Feirar eit mangfald som truleg ser slutten

Urban Ecological Planning feirar 25-årsjubileum med ei hyllest til mangfald. Samstundes er det ingen studentar utanfrå Europa som byrjer på studiet til hausten.

25-årsjubileum på Urban Ecological Planning.
Publisert Sist oppdatert

25-årsjubileumet til den internasjonale masteren Urban Ecological Planning bydde på innlegg frå gjester frå blant anna Uganda, Sør-Afrika og Noreg. Kunnskapsutveksling mellom det globale nord og sør stod sentralt for både noverande og tidlegare studentar. 

Samstundes er det ingen studentar utanfrå Europa som byrjer på studiet til hausten. Dette grunna innføringa av studieavgift for studentar utanfrå EU/EØS/Sveits. Studiet har tidlegare i hovudsak hatt studentar frå utanfor Europa, og slit no med rekruttering. 

Til hausten skjer ei revidering av dei internasjonale masterprogramma, der dei med låg fyllingsgrad står i ei usikker situasjon. Det som er sikkert er at Urban Ecological Planning uansett har mista det breie mangfaldet i klasserommet.

Neste år får programmet stipend som skal dekke studieavgifta for fire studentar. 

- Ei veldig trist utvikling

Anne Klenge frå Tyskland byrja på masteren året før studieavgifta vart innført. Ho er takknemlig for å ha kunna gå i ei mangfoldig klasse, der ingen måtte betale skulepengar. 

Anna er tysk student ved den internasjonale masteren Urban Ecological Planning

- Vi har hatt mykje gruppearbeid. Ei viktig del av det vi lærer er nettopp om medstudentanes ulike bakgrunner og perspektiver. Om det berre blir studentar frå Europa har vi snevra inn den mulige lærdommen, seier ho.

- Byplanlegging handlar om å sjå nye løysingar. Rom for lærdom mellom nord og sør er svært viktig. Så dette er ei veldig trist utvikling.

- Akademiske miljø, også på studentnivå, treng å lære av prespektiver utanfrå Europa

Ragna Fagerli er byplansjef i Trondheim kommune, og tidlegare student på Urban Ecological Planning. Ho var ein av fire nordmenn i ein klasse på 30 studentar.

Byplanlegger i Trondheim kommune, Ragna Fagerli, viser til kva ho lærte i Nepal, som ho kan ta med seg til arbeidet med Trondheim by.

- Ei stor oppgåve for oss som driv med arealplanlegging er å tenke nytt i forhold til klimaendringar. I Norden er løysingane på klimakrisa ofte ny teknologi, elektrifisering og andre dyre investeringar. I andre delar av verda har ein mindre ressursar, løysingane som kjem ut frå dette kan vi ta lærdom av i Norden. Ofte kan sykkel-løysingar vere betre enn tesla-løysingar, seier ho.

- Globalt er det ikkje mange opne programmer av denne typen

Nancy Odendaal er professor ved Cape Town University. Ho er del av revideringsutvalet for programmet, og beskriv seg sjølv som ei ekstern venn av programmet.

Nancy Odendaal kjem frå Cape Town for å vere med på 25-årsjubeleumet.

- Globalt er det ikkje mange opne programmer av denne typen. Å skape meir rom for mangfald i problemløysing er eit viktig prosjekt for heile akademia. Det er noko dette programmet får til, og det ville vore eit stort tap om programmet mista denne evna, seier Odendaal.

Akademiske miljø, også på studentnivå, treng å lære av prespektiver utanfrå Europa

Rolee Aranya er programansvarleg for Urban Ecological Planning, og har lenge vore svært kritisk til innføringa av studieavgift for internasjonale studentar. Ho peiker på at vi i nord kan ta viktig lærdom frå land i sør.

Ho peiker på at Norden er på veg inn i ei stor omstilling, og at meiner me har mykje å lære frå land i sør når det kjem til handtering av klimakrisa og immigrasjon. 

- Land i sør har lang erfaring med å leve på mindre ressursar og handtering av stort mangfald og ulikheter. Når vi i Norden utvilsomt skal gjennomgå store endringar, vil det vere nødvendig å ha all den kunnskapen vi kan få. Det betyr at akademiske miljø, også på studentnivå, treng å lære av perspektiver utanfrå Europa, fortel Aranya.

- Vi ønsker så klart helst å kunne fortsette med eit meir mangfaldig miljø, men vi ser det som umulig då dei fleste ikkje har råd til å betale studieavgifta, seier Rolee Aranya.

- Ein dagleg kamp

- Vi håpar vi får den tida vi treng til å omstille oss. Det har vore ein dagleg kamp. I desse økonomisk dårlege tidene opplever vi det som at mange synes dei internasjonale programma ikkje er verd å bruke pengar på. Det synes eg er svært lite kontruktivt og kortsiktig tenking, seier Aranya.

Rekrutteringsfokuset har retta seg mot Europa og Norden.

- Vi ønsker så klart helst å kunne fortsette med eit meir mangfaldig miljø, men vi ser det som umulig då dei fleste ikkje har råd til å betale studieavgifta. Vi held ei internasjonal profil sjølv om det truleg blir fleire norske studentar, seier Aranya.

Det har heller ikkje vore lett å fylle studieplassane med europeiske studentar. Ho peikar på at utfordringa kan skuldast stor kamp om studentane i Europa og mange norske studentar tenker ikkje på internasjonale program som ei mulighet.

Aranya meiner det er ei tabbe at dimensjoneringsutvalet har like forventingar til fyllingsgraden på internasjonale og nasjonale studieprogram. 

- Før studieavgifta var det også lågare fyllingsgrad på dei internasjonale programma. Det blir feil å sette samme mål for studier som har heilt ulike rekrutteringsoppgåver.

Følg UA på Facebook og Instagram.