett å meine at verdiar og tankar i sin eigen kultur er riktige. Det er noko me har måtte jobbe med. Til dømes er det å komme på tida noko som viser respekt i Noreg, i India ser ein ikkje på det på same måte. Vi måtte akseptere at det er eit verdispørsmål, og ikkje eit kven-har-rett spørsmål, avsluttar ho.

Følg UA på Facebook og Instagram.