gjesteskribenten

Etterlyst: Kurs med mindre høgtflygande sær teori

- Vi treng eit kurs med mindre pedagogisk filosofi og høgtflygande sær teori, skriv gjesteskribenten i denne kritiske gjennomgangen av kurset.

Ei grafisk framstilling av læringsutbytte for UNIPED laga av Patric Wallin.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Tida er inne for ein kritisk gjennomgang av det 200 timer lange kurset i universitetspedagogisk basiskompetanse (UNIPED). Vi treng eit kurs med mindre pedagogisk filosofi og høgtflygande sær teori, og i staden meir ferdigheiter og kompetanse som er tilpassa våre behov.

Viktige og relevante metodar og konsept frå kunnskapsgrunnlaget om effektiv undervisning må få ein større plass. Det må også relevant teori om motivasjon og mestring frå kognitiv psykologi. I staden må vi i dag gjennom hundrevis av sider med vanskeleg tilgjengeleg vitskaplege artiklar frå pedagogikken som få deltakarar forstår eller har nytte av.

Fakta

Anders Ulstein

Anders Ulstein
  • Utdanning: Ulstein har en cand.mag. i språk og historie fra HiV og UiB + master i samfunnsvitenskap med hovedvekt på Europeisk politikk og historie fra LSE. 
  • Nåværende jobb: Universitetslektor ved Institutt for IKT og realfag (IE), Campus Ålesund, der han også er nestleder utdanning. Hans undervisningsoppgaver er primært innenfor de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Roller i UH-sektoren: Ulstein var medlem av språkpolitikkutvalget ved NTNU i 2022. Er leder av det nasjonale Fellessekretariatet for de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Faglige interesser: Språk og akademisk skriving som del av ingeniørutdanningen. Språket er mer enn et kommunikasjonsverktøy, det er noe vi tenker med. Hva så når språklig kompetanse svekkes? Har ledet programarbeidet med kvalitetsseminarene ved Campus Ålesund i fire år.
  • Opptatt av: Hvordan vi verner om akademias overordnede samfunnsoppdrag og bevarer vår uavhengighet i møte med politiske vinder og økonomiske interesser. Uavhengighet forutsetter ytringsfrihet og takhøyde. Hvordan omstiller vi UH-sektoren i møte med de tunge strukturutfordringene landet står overfor, og hva betyr dette for ‘ett NTNU på tre campus’? Dessuten, universitetspedagogikken trenger et kritisk blikk og en ny start. Og: Er dagens studenter tilstrekkelig «studieforberedt»? Hvis ikke, må vi i større grad ‘studieforberede’ vår studenter selv, og hvordan gjør vi det?

UNIPED er heller ikkje rett svar på det forskrifta ber om. Det var neppe departementets intensjon at vi skal bruke tida på 100 år gamle og uforståelege artiklar i pedagogisk filosofi. Det er ikkje det som ligg i «grunnleggende ferdigheter innen planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og veiledning (grunnleggende kompetanse for undervisning og veiledning på universitets- og høyskolenivå)».

UNIPED har i staden følgjande overskrift for sine læringsmål: «Kritisk reflekterende tilnærming til undervisning, veiledning, læring og vurdering (UVLV). Etter mitt skjønn er det stor forskjell på eit kurs i kritisk reflekterande tilnærming, og eit kurs i grunnleggande ferdigheiter og kompetanse.

Læringsmål i tåka

UNIPED sitt læringsutbytte har to store feil. Dei er for det første basert på det pedagogane synest vi må lære, og for lite på kva vi faktisk treng. Dessutan kan ikkje UNIPED skrive LUB. Det er litt rart (sjå figur). Ein slik måte å framstille ein LUB på er dessutan ikkje spesielt vellukka.

