Samordna opptak
Rekordlåge tal for lærarutdanningane:
- Regjeringa må komme med tiltak
Etter at årets opptak viser rekordlåge tall for lærerutdanninga meiner pedagogstudentane at regjeringa må komme med tiltak for å betre situasjonen.
Leiar for Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet, Kaspara Halkjelsvik meiner er trist dag for alle som brenn for læreryrket og for norske barnehagar og skular.
Foto: Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet
- Dette er ein trist dag for alle som brenn for læreryrket og for norske barnehagar og skular, no må regjeringa ta tak i problemet, seier leiar for Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet, Kaspara Halkjelsvik i ei pressemelding.
Tala frå Samordna Opptak for opptaket til høgskular og universitet i 2023 viser at nært 20 prosent færre har fått tilbod om å starte på lærarutdanningar enn i 2022.
Etterlys tilltak
Pedagogstudentane skriv at tiltaka som kjem frå Kunnskapsdepartementet ikkje når langt nok sjølv om dei er gode. No seier Pedagogstudentane at ein treng betre finansiering for å sikre at studentane får gode moglegheiter til å gjere seg erfaringar med læraryrket gjennom utdanningane.
- Vi er nøydd til å få meir av yrket vårt inn i utdanningane våre. Universiteta og høgskulane treng meir ressursar for å kunne tilby betre praksis, men vi må også sjå på korleis lærerutdanningane kan bli betre, seier Halkjelsvik.
- Hovedmotivasjonen til de som ønsker å studere til å bli lærere er at dei ynskjer å gjere en forskjell for barn og unge. Vi må sikre gode møter med læreryrket gjennom lærerutdanningane. Dette vil gjere at fleire søker seg til, og færre fell frå utdanningene, seier Halkjelsvik.
Held ikkje med varme ord
I forrige veke sa instituttleiar ved ILU, Ingfrid Thowsen, til Universitetsavisa at problemet ikkje berre ligg i utdanningane dei tilbyr, men at oppfatninga potensielle søkarar har av læraryrket er viktig også.
Då dei låge søkartale kom tidlegare i år trakk dåverande leiar av Pedagogstudentane, Lars Strande Syrrist, fram at dei er glade for at Støre-regjeringa har peika på å auke satsinga på rekruttering til lærarstudia. Syrrist sa vidare at dei venta utan tolmod på å kva tiltak regjeringa kom til å sette i verk for å motarbeide utviklinga.
- Det held ikkje med varme ord om verdas viktigaste jobb, sa Syrrist til Universitetsavisa.