Ytring

Er det betre å lenke seg fast enn å lime seg fast?

- Det Oksholen ikkje ser ut til å forstå er kor alvorleg dagens situasjon er. Spesielt for dei unge som skal ta over skadane på miljø og klima generasjonane før dei har bidratt til, skriv fire tilsette ved Institutt for tverrfaglege kulturstudier i dette svaret på kommentar tidlegare i veka.

Frå øvst til venstre: Marius Korsnes, Ruth Woods, Sara Heidenreich og Robert NæssClick to add image caption
Publisert Sist oppdatert

I Universitetsavisa 1. Desember tar Tore Oksholen eit lite oppgjer med aksjonsformene som klimaaktivistane i Stopp oljeletinga nyttar. Han skriv at det dei driv med er «symbolsk vold», og at då han sjølv var aktivist opererte dei med ein «streng definisjon av ikkevold». Han nemner følgjande prinsipp: «Ingen tildekning av ansikter. Ingen former for fysisk hærverk. Ingen verbale trusler. Man fulgte et prinsipp om nærhet i tid og sted: Aksjonen foregår der aktiviteten man ønsker å stanse, den foregår når aktiviteten utspiller seg. I norsk sammenheng, gjerne foran anleggsmaskiner idet de er på vei inn i området.»

Det Oksholen ikkje ser ut til å forstå er kor alvorleg dagens situasjon er. Spesielt for dei unge som skal ta over skadane på miljø og klima generasjonane før dei har bidratt til. Han tar ikkje inn over seg beskjeden som desse aktivistane kjem med, og som er bekrefta frå vitskaplege institusjonar som har jobba med saken: måten vi menneske lev liva våre på fører til klimaendringar og øydelegg naturmangfald. Og det er få teikn på at desse øydeleggingane sakkar av på farta. I tillegg ser ikkje media ut til å plukke opp denne beskjeden, og styresmakter kjem med få forslag som ser ut til å monne. Kort sagt ser det ut til at vi held fram med «Business as usual»: business trumfar endring.

Oksholen nemner at Kristiina Viaskorpi og Lena Valentina Mair, som limte seg fast til Munch-maleriet, ikkje kjenner seg bundne til «demokratiske spilleregler», og at denne tanken «brer seg» på universiteta. Er prinsippa som Oksholen nytta til sine aksjonsformer på 1980-talet det som er innanfor dei demokratiske spelereglane? Er det ikkje Oksholen som har flytta seg mot ei meir konform oppfatning for kva aksjonsdeltaking (spilleregler) skal vere?

På 1980-talet var det nok stor usemje rundt sivil ulydnad også, og mange ville nok ha kalla det ekstremt. I dag er det kanskje ikkje so ekstremt lenger, og som Viaskorpi og Mair nemner, er det få som bryr som om «vanleg» sivil ulydnad. Viaskoropi og Mair har konkludert med at vi treng å ristast litt, for å få oss til å stoppe opp og tenkje litt over kva vi eigentleg driv med i våre liv, her på denne jorda. Den beskjeden støtter vi heilhjarta. Vold er sjølvsagt ikkje greitt. Men gamle måleri er ikkje so heilage at dei ikkje kan få nokre skrammer for å folk til å tenkje litt. Og: dersom kunst skal ha makt må det vere relevant for samfunnet rundt. Kanskje angrepa også bidrar til å gjere kunsten meir relevant igjen?

Han må gjerne lenke seg fast til eit tre ein stad

Oksholen føler at dei aksjonsformene han nytta var betre, og at dagens aksjonistar har slått inn på ein “farlig vei”. Å lenkje seg fast til eit konkret utbyggingsprosjekt er visst betre enn å lime seg fast. For oss ser desse aksjonsformene relativt like ut: dei er uttrykk for ein frustrasjon om utbyggingar og utvikling som går sin vante gong utan omsyn til natur og klima. Og vi vil hevde at begge er innanfor demokratiske spelereglar, sidan vi i eit demokrati har moglegheit til å uttrykke vår frustrasjon utan unødvendig maktbruk frå myndigheitene.

Innanfor vårt fagfelt er demokrati og deltaking definert veldig breitt. Det handlar ikkje berre om å stemme ved val, eller å delta i spørjeundersøkingar, eller å uttrykke seg i ei avis. Det handlar om å delta på protestar og sivil ulydnad, og det handlar også om moglegheita til å ta i bruk sterkare verkemiddel, som sjølvsagt ikkje fører til skade på andre menneske. Dess fleire former for deltaking, dess større sjans er det for at det ein ønskjer å endre når fram. Målinga som aksjonistane brukte kan fjernast, og det same kan limen dei nytta. Det ser ut til at dei i større grad oppnår det dei ønskjer, nemleg større merksemd rundt klima og natur-saken.

Vi vil gjerne utfordre Oksholen til å kome med framlegg til metodar som kanskje fungerer betre enn det dagens aktivistar driv med. Kva tenkjer han vil fungere? Han må gjerne lenkje seg fast til eit tre ein stad, men kanskje ikkje det vil fungere like godt som det gjorde på 1980-talet?