Eit krav til læringsutbytte er at det er klart og eintydig, spesifikt og ikkje for omfattande. Det er dessutan svært viktig med klare aktive verb, slik som kunne, bruke, kjenne osv.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

For UNIPED, derimot ser ikkje dette ut til å gjelde. Her kan ein finne språkblomster som dette:

“Gjennom programmet har vi som intensjon å stimulere og støtte deltakerne til å utvikle:

· Et ønske og selvtillit til å prøve og utforske muligheter innenfor UVLV

· En vilje og evne til å støtte studenter og kolleger innom UVLV

· En nysgjerrighet til å se og lære mer om UVLV fra ulike perspektiver»

Eller kva med denne:

«Samhandle og bidra til nettverk som tar sikte på å fremme UVLV gjennom å bidra til å skape en kultur på instituttnivå som verdsetter og fremmer UVLV»

Stort meir vagt og uklart enn dette kan det knapt bli. Korleis skal ein måle at dette er oppnådd? (UVLV står for «undervisning, veiledning, læring og vurdering”)

Og kva er galt med å skrive om lag det forskrifta seier, at formålet er å «opparbeide grunnleggende ferdigheter og kompetanse». Dette er ikkje hjernekirurgi. Kurset heiter da også «Utdanningsfaglig basiskompetanse”. Kvifor dette pinsamt vage og svulstige språket?

Kvifor er den einaste store visjonen å utvikle en «kritisk reflekterende tilnærming»? Det er då sjølvsagt – ein kvar akademikar skal vere kritisk og reflekterande. Dette er ikkje eit kurs i å vere kritisk reflekterande, men eit kurs der deltakarane skal skaffe seg grunnleggande kompetanse og ferdigheiter i undervisning på universitetsnivå.

Pedagogane har ein metode dei brukar til alt. Det er kritisk refleksjon. Dette er likevel ikkje det vi andre stort sett tenkjer på som refleksjon. Refleksjon handlar om å undersøke og drøfte korleis ein har arbeidd med ei oppgåve, til dømes. Slik engasjerer vi studentane til litt djupare tenking og styrkjer deira metakognitiv kompetanse. «Refleksjon» er allereie i verktøykassa saman med mykje anna.

Kritisk teori

UNIPEDs refleksjonsmetodikk kviler i staden på det som heiter kritisk teori. Grunntanken her er å avsløre skjulte maktstrukturar i samfunnet, i organisasjonar, tradisjonar og undervisning osv.

Då eg prøvde meg på UNIPED for nokre år sidan handla den første artikkelen på dag 1 om kritisk refleksjon. Føremålet blei ikkje uttalt, men det var klart at vi skulle omvendast. Det vi trur vi veit om undervisning er suspekt. Og slik vil det alltid vere, så vi skal difor alltid reinse oss for dårlege haldningar og førestillingar og truleg vende oss til pedagogane for rettleiing…

I tråd med kritisk tenking så ligg det alle stader i samfunnet skjulte og farlege maktstrukturar, og vi er ubevisst med på å halde dei ved like. Vi er altså med på ei slags undertrykking, må vi forstå. I den 77 siders lange artikkelen Becoming a Critically Reflective Teacher av Stephen Brookfield kunne vi mellom anna lese:

“Critically reflective teachers are on high alert for the presence of dominant ideology in educational processes and decisions. They see its influence as particularly evident in battles over curriculum where white supremacy and patriarchy come into play.”

Brookfield lener seg på hegemoniomgrepet slik det blei etablert av Antonio Gramsci for 100 år sidan, ein italiensk filosof, språkvitar og også grunnleggar av det italienske kommunistpartiet. Kort sagt skriv Brookfield at ikkje berre finnest det undertrykkande strukturar som tener eit lite mindretal, f.eks. dei rike og den herskande klasse, men det store fleirtalet aksepterer umedvite denne undertrykkinga fordi maktstrukturen er internalisert.

Ein fattig underklasse kan altså bidra til å sementere sin eiga undertrykking ved å ta til seg dei ideane og verdiane som ligg i kultur, tradisjon, organisasjonar og samfunn. Noko liknande har vi i ei klasse og i eit utdanningssystem. Og vi må difor alle vakne opp og avsløre andre og oss sjølve med eit konstant kritisk blikk for å unngå dette.

Dette var den einaste artikkelen vi skulle lese til første dag på kurset.

Det er faktisk arrogant å starte eit kurs i undervisningskompetanse på denne måten. Det sat mange i salen som hadde fleire års undervisningserfaring. Men det er altså vi som hadde undervist i årevis som skal gå kritisk gjennom alt vi kan ha gjort oss av erfaringar. Vi kunne visstnok ha nokre uriktige oppfatningar…

Ikkje berre skal ein trykke på oss radikal teori frå pedagogikken, men ein handsamar oss som tomsingar som no skal bli vist lyset.

I staden skulle UNIPED gjort det som er det «pedagogisk» rette, nemleg kartlegge kva erfaringar vi har i salen, og så bygge på dette som noko positivt. Dette er ABC.

Som om ikkje artikkelen av Brookfield var nok, var det laga ein videoserie på totalt 40 minutt der ein professor forklarer kva kritisk refleksjon er. La meg seie det slik, det var dagens store underhaldning når eg viste videoane til kollegar på instituttet. Her får vi eit samandrag av Brookfield på famlande engelsk av ein kar med caps som sit og vippar tilbakelent i ein kontorstol.

Eg ville ikkje brydd meg. Eg har sett forskjellig. Men dette er altså det UNIPED byr oss på dag 1.

På samling 2 handla det om å gi tilbakemelding og dag 3 var om læringsdesign. Ganske relevant tema, noko undervisningsmateriell var bra, men totalt sett berre måteleg bra.

Endeleg på samling fire skulle det handle om undervisning og læring. Men kva er pensum for dagen? To kapittel i ei bok av John Dewey – frå 1916. Og det var alt.

Boka er «Utdannelse som dannelse» og la meg sitere, her handlar det mellom anna om medvitet:

«Bevissthetens «møblering» er bevisstheten. Bevisstheten er i sin helhet et spørsmål om «innhold». De utdannelsesmessige implikasjonene av denne doktrinen er trefoldige:

(1) En viss type bevissthet blir dannet ved hjelp av gjenstander som fremkaller visse reaksjoner og som produserer visse ordningsmønstre blant de reaksjonene som fremkalles. […] (2) Siden de første forestillingene danner de «mottagende organene» som kontrollerer opptaket av nye forestillinger, er det uhyre viktig hvordan de er. Virkningen av nye forestillinger er å styrke grupperinger som er dannet tidligere. Pedagogens oppgave er først å velge det riktige materialet slik at han kan bestemme hvordan de første reaksjonene blir, deretter å ordne sekvensen med de følgende forestillingene på basis av det lageret av ideer som er befestet gjennom tidligere transaksjoner. Kontrollen kommer bakfra, fra fortiden, i stedet for fra det endelige mål, slik man oppfatter det når man ser på bevisstheten som noe som folder seg ut. (3) Man kan fastlegge visse formelle skritt i enhver undervisningsmetode. Presentasjon av nytt faginnhold er naturligvis det sentrale, men siden kunnskap består av faginnholdets interaksjon med det innholdet som allerede er begravet under bevissthetsterskelen, er første skritt å «forberede» det vil si å sette i aktivitet og bringe over bevissthetsnivå de første forestillingene som skal ta opp i seg de nye.»

Eg ber om orsaking for å sitere alt dette, men det er for å vise kor malplassert dette er i eit kurs i grunnleggande undervisningskompetanse. Det første førelesaren seier denne dagen er at desse artiklane av Dewey var kanskje litt vanskelege. Hen trur difor ikkje at så mange har lese dei, og ler litt brydd.

Artiklar som forelesar er brydd over å by oss og som hen tenkjer vi heilt sikkert ikkje har orka eller klart lese, er altså likevel pensum. Vi hadde då heller ikkje bruk for Dewey den dagen. Så kva var relevansen?

På samling 5 handla det om universell utforming. OK, men tre timar om UU er alt for mykje. UU er ikkje sentral del av grunnleggande undervisningskompetanse. Det var likevel ein del interessante tips, men som kunne vore tatt på ein time. Siste dagen var om kvalitetssystemet. Det kunne også vore korta ned. Dette blir også tatt på instituttet for alle.

Var det ingen lyspunkt? Kollegarettleiing fungerte bra. UNIPED var elles godt organisert og nokre av dei valbare modulane var interessante. Ein kollega tok ein modul i problembasert læring og var svært fornøgd. Det viste seg at begge to som ga kurset var legar, ikkje pedagogar.

