Det er i hovudsak ei samla tilråding frå Utdannings- og forskingskomiteen om Lov om universitet og høgskular som skal handsamast av Stortinget i dag, skriv Uniforum.
Unntaka er punkta om at norsk eller samisk skal vera undervisningsspråk og at nedlegging av studiestader må skje hos Kongen i statsråd. På det første området skil Høgre og VenstreB lag med dei andre partia. Dei "merker seg at et flertall av høringsinstansene mener det ikke trengs mer eksplisitte krav om undervisningsspråk i lov, men at regulering kan skje i forskrift."
I tilrådinga frå komiteen blir det også lagt vekt på at universitet og høgskular skal bruka, utvikla og styrkja norsk fagspråk, både bokmål og nynorsk. Og dei institusjonane som har ansvaret for samisk forsking og høgare utdanning, får ansvaret for å bruka, utvikla og styrkja samisk fagspråk.
Eit politisk ansvar å sørga for lik rett til utdanning
Når det gjeld spørsmålet om at nedlegging av studiestader skal skje hos Kongen i statsråd, går både Høgre, Venstre og Framstegspartiet imot dette, medan alle dei andre partia i komiteen støttar det. Fleirtalet peikar på at det er eit politisk ansvar å sørga for at alle skal ha lik rett til høgare utdanning uansett kvar dei bur i landet. Dei viser til at det "er derfor også viktig å sikre en god spredning av studiesteder, slik at alle over hele landet får tilgang til utdanning. Dette innebærer at det også bør være et politisk ansvar dersom noen studiesteder skal avvikles", meiner fleirtalet.
Støttar synet til Universitets- og høgskulerådet
Mindretalet, altså representantane for Høgre, Venstre og Framstegspartiet går imot dette forslaget, og støttar seg på høyringsinnspelet frå Universitets- og høgskulerådet. Dei skriv at dei vil "understreke betydningen av høy kvalitet i all utdanning, og viser til at regjeringen Solberg gjennom åtte år tok flere grep for å bidra til økt kvalitet og robuste fagmiljøer, og styrket institusjonenes autonomi".
Etter deira meining er denne haldninga heilt i samsvar med høyringsutsegnet frå Universitets- og høgskulerådet der det står fylgjande: "UHR vil fraråde den foreslåtte overføringen av myndighet fra styrene, fordi dette bryter med en godt begrunnet ansvarsdeling i styringssystemet, og går på tvers av den tillitstyring regjeringen tar til orde for.»
Raudt, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Arbeidarpartiet sikrar likevel at regjeringa får full støtte til forslaget om å leggja avgjerda om nedlegging av studiestader til Kongen i statsråd.
Full støtte til akademisk fridom
Heile komiteen stiller seg bak vektlegginga av akademisk fridom i tilrådinga til Stortinget. Her blir det understreka at ingen kan gi universiteta og høgskulane pålegg eller instruksar om læreinnhaldet i undervisninga, innhaldet i forskinga, innhaldet i formidlinga eller i individuelle tilsetjingar eller utnemningar.
Også den individuelle akademiske fridomen som kvar forskar har, vert framheva i lovframlegget. Det blir peika på korleis dei sjølve har eit sjølvstendig fagleg ansvar for undervisninga på institusjonen:
"Den som underviser ved et universitet eller en høyskole, har et selvstendig faglig ansvar for innholdet og opplegget av undervisningen innenfor de rammene som institusjonen fastsetter, eller som er fastsatt i eller med hjemmel i lov." Det går fram av tilrådinga til komiteen. Og det blir også understreka at forskarane sjølve har rett til å velja emnte og metode for den forskinga dei held på med.
"Den som har forskning eller faglig eller kunstnerisk utviklingsarbeid som del av arbeidsoppgavene, har rett til å velge emne og metode for forskningen sin eller utviklingsarbeidet sitt innenfor de rammene som er fastsatt i ansettelsesforholdet eller en særskilt avtale," heiter det i tilrådinga frå ein samla komité.
Fysiske førelesingar skal vera opne for alle, vert det presisert. Men universitet og høgskular kan avgjera at førelesingar berre skal vera for institusjonen sine studentar om særlege omsyn talar for det. Det gjeld også dersom det er bestemt at det skal vera eigenbetaling for det aktuelle emnet eller studiet.
Eigenbetaling for studentar frå land utanfor EØS og Sveits
Prinsippet om at høgare utdanning ved statlege universitet og høgskular skal vera gratis, vert vidareført i den nye lova. Her er det derimot lagt inn eit nytt punkt om eigenbetaling for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. Betalinga skal minst dekkja institusjonen sine kostnader for utdanninga. Unntaka frå denne regelen er utanlandske borgarar som etter internasjonale avtalar har rett til å bli behandla likt med norske borgarar. Det gjeld også utanlandske borgarar som kan ha rett til lån og stipend på same vilkår som norske borgarar etter utdanningsstøttelova og føreskrift som er fastsett med heimel i denne.
Eit anna unntak er doktorgradskandidatar og studentar som er omfatta av eit institusjonelt utvekslingssamarbeid.
Legg vekt på ansvaret for grunnforsking og musea
Også i det nye forslaget til lov om universitet og høgskular vert det understreka at universitet og høgskular har eit særleg ansvar for grunnforsking og kunstnarisk utviklingsarbeid innanfor dei områda der dei tildeler doktorgrad.
Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø skal byggja opp, driva og vedlikehalda museum med vitskaplege samlingar og publikumsutstillingar.
Vald rektor skal vera styreleiar
Lova set også opp retningslinjer for styra for universiteta og høgskulane. Der det er val av rektor, skal rektor vera styreleiar for styret. Rektor kan berre sitja i to firerårsperiodar, altså i åtte år.
Ved dei institusjonane som har tilsett rektor, utnemner departementet ein av dei fire eksterne styremedlemane til styreleiar, går det fram av tilrådinga frå Utdannings- og forskingskomiteen.
Alle styra skal ha 11 medlemar, med representantar for dei vitskaplege tilsette, dei teknisk-administrative tilsette, studentane og i tillegg skal det vera fire eksterne styremedlemar. Om ein institusjon har vald rektor, skal det også tilsetjast ein administrerande direktør, vert det understreka.
Bistilling blir ekstraerverv
Det har vore ein del ulike syn på status for bistillingar ved universiteta og høgskulane. No går fleirtalet av komiteen inn for å kalla desse bistillingane for ekstraerverv og institusjonane vil ha høve til å tilsetja folk i desse stillingane på åremål i ein brøk som tilsvarar 20 prosent av ei undervisnings- eller forskarstilling.
Dette er tilrådinga frå komiteen:
"Universiteter og høyskoler kan ansette personer i ekstraerverv på åremål i inntil 20 prosent av en undervisnings- og forskningsstilling.
Åremålsperioden skal være fra to til seks år.
Departementet kan gi forskrift om varighet."
Både ekstern og intern kvalitetssikring av studietilbod
NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning) skal halda fram med å akkreditere institusjonar og studietilbod på universitet og høgskular. I tilrådinga frå komiteen går det fram at
"NOKUT kan bare akkreditere studietilbud fra nye tilbydere dersom studietilbudet minst fører til en bachelorgrad. Dersom NOKUT avviser eller avslår en søknad om akkreditering, kan NOKUT i særskilte tilfeller vedta at institusjonen ikke vil få behandlet en ny søknad om akkreditering før etter en periode på inntil to år."
Komiteen viser også til at universiteta og høgskulane sjølve har ansvaret for kvalitetsikring av studietilbodet sitt.
"Universiteter og høyskoler skal ha et tilfredsstillende internt system for å sikre og videreutvikle utdanningskvaliteten. Studentevalueringer skal inngå i dette systemet."
I det nye lovframlegget vert også institusjonane pålagde å bruka minst to sensorar, på høgare skal ein av dei vera ekstern, går det fram av tilrådinga frå komiteen.
"Det skal være minst to sensorer, hvorav minst én ekstern, ved sensur av studentenes selvstendige arbeid i høyere grad. Det skal være to sensorer ved sensur av bacheloroppgaver eller lignende selvstendig arbeid på lavere grad, eksamener som ikke er etterprøvbare, og eksamener som alene utgjør 15 studiepoeng eller mer." Dette punktet har institusjonane kjempa hard imot, medan Norsk studentorganisasjon heile tida har stått fast på dette kravet. På dette punktet har altså studentane fått fullt gjennomslag både i regjeringa og i Stortinget.
Vil ha forslag til vurderingar av utestenging på bordet
Når det gjeld fusk og slurv på eksamen på universitet og høgskular, går tilrådinga ut på at desse sakene skal opp i Nemnda for studentsaker. Men når det gjeld høvet studentane har til eventuelt å be om utsetjing av vedtak om utestenging fram til eventuelle klager på vedtak er avgjort, ber Utdannings- og forskingskomiteen om at Stortinget ber regjeringa i løpet av våren 2024 om å koma med vurdering om forslag til korleis dette kan gjerast.
Les heile tilrådinga om Lov om universitet og høgskular: