Mandag kom meldinga om at alle tilsette i dei åtte fagseksjonane ved Institutt for lærarutdanning (ILU) kan søkje om sluttavtale. Årsaka er ei pressa økonomisk situasjon på SU-fakultetet.
- Vi har vald å gå breitt ut, då det kan vere rom for noko nedbemanning i dei fleste fagseksjonane, seier konstituert instituttleiar for ILU, Ruth Grüters.
- Då det er tydelig at det trengs nedbemanning på ILU, ser vi det som positivt at NTNU forsøker å redusere med sluttpakkar, seier Thomas Kristoffer Ferstad, nestleder i NTL NTNU og lokal tillitsvalgt ved SU-fakultetet.
Sluttavtalen inneber lønn i 9-18 månadar, rekna ut frå tenestetid.
- Vi ønsker så klart at NTNU hadde
tatt i bruk heile særavtalen, som går opp til 24 månadar. Men vi ser at det
ikkje var mulig å strekke seg lenger, og vi er nøgde med der avtalen landa. Avtalen sikrar til dømes at også nyansatte får gode vilkår, seier Ferstad.
Han ønsker ikkje at nokon skal kjenne seg pressa til å søke sluttavtalen.
- Eg håpar dette tiltaket først og fremst treff dei som allereie har sett for seg å ville prøve noko anna, seier Ferstad.
Frivillig enn så lenge
Meldinga til dei tilsette presiserer at dette er eit frivillig tilbod.
«Det er helt frivillig å søke om en sluttavtale, og NTNU eller ILU kan ikke kreve at du søker.»
Samstundes kjem ei påminning om at det kan bli nødvendig med oppsigelsar.
«Fakultetet vil gjennomføre en evaluering når vi i høst har oversikt over hvor mange ansatte som har inngått en sluttavtale og andre typer frivillig avgang. Hvis vi fortsatt har behov for nedbemanning, vil oppsigelser være neste skritt. Sluttavtaler vil da ikke lenger være et aktuelt tiltak.»
Mange må nok søke sluttavtale for å unngå vidare nedbemanning.
- Eit generelt anslag er at det er behov for å redusere med 25 til 30 årsverk med effekt frå og med 2025. Eg har fått signal om at fleire planlegg å søkje. Men endeleg svar får vi først når fristen har gått ut 12. august, seier Grüters.
- Dette er ei ny situasjon for heile sektoren og eg har stor forståing for at dette kan vere vanskeleg for mange. Samstundes registrerer eg ein viss lettelse over at konkrete tilbod omsider ligg føre, seier Grüters.