Nå er studieavgifta endeleg vedtatt i Stortinget
Berre Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei grøne og Kristeleg Folkeparti stemte imot innføring av studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits, då saka blei endeleg vedtatt av Stortinget i dag.
Massivt fleirtal for studieavgift: 87 representantar stemte for.
Stortinget
På Stortinget var det eit massivt fleirtal av representantane som stemte for å innføra studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. Etter at fleire forslag frå SV om mindre endringar i innstillinga, fall mot 11 og 12 stemmer, enda også SVs representantar med å stemma for den endelege innstillinga frå Utdannings- og forskingskomiteen. Det skriv Uniforum.
Norsk studentorganisasjon sin kamp mot studieavgifter fekk dermed ikkje gjennomslag i Stortinget i dag. Tidlegare denne veka kalla NSO-leiar Maika Marie Godal Dam innstillinga frå Utdannings- og forskingskomiteen for ei gravlegging av gratisprinsippet.
"– Dette er et svik fra mange hold! Regjeringen og flertallet i Stortinget har nektet å lytte til hvilke konsekvenser dette vil ha for studentene og for høyere utdanning i Norge. Vi hadde forventet langt mer fra våre øverste folkevalgte, sa ho i ei pressemelding frå Norsk studentorganisasjon.
Fleirtal på 87 representantar
Til saman stemte 87 representantar frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Pasientfokus for at studentar frå land utanfor EØS og Sveits som blitt tatt opp på norske universitet og høgskular frå og med hausten 2023 må betala studieavgifter. 12 representantar frå Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei grøne og Kristeleg Folkeparti stemte altså imot under den endelege voteringa. Dermed blei forslaga til endring i Universitets- og høgskulelova vedtatt, slik at det er mogleg å innføra studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits.
SV føreslo endringar
Under handsaminga i Stortinget kom SV med forslag om at §7-1 a skulle lyda: «statlige universiteter og høyskoler kan kreve egentbetaling fra statsborgere i land utenfor EØS eller Sveits.» I innstillinga frå fleirtalet i Utdannings- og forskingskomiteen stod det «skal» i staden for «kan». Dette endringsforslaget fall med 10 mot 90 stemmer. Den andre endringa SV føreslo var i (2) som begynner med at «Institusjonene skal ikke kreve egenbetaling fra e. studenter fra det globale sør og f. studenter fra land omfattet av Panorama-strategien.»
Dette endringsforslaget fall med 17 mot 83 stemmer.
Fleire får unntak
Dermed blir det innført studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits frå og med haustsemesteret 2023. Dei som har starta på ei utdanning før den tida, skal derimot ikkje betala for den utdanninga dei er tatt opp til, går det fram av vedtaket. Heller ikkje doktorgradskandidatar skal betala studieavgift. Det skal heller ikkje utanlandske borgarar som etter internasjonale avtalar har rett til likebehandling med norske borgarar. Også studentar som er omfatta av eit internasjonalt utvekslingssamarbeid, får unntak frå kravet om eigenbetaling. Universiteta og høgskulane kan heller ikkje krevja eigenbetaling frå utanlandske borgarar som kan ha rett til lån og stipend på same vilkår som norske borgarar etter utdanningsstøttelova, går det fram av det endelege vedtaket i Stortinget i dag.
Dette er det endelege vedtaket om endring i Universitets- og høgskulelova:
I lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler gjøres følgende endringer:
Ny § 7-1 a skal lyde:
§ 7-1 a Egenbetaling for statsborgere fra land utenfor EØS og Sveits
(1) Statlige universiteter og høyskoler skal kreve egenbetaling fra studenter som er statsborgere i land utenfor EØS eller Sveits. Egenbetalingen skal minst dekke institusjonens kostnader for utdanningen.
(2) Institusjonene skal ikke kreve egenbetaling fra
- a. utenlandske borgere som etter internasjonale avtaler har rett til likebehandling med norske borgere
- b. utenlandske borgere som kan ha rett til lån og stipend på samme vilkår som norske borgere etter utdanningsstøtteloven og forskrift fastsatt i medhold av denne
- c. doktorgradskandidater
- d. studenter som er omfattet av et institusjonelt utvekslingssamarbeid. Institusjonene kan likevel kreve egenbetaling dersom dette ligger til grunn for utvekslingsavtalen.
(3) Departementet kan gi forskrift om unntak fra første ledd for studenter som er omfattet av et nasjonalt finansiert samarbeidsprogram, og for andre grupper av studenter.
§ 8-3 nytt femte ledd skal lyde:
(5) Private universiteter og høyskoler som mottar statstilskudd, skal ikke bruke statstilskudd til dekning av driftskostnader for studier til studentgrupper som skal avkreves egenbetaling etter § 7-1 a.
Nåværende § 8-3 femte og sjette ledd blir sjette og syvende ledd.
II
Loven gjelder fra den tiden Kongen bestemmer. Studenter som har startet på en utdanning før høstsemesteret 2023, skal ikke betale studieavgift for den utdanningen de er tatt opp til. Kongen kan fastsette overgangsregler.