Kjønnspoeng har ikkje bidratt til fleire gutar på psykologistudiet

- Eg opplever at det er ei veldig skeiv kjønnsbalanse på psykologistudiet, seier Øyvind Imenes Sivertsen. Han er positiv til innføring av kjønnskvoter. 

Øyvind Imenes Sivertsen
Øyvind Imenes Sivertsen kjenner på at han er ein av få gutar på psykologistudiet.
Publisert Sist oppdatert

Kjønnspoeng brukast for å få høgare opptak av eit underrepresentert kjønn på eit studium. 

Fakta

Kjønnspoeng og kjønnsskvoter

NTNU har i år kjønnspoeng for menn på psykologi og bioingeniør-bachelor, og kjønnspoeng for kvinner ved 12 utdanningar, der dei fleste er ingeniørutdanningar. 

NTNU søkte opphavleg om kjønnspoeng ved om lag 40 utdanningar, men fekk avslag.

Den nye Universitet og Høyskole-lova stadfester at kjønnspoeng ikkje lenger skal brukast. 

I 2027 blir kjønnskvoter innført. Kor mange studier som vil ta i bruk desse kvotene er ikkje bestemt.

UH-lova som tredde i kraft 1. august stadfester at kjønnspoeng ikkje lenger skal brukast. Det nye tiltaket blir kjønnskvoter, som skal innførast i 2027. 

NTNU har kjønnspoeng for menn på blant anna psykologi- studiet. Dei siste ti åra har delen av gutar på psykologi ligge på kring 25 prosent. I år er det som vanleg, med 75 prosent kvinner på profesjonsstudiet i psykologi og 82 prosent kvinner på årsstudiet og bachelor. Kjønnspoenga har ikkje hjulpet på kjønnsbalansen, seier leiar for psykologisk institutt, Magne Arve Flaten.

Dekan Monica Rolfsen ved meiner på si side at bruk av kjønnspoeng har vært viktig for kvinneandelen ved industriell økonomi. Studiet mista ein stor andel kvinner i år, når dei ikkje fekk bruke kjønnspoeng (sjå lenger nede i saka).

- Blir den eine guten

- Eg trivst veldig godt med jenter, men ein blir litt den eine guten. Det synest eg er litt kjipt. Det er mange gutar som ikkje fullfører studiet, og det trur eg kan ha noko med at det er så få gutar, seier psykologistudent Øyvind Imenes Sivertsen.

Sivertsen fortel at han har vore den einaste guten i nesten alle mindre studiegrupper han har vore i. Han er positiv til kjønnskvotar, då kjønnspoeng ikkje har fått store utslag.

Eg merkar at eg har måtta tilpasse meg eit feminint miljø

Øyvind Sivertsen, psykologistudent

- Eg opplever at det er ei veldig skeiv kjønnsbalanse på psykologistudiet. Kjønnsbalansen pregar miljøet og dialogen på studiet. Til dømes trur eg gutar ofte pratar høgare og friare. Betre kjønnsbalanse trur eg kunne ført til meir debatt. Eg merkar at eg har måtta tilpasse meg eit feminint miljø, seier Sivertsen.

Kjønnspoeng har fått ulike utfall

Dei siste åra har psykologistudia hatt eit kjønnspoeng for mannlege søkjarar, men det har hatt lite effekt. Både i år og i fjor førte kjønnspoenget berre til at ein mann fekk plass i staden for ei kvinne på profesjonsstudiet i psykologi.

Instituttleder Magne Arve Flaten meiner ikkje den låge guteandelen påverkar studentmiljø eller fagets utvikling.

- Det er fleire gutar som sluttar på studiet. Sjølv om andelen gutar ved opptak er 25 prosent, veit vi at denne andelen er lågare når kullet er ferdige. Det er bekymringsverdig. Vi veit ingenting om kvifor det er slik, seier leiar for psykologisk institutt, Magne Arve Flaten.

Han fortel at det tidlegare har vore prøvd ut temadagar og marknadsføring med fokus på gutar i vidaregåande, men at dette heller ikkje har hatt stor effekt. Dei arbeider difor ikkje lenger med dette.

- Fagleg sett slit eg med å sjå fordelar eller ulemper med kjønnsfordelinga, seier Flaten.

Trur ikkje forskinga lider

- Eg trur ikkje forskinga og utviklinga av psykologifaget lider under den skeive kjønnsfordelinga i opptaket til profesjonsstudiet, årsstudium og bachelor. Kjønnsbalansen for stipendiatar er mykje betre. Vi ser òg at mange kvinner vel å forske innan dei realfaglege retningane, som nevrovitskap og biologisk psykologi, seier Flaten.

Flaten meiner heller ikkje det er noko som tyder på at kjønnsfordelinga har ei negativ påverknad på studiemiljøet. På Studiebarometeret skårar årsstudium og bachelor i psykologi gjennomsnittleg i forhold til nasjonale tal, og profesjonsstudiet skårar over gjennomsnittet.

- Vi veit at somme pasientar har ein preferanse når det gjeld kjønn på psykologen. Sjølv om det ikkje er nokon skilnad på kor godt arbeid mannlege og kvinnelege psykologar gjer med pasientar, er pasientperspektivet stadig viktig å ha med. Difor ser eg på dette som det største problemet med kjønnsfordelinga, avsluttar han.

Meiner kvoter berre bør brukast ved ekstreme behov

Dekan Monica Rolfsen meiner bruk av kjønnspoeng har vært viktig for kvinneandelen ved industriell økonomi. 

Eg synest det er veldig leit at vi ikkje skal få bruke kjønnspoeng lenger når vi ser at det har fungert godt.

Monica Rolfsen, økonomidekan

Industriell økonomi er ei av studieretningane som ikkje fekk bruke kjønnspoeng i år. Årets opptak til industriell økonomi enda opp med omtrent 35 prosent kvinner. Dette er nesten ei halvering frå i fjor. Det gjenstår å sjå kor mange som faktisk møter opp til immatrikulering, då dette kan endrast ein del frå talet på dei som får tilbod.

Dekan Monica Rolfsen meiner kjønnspoeng fungerte godt, og at kvoter ikkje kan brukast på same måte.

- Kjønnspoeng har fungert bra på industriell økonomi. Eg synest det er veldig leit at vi ikkje skal få bruke kjønnspoeng lenger når vi ser at det har fungert godt. Vi skulle gjerne fått moglegheita til å eksperimentere med eitt poeng i staden for to, heller enn å måtte droppe dei heilt, seier Monica Rolfsen, dekan ved Fakultet for økonomi.

Rolfsen meiner kvotar truleg ikkje vil fungere på industriell økonomi.

- Kjønnskvotar kan føre til store skilnader i karakternivået mellom kjønna. Det kan ha negative konsekvensar for blant anna miljøet på studiet. Eg meiner kvotar berre bør brukast ved ekstreme behov. På Indøk trur eg kvotar vil fungere dårleg, så eg tvilar på at dette er noko vi vil vurdere.

Sjølv om ho ikkje ønsker å ty til kvoter meiner Rolfsen kjønnsbalanse på industriell økonomi er viktig. Ho beskriv at mange endar opp som leiarar i næringslivet, ei bransje med stor overvekt av menn. Ho meiner også kjønnsbalansen har noko å seie for studentmiljøet.

- Vi har jobba lenge med marknadsføring og sosiale tiltak for jentene, men vi har sett at det ikkje har vore nok åleine. No må vi berre håpe at det kjem til å fungere, avsluttar Rolfsen.

Journalisten er sjølv student ved psykologi profesjon.

Følg UA på Facebook og Instagram.