Dette er tala frå opptaket

NTNU-utdanningar har stadig skyhøge snitt, men ikkje alle studieplassar er tatt.

Marit Reitan meiner opptaket visar at NTNU er ein attraktiv lærestad, for godt kvalifiserte studentar.
Publisert Sist oppdatert

NTNU har sendt ut 17 149 tilbod om studieplass i år. 14 157 tilbod om studieplass i Trondheim, 1372 tilbod om plass i Ålesund og 1887 om plass i Gjøvik.

- Det er generelt svært attraktivt å studere ved NTNU. I all hovudsak fyller vi studieplassane våre med godt kvalifiserte studentar innanfor breidda av våre utdanningar. Mange studium har svært høge inntakskrav og lange ventelister, seier Marit Reitan, prorektor for utdanning ved NTNU, i ei pressemelding sendt ut av NTNU.

10 på topp 

Det er i år også svært høge snitt for somme studium for både ordinær kvote og førstegongsvitnemål. Medisin, Indøk og Psykologi profesjon har høgst snitt for ordinær kvote. Innan teknologistudia er det spesielt høge karakterkrav for å kome inn på industriell økonomi og teknologileiing, nanoteknologi, kybernetikk og robotikk, samt flyingeniør.

Fakta

10 på topp (ordinær kvote)

69,4 Medisin (Trondheim)

68,2 Medisin (Trondheim/Ålesund)

68,0 Industriell økonomi og teknologiledelse

67,5 Medisin (Trondheim/Levanger)

67,3 Medisin (Trondheim/Gjøvik)

66,5 Psykologi, profesjon

65,5 Flyingeniør

63,8 Datateknologi

63,2 Økonomi og administrasjon

63,0 Kybernetikk og robotikk

Det nye flyingeniørstudiet har i år 25 plassar, og over 600 stykk på venteliste.

- Studiet vart oppretta på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet for å fylle eit viktig samfunnsbehov, og vi er glade for å sjå stor interesse for dette programmet, seier Reitan i pressemeldingar.

Studieplassane på grunnskulelærarutdanning er fylt opp 

Det var etter ordinært opptak 20. juli framleis 502 ledige studieplassar på NTNU, mange av desse er no fylt opp.

Over heile landet var det færre søkjarar til lærarstudia, og på NTNU var 140 av dei ledige plassane ved grunnskulelærarutdanninga. Alle dei 140 ledige studieplassane ved grunnskulelærarutdanninga vart raskt fylt opp. Det er enno uvisst om desse søkjarane er kvalifiserte.

Fleire universitet og høgskular har i år valt å gi dispensasjon frå somme eller alle karakterkrav for lærar- og sjukepleiarutdanninga. Dette har NTNU valt å ikkje gjere trass i låge søkjartal. No har dei likevel klart å fylle opp plassane.

- Vi meiner at krava er riktige for at lærarstudentane skal ha dei nødvendige forkunnskapane for å gjennomføre lærarutdanningane, og vi er bekymra for at dårlegare forkunnskapar skal føre til høgare fråfall og manglande gjennomføring, sa Reitan til Universitetsavisa sist veke.

Medisinstudia i alle NTNUs studiebyar var svært attraktive. For sjukepleiarutdanningane var det meir utfordrande å trekke studentar til Gjøvik og Ålesund..

Medisinutdanning skal no vere i alle NTNUs studiebyar

Det er høge karakterkrav og lang venteliste for å studere sjukepleie i Trondheim. I Gjøvik og Ålesund vart plassane fyst ikkje fylt opp, men har i opptaket frå 20. juli fått nok søkjarar. Det er også her uvisst om søkjarane er kvalifiserte. På alle helse- og sosialfagutdanningane ved NTNU er det ventelister.

Medisinutdanningane ved NTNU kan tas i Trondheim, eller delt over Trondheim-Ålesund, Trondheim-Levanger, og nytt frå i år mellom Trondheim-Gjøvik. I dei delte studia byrjer ein i Trondheim, og flytter til den andre studiebyen etter to år.

- Det er svært mange kvalifiserte søkjarar til alle våre studiestadar innan medisin. Vi er særleg fornøgde med stor interesse for medisinstudiet med studiestad i Gjøvik, seier Reitan i pressemeldinga.

Bekymra for bortfall av kjønnspoeng

I pressemeldinga kjem det fram at opptakstala viser eit kjønnsdelt utdanningsmønster. 35 prosent av dei som har fått tilbod om plass innafor teknologi er kvinner. For lærar- og helseutdanningar er det 66 og 82 prosent kvinner.

Kunnskapsdepartementet har vedteke at NTNU ikkje får bruke kjønnspoeng på nokre av dei femårige teknologistudia. Det er også langt færre av dei treårige ingeniørstudia som har fått kjønnspoeng. Dette viser seg å gjennomgåande ha ført til lågare kvinneandel.

- NTNU er bekymra for dette. Vi ønskjer at det framleis skal være mogleg å bruke treffsikre verkemiddel for å få økt kvinneandelen innanfor teknologiområdet. Vi ser fram til å diskutere dette med Kunnskapsdepartementet i prosessen med utforming av det nye opptakssystemet som kjem til hausten, seier Reitan i pressemeldinga.

Følg UA på Facebook og Instagram.