Dette var dei vanskelegaste studia å kome inn på ved NTNU
Ved NTNU har dei sendt ut i alt 17.200 tilbod om studieplass i år. På nokon studium går opptakskravet opp og på nokon går det ned.
Bilete er frå immatrikuleringa i 2019. Den 14. august skal dei nye studentane ved NTNU samle seg her på nytt. Forhåpentlegvis med noko betre vær.Foto: Kristoffer Furberg
- Mange
studium har fått høgare inntakskrav, særleg innan område der det er høge
søkjartal, seier prorektor for utdanning Marit Reitan om årets studentopptak i ei pressemelding.
Det er på økonomistudium,
ein del femårige og treårige teknologistudium, medisinstudiet og
samfunnsvitskaplege studium som psykologi, sosiologi og statsvitskap at inntakskrava har gått opp.
Det har vore ein liten
auke i talet på søkjarar (1,9 prosent opp), og færre studieplassar finansiert
frå Kunnskapsdepartementet (KD) enn i fjor. NTNU seier at desse to faktorane bidreg til høgare inntakskrav.
Ved NTNU har dei sendt ut i alt 17.200 tilbod om studieplass i år. Nær 14.000 av desse gjeld studium i Trondheim. NTNU i Ålesund har litt over 1300 tilbod, medan NTNU i Gjøvik har godt over 1900.
Under kan du sjå kva slags studium som har hatt dei høgaste inntakskrava.
NTNU - 10 på topp
Studium
Studiested
Ordinær kvote
Kvote for førstegangsvitnemål
Medisin, Trondheim
Trondheim
69.6
62.2
Medisin, Trondheim/Levanger
Trondheim/Levanger
68.8
60.8
Medisin, Trondheim/Ålesund
Trondheim/Ålesund
68.5
61.5
Industriell økonomi og teknologiledelse
Trondheim
68.4
63.0
Psykologi, profesjonsstudium
Trondheim
66.7
58.5
Datateknologi
Trondheim
64.0
60.1
Industriell design
Trondheim
63.5
57.9
Medisinsk og biologisk kjemi
Trondheim
62.8
58.7
Kybernetikk og robotikk
Trondheim
62.7
60.7
Informasjonsbehandling (Ba. Nettbasert)
Trondheim
62.1
36.8
Dette er dei ti studia ved NTNU som hadde høgest poenggrenser i 2023.
Nasjonale nedgangstrendar
NTNU deler at dei i hovedsak fyller opp studieplassane på lærar- og lektorutdanningane, men at det at færre ønskjer å bli lærar er noko dei merkar.
Etter førsteopptaket var det enda ledige plassar innanfor grunnskulelærarutdanninga for 5-10. trinn i norsk, yrkesfaglærarutdanning og nokre av lektorutdanningane.
- Stort sett er vi ikkje
spesielt bekymra for kvaliteten eller tilgangen på søkjarar til lærarutdanningane
ved NTNU, men vi ser at dette ei stor
utfordring nasjonalt, seier prorektor Reitan i pressemeldinga.
Nedgangen i søkjarar til sjukepleie er også ein del av ein nasjonal trend.
Dette gjeld også ved NTNU. Samtidig er det lang venteliste i
Trondheim, sjølv om det ikkje er venteliste i Gjøvik og Ålesund.
Det er venteliste på alle helse- og sosialfagutdanningane.
Fleire kvinner
I år er 56 prosent av studentane som har fått tilbod om studieplass ved NTNU kvinner. Denne andelen aukar dermed totalt sett.
Det er ved helsefaga det er mest kvinner, med 82 prosent. Like etter følgjer lærar- og lektorutdanningane med 70 prosent.
Ved teknologifaga samla er det bere 38 prosent av dei som har fått tilbod om studieplass som er kvinner.