kronikk

Prøv utviklingsretta masteroppgåve !

I denne teksten argumenterer lærarutdannarar i naturfag ved NTNU for meir bruk av utviklingsretta master i lærarutdanninga. Dei peiker på nokre erfaringar med denne oppgåvetypen, og håpar å inspirere fleire.

Eksempler på utviklingsbaserte masteroppgaver
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Fleire har tatt til orde for at masteroppgåva i lærarutdanninga slik ho vert realisert idag er for akademisk og at ho opplevast som for lite relevant for arbeidslivet som lærar. Nyleg har det også komme fram at det er lite metodevariasjon i masteroppgåvene. Ein studie av 260 avlagte masteroppgåver ved Høgskulen ved Vestlandet har vist at lærarstudentar i stor grad vel oppgåver der dei intervjuar lærarar

Men det treng jo ikkje å vere slik. Vi som er faglærarar ved seksjon for naturfag ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU ønskjer å løfte fram den utviklingsretta masteroppgåva som vi tilbyr ved naturfagseksjonen. Dette er ei praktisk orientert masteroppgåve som kombinerer innsikt i fagdidaktikk med direkte relevans for læraryrket, og som vi meiner at fleire lærarutdanningar bør la seg inspirere av.

Kva er utviklingsretta master? 

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Den utviklingsretta masteroppgåva er forankra i mellom anna pedagogisk designforsking, som kombinerer design av undervisning og læring med undersøkingar av korleis den initierte undervisninga og læringa skjer. Arbeidet med oppgåva er ein prosess der studentar identifiserer eit fagdidaktisk behov i samfunnet eller skulen, for så å utvikle eit produkt som kan møte dette behovet. Studentar kan arbeide individuelt eller i par om oppgåva. Ofte utviklar studenten ein læringsressurs, det vere seg eit hefte, ein undervisingsvideo, eit undervisingsopplegg, eit digitalt spel eller ein konkret til bruk i klasserommet. Utviklingsprosessen er forankra i relevant og fagspesifikk litteratur. Studentane må innhente respons på ressursen til dømes i form av utprøving i reelle kontekstar, og samlar data frå dette. Analysen av dataa vert så nytta til å vidareutvikle ressursen. Det er viktig å presisere er at vi ikkje krev eit ferdig utvikla produkt, men at det er sjølve prosessen med fagleg forankring, utvikling og innhenting av data eller respons som skal vurderast. 

Relevans til læraryrket 

Pedagogisk designforsking ligg nært yrket til lærarar. Det at lærarstudentar får høve til å delta i utviklingsarbeid der dei nyttar forskingslitteratur som bakgrunn for nye undervisingsressursar vil derfor bidra til å utdanne lærarar med svært relevant kompetanse. Dette kan igjen føre til at fleire lærarstudentar opplever arbeidet med masteroppgåva meir meiningsfylt. Det er særleg viktig å gi tid til utviklingsarbeid i utdanninga sidan vi veit av erfaring at lærarkvardagen er svært hektisk og gir lite rom for slikt arbeid. Samla meiner vi dei utviklingsretta oppgåvene viser eit tydeleg potensial for å bidra til innovasjon i sektoren. For elevar i skulen kan utviklingsretta masteroppgåver bidra til undervising som gir god progresjon og djup fagleg forståing.

Interesse hos studentar

Det at lærarstudentar får høve til å jobbe med eit konkret utviklingsopplegg som kan brukast i skulen kan også bidra til ei meir meiningsfylt og arbeidslivsrelevant utdanning. Frå to kandidatar første året har halvparten (14) av masterstudentane i naturfag valt å skrive ein utviklingsretta master i år. Nokre eksempel på utviklingsretta oppgåver i årets kull er ein videoressurs for å støtte lærarar i undervising om fotosyntese gjennom teikning, ein skjønnlitterær tekst om energi for småtrinnet, eit dataspel for læring av naturfaglege omgrep, samt ressursar for å undervise om ville vekster i nærmiljøet, undervising om berekraft og læring om kjemi i tilknytning til plantevekst.

Skjermdump frå ein videoressurs for å støtte lærarar i undervising om immunforsvaret gjennom teikning.

Lærarutdanningar bør og kan bidra til å gi studentar erfaring med fleire ulike forskings- og utviklingsmetodar relevante for læraryrket, og vi kan medverke til masteroppgåver som i større grad er relevante og interessante for skulen. Vi håpar at fleire vil la seg inspirere og la studentane få moglegheit til å skrive ein utviklingsretta master som avslutning av lærarstudiet.

Unni Eikeseth, Camilla Berge Vik, Anne Berit Johnsen, Lilith G. Rüschenpöhler, Eli Munkebye, Ragnhild Lyngved Staberg, Pål Kvello, Floor Kamphorst, John Magne Grindeland, Alex Strømme, Elisabeth Inge Romjin, Hilde Ervik, Torunn Smevik, Jardar Cyvin, Arne Stormo, Dag Atle Lysne og Kristin Elisabeth Haugstad, alle ved seksjon for naturfag ved Institutt for lærarutdanning, NTNU.