Den best samlinga handla om vurdering og Blooms taksonomi. Det viste seg at han som hadde denne økta var det eg kallar ein klasseromspedagog med ein del undervisningserfaring og bakgrunn frå vidaregåande skule, trur eg. Han underviste på ein måte som viste at han forstod kven vi var og kva vi står oppe i. Eit godt råd er difor at UNIPED bør skaffe seg fleire klasseromspedagogar.

Det som manglar

UNIPED er for det første ikkje interessert i kognitiv psykologi. Det er godt gjort sidan dette er eit felt med svært stor relevans for læring. Kognitiv psykologi har koplingar til nevrovitskapen, mellom anna om hjernens plastisitet, og her er det mykje interessant forsking. Ei anna interessant grein innan psykologien er sosial-kognitiv læringsteori, og handlar om motivasjon og meistringstru. Feltet er spennande og relevant spesielt for profesjonsutdanningane. Tragisk at ikkje dette er med.

Utover dette manglar det som sagt ein gjennomgang av dei viktigaste metodane, konsept og omgrep kunnskapsgrunnlaget. Samstemt undervisning, problembasert læring, testing og mykje meir er stoff som vi alle synes er interessant og relevant, og der UNIPED burde gått meir djupare inn og presentere dette systematisk, samanliknande og drøftande.

Skal til dømes teknologiinstitutta føle at dei 200 timane er ei god investering, må vi få eit tilbod som er mindre filosofisk og sært, og som er betre forankra i forskrifta. Institutta som er mottakarane av denne undervisningskompetansen må vere med å bestemmer innhaldet. Det skulle vere ganske underleg om institutta som driv all undervisning ikkje visste kva undervisningskompetanse undervisarane treng.

Mitt alternative kurs

Eit kurs i grunnleggande undervisningskompetanse kunne til dømes sjå slik ut, og la meg følje same format som UNIPED i dag, med sju samlingar, ei rekke valfrie modular og så eit skriftleg arbeid.

· Dag 1: Kva er læring?

Og korleis går det føre seg? Dette er målet med alt vi gjer, så naturleg å starte her. Teorigrunnlaget er kognitiv psykologi.

· Dag 2: Kva læringsmetodar er effektive?

Det sentrale kunnskapsgrunnlaget, gjer greie for det viktigaste og diskuter. Byggjer på dag 1.

· Dag 3: Vurdering

Kunnskapsgrunnlaget og konkrete variantar. Må sjåast i samanheng med dag 1 og dag 2.

· Dag 4: Samstemt undervisning, og design

Om design av program, emne og læringsaktivitetar, baklengs. Programstyrt.

· Dag 5: Motivasjon og meistring

Indre og ytre motivasjon, og korleis kan vi legge til rette for dette. Meistringstru og sosial læring.

· Dag 6: Studieteknikk – å lære å lære

Kva bør studentane lære om dette, både kva læring er, korleis. Skal bygge metakognitiv kompetanse. Det må vere samsvar mellom korleis studentane lærer og vi underviser.

· Dag 7: Utviklingsarbeid (FOU)

Ein dag om korleis undervisarar kan drive FOU på eigen undervisning og i eige fagmiljø. Litt grunnleggande, pluss ein del døme, diskusjon og presentasjon.

Kollegarettleiing

Parallelt med dette skal alle gjennom ei kollegarettleiing. Dette kan ein organisere på ulikt vis, men det bør starte etter samling 2. Då kan ein bruke kunnskapsgrunnlaget i arbeidet med rettleiing og diskusjon.

Skriftleg arbeid

Vel eit tema – gjerne frå samlingane eller modulane – finn eit problem du vil undersøke og drøfte, eller lag eit lite utviklingsarbeid, og skriv 3000-5000 ord som er interessant. Vis at du kan bruke relevant forsking.

Valmodular

Institutta kan melde inn behov, slik som problembasert læring, bruk av KI, praksisfag, mappevurdering osv. Det finst folk i fagmiljøa som kan gi slike modular.