Universitetet i oslo
No er det klart: Desse tre er kandidatar til å bli ny rektor
Hanne Flinstad Harbo, Ragnhild Hennum og Giske Ursin: Ein av dei tre kandidatane tek over rektorstolen etter Svein Stølen.
Dei skal kjempa om rektorvervet på UiO. F.v. Hanne Flinstad Harbo, Ragnhild Hennum og Giske Ursin
Montasje: Ola Gamst Sæther
Litt før klokka 1300 i dag gjorde leiar for Det sentrale valstyret Marit Halvorsen kjent kven som er godkjende som rektorkandidatar på UiO.
Det er ikkje lenger ei stor overrasking at det blir jussdekan Ragnhild Hennum, medisindekan Hanne Flinstad Harbo og direktør for Kreftregisteret Giske Ursin som også er professor II på Det medisinske fakultetet. Valstyrets avgjerd inneber at alle dei tre kandidatane får utbetalt pengar frå UiO sentralt som skal brukast til å driva valkamp, skriv Uniforum.
Første debattmøte i Gamle festsal
For veljarane på UiO blir den første sjansen til å møta alle rektorkandidatane samla, debattmøtet i Gamle festsal i Urbygningen den 22. januar klokka 13.00. I dei to månadane fram til rektorvalet skal det haldast 12 debatttmøte til, både i sentrum, på Blindern, på Det teologiske fakultetet, på Rikshospitalet, på Det odontologiske fakultetet og på Tøyen hovedgård på Naturhistorisk museum.
Medan jussdekan Ragnhild Hennum og medisindekan Hanne Flinstad Harbo lanserte seg som rektorkandidatar i oktober i fjor, var det først på dagen fristen gjekk ut, 8. januar, direktør for Kreftregistereret Giske Ursin kasta seg inn i kampen om rektorvervet på UiO. Dermed er det tre kandidatar som no kjempar om å overta stafettpinnen etter Svein Stølen.
"En styrke for universitetsdemokratiet"
Rektorkandidat Ragnhild Hennum er positiv til at det no har meldt seg på ein tredje kandidat
"Det er en styrke for universitetsdemokratiet at flere ønsker å bli rektor. Jeg håper vi får en god valgkamp der studenter og ansatte deltar aktivt. At det nå blir tre (forhåpentligvis) tydelige alternativ håper jeg vil føre til økt engasjement og høy valgdeltakelse", skriv ho i ein epost til Uniforum.
"Ønsker det selvsagt velkommen"
Rektorkandidat Hanne Flinstad Harbo har heller ingenting imot at det blir tre kandidatar.
"Når det gjelder at det stiller flere rektor-team ved UiO-valget, ønsker vi det selvsagt velkommen. Det er bra for universitetsdemokratiet at det foreligger alternativer, og Team Harbo ser frem til interessante og viktige diskusjoner både med rektor-teamene og med studenter og ansatte", skriv Harbo i ein epost til Uniforum.
Ho minner også om kva rektorteamet hennar går til val på.
"Vi stiller til valg med plattformen «Sammen for et sterkt, aktivt og synlig UiO», og vi vil være et samhandlende og samlende rektorat for hele UiO. Så blir det jo opp til de stemmeberettigede å avgjøre hvilket team som skal få det viktige oppdraget med å lede UiO gjennom de utfordringene og mulighetene som ligger foran oss i de nærmeste årene. Team Harbo er godt forberedt og veldig motivert til å påta seg dette", understrekar rektorkandidat Hanne Flinstad Harbo.
– Me håpar å stela stemmer frå begge
Den tredje rektorkandidaten Giske Ursin fekk masse ekstra merksemd sist torsdