Desse skal leie landets største studentorganisasjon

Denne sommaren har eit nytt arbeidsutval tatt over leiinga av Norsk Studentorganisasjon, NSO. Dei skal representere om lag 270 000 studentar.

Kaja Hovdenak med sitt nye arbeidsutval på NSOs landsmøte.
Publisert Sist oppdatert

NSO er ei nasjonal interesseorganisasjon for studentar. Dei samlar 34 ulike studentdemokrati frå universiteter og høgskular landet over, og har sidan 2010 jobba for å vere ei viktig stemme for studentane i møte med politikarar og utdanningsinstitusjonar. 

Moglegheiter, ikkje berre rettar

Kaja Ingdal Hovdenak er ny leiar for organisasjonen. Ho kjem frå Universitetet i Bergen, der ho har studert samanliknande politikk.

Kaja Ingdal Hovdenak er ny NSO-leiar.

Kva er di hjartesak? 

- Mi hjartesak er at alle skal ha moglegheitene, ikkje berre rettane, til å ta høgare utdanning. 

Kva trur du er viktige tiltak for å betre studentar sin psykiske helse? 

- Vi treng at det blir løyvd meir midlar til psykisk helse. I tillegg meiner eg at førebyggande arbeid gjer mykje. Eit viktig og lågterskel tiltak er at alle studentorganisasjonar og linjeforeiningar burde ha areal for sosiale møteplassar. I dag er det store skilnader på dette frå institusjon til institusjon. 

På NSOs landsmøte sa du at du ikkje meinte det var for seint å gjere om på skulepengar for internasjonale studentar. Er dette noko du vil jobbe med? 

- Eg har tru på at dette er noko vi kan reversere, men det vil nok ta fleire år. Å innføre skulepengar var eit usolidarisk budsjettkutt. Inntil det skjer endring må vi jobbe for å senke kostnadene for internasjonale studentar.

- Dei lokale studentdemokrati skal ha meir plass

Elida Linnea Slettum vil gi lokallaga meir plass.

Nestleiar Elida Linnea Slettum studerer til bachelor i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. 

- Mi største hjartesak er studentane si rettssikkerheit. Alle studentar skal kjenne til sine rettar og at dei skal bli ivaretekne av institusjonane og staten. 

Korleis ønskjer du at NSO skal utvikle seg som organisasjon? 

- Eg ønskjer at alle dei lokale studentdemokratia skal ta meir plass i organisasjonen og vere med på å utvikle politikk heile tida.

Harald Bolstad Evensen meiner kvar du studerer ikkje skal påverke jobbmoglegheitene.

Harald Bolstad Evensen har studert IT og informasjonssystem ved Universitetet i Søraust-Noreg, før han no tek på seg rolla som ny fag- og forskingspolitisk ansvarleg.

- Mi hjartesak er at alle studentar skal bli like gode arbeidstakarar uavhengig av kvar me studerer. 

Akademisk fridom, openheit i forsking og berekraftig utvikling er grunnleggande i NSO si forskingspolitikk. Er desse prinsippa ivaretatt når universitet som NTNU har store økonomiske avtalar med bedrifter som Kongsberggruppa og Equinor? 

- Akademisk fridom er blant anna med på å gjere det mogleg at studentar og forskarar ved universitet og høgskular kan forske utan å vere redde for sanksjonar. Sjølv om institusjonar har økonomiske avtalar med verksemder som til dømes Kongsberggruppa og Equinor, er dette etter mi meining ikkje noko som går på akkord med prinsippa i NSOs forskingspolitikk. Først og fremst kan desse avtalane gjere at dei får tilgang til kloke hovud og kan forske på korleis ein kan gjere selskapet og utviklinga meir berekraftig og framtidsretta, samt vere med på å sikre eit mangfald av forskarar som forskar innanfor ulike område.

Vil satse på dei digitale verktøya

Maiken Køien Andersen meiner fokus på kunnskap om digitale verktøy er viktig for studentar i dag.

Ny fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg, Maiken Køien Andersen, har studert statsvitskap ved Universitetet i Agder. 

- Eg vil jobbe for at institusjonane skal gi studentane den faglege kompetansen og dei generiske ferdigheitene som svarar etter arbeidslivet sine behov. 

Kva meiner du er den største læringsmiljømessige utfordringa til norske studentar i dag? 

- At alle studentar skal få tilgang til og opplæring i dei verktøya som krevst i utdanninga si. Det er òg viktig at desse verktøya er arbeidslivsrelevante. Vi må ha ei satsing på det digitale læringsmiljøet.

Nora Rymoen Houidi ønsker å betre velferda til internasjonale studnentar i Noreg.

Nora Rymoen Houidi er ny internasjonalt ansvarleg, ho studerer statsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Kva er di hjartesak? 

- Velferda til internasjonale studentar i Noreg. 

Palestina-solidaritet og Israel-boikott er saker som opptar mange utdanningsinstitusjonar, kva meiner NSO om dette? 

- Vi krev at akademisk samarbeid med aktørar som bidreg til å legitimere undertrykkande regime og menneskerettsbrot skal avsluttast. Noreg bør òg opprette ekstra studieplassar på norske utdanningsinstitusjonar for palestinske studentar på flukt.

Vil heller ha kjønnskvoter enn kjønnspoeng

Sigve Næss Røtvold vil gi alle studentar lik rett og lik moglegheit til å studere.

Velferds- og likestillingsansvarleg, Sigve Næss Røtvold, kjem frå Universitetet i Oslo, og har studert lektor i historie og tysk. 

- Mi hjartesak er studentøkonomi, å sørgje for at alle studentar har lik rett og moglegheit til utdanning. 

NSO er for at særbehandling skal kunne nyttast for å sikre mangfald, kva meiner de om at kjønnspoeng forsvinn frå mange studiar ved NTNU? 

- Vi ser at kjønnspoeng kan ha slått feil ut enkelte stader, og støttar difor heller ei innføring av kjønnskvotar, for å sikre eit mangfald innanfor særskilde utdanningar som i dag har stor overvekt av eitt kjønn. Her er det viktig å peike på verdien av kjønnsmangfald, ikkje berre for at studietida skal bli best mogleg, men òg når studentane skal inn i arbeidslivet. Forsking viser at ein får best arbeidsmiljø der eitt kjønn ikkje har for stor overvekt.

 

Følg UA på Facebook og Instagram.