Ytring
Energi og miljø seglar ikkje under «falsk flagg»
- Vi er usikre på kva Skogestad eigentleg vil fram til – om det er noko. Miljø er så mangt, og det eine kan utfylle det andre.
F.v. Ivar S. Ertesvåg, Magnus Korpås og Halsten Aastebøl: - I motsetnad til Skogestad vil Energi og miljø-programmet ikkje hevde monopol på definisjonen av «miljø».
Foto: NTNU
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
Studieprogrammet
Energi og miljø vart oppretta av faggrupper som i dag er Institutt for
elektrisk energi (IE-fak.) og Institutt for energi og prosessteknikk (IV-fak.).
Det var altså eit samarbeid mellom elkraft og varme- og strøymingsteknikk. Programmet og namnet vart vedteke av
NTNU-styret («Kollegiet) i 1997, med første studentopptak i 1998.
Sigurd
Skogestad (UA 26.3.) har funne ein definisjon på «miljøteknikk». Denne set han
opp som den absolutte og einaste rette. At «miljø» og «miljøteknikk» ikkje er heilt det same, kan vi late ligge.
Viktigare er det at «miljø» er eit mangfaldig omgrep. I eit sideblikk kan vi til
dømes sjå at Klima og miljø-departementet held seg med ansvarsområde som følgjer
andre avgrensingar. I motsetnad til
Skogestad vil Energi og miljø-programmet ikkje hevde monopol på definisjonen av
«miljø». «Bygg og miljø» var heilt uproblematisk for oss. For vår del kan
Skogestad sitt institutt gjerne ha eit studieprogram «Kjemiteknikk og miljø».
Det er meir enn nok miljøutfordringar å ta av, og ingen greier å femne om alt.
I universitetsdirektøren si innstilling til Kollegiet i 1997
heiter det at «Navnet ‘Energi og miljø’ er valgt for å understreke nær
sammenheng mellom all bruk av energi og miljøpåvirkninger.» Denne samanhengen står ved lag; nokre døme kan nemnast:
Enig eller uenig?
Send oss din ytring på
Ein stor del
av energien (om lag 90 %) brukt i verda vert omforma gjennom forbrenning. Mange
miljøproblem kjem av dette, og betre forbrenning gjev mindre problem. Dette
vert undervist som del av dei aktuelle faga i programmet.
All
energibruk har miljøverknader. Brukar du meir, kostar det meir – også i
miljøet. Meir effektiv energibruk er eit verksamt miljøtiltak, og det er
sentralt i programmet.
Energisystem
kan byggast og driftast på ein meir miljøvenleg måte, og slik at ein legg til
rette for elektrifisering når det er tenleg.
Ein
profil i studieprogrammet heiter Energi- og miljø-analyse og er ei
spesialisering i industriell økologi. Dette er ei faggruppe med høg status
nasjonalt og internasjonalt.
CO2-fangst
og -lagring vil vere eit viktig tiltak for å bremse klimaendringane. Som
Skogestad vel veit, er dette eit område han deler med forskarar og studentar
frå vårt program.
Energi og
miljø seglar ikkje under «falsk flagg». Vi er usikre på kva Skogestad eigentleg
vil fram til – om det er noko. Miljø er så mangt, og det eine kan utfylle det
andre. Vi diskuterer gjerne
arbeidsdeling og utvikling av problemstillingane. Som sagt er det meir enn nok
å ta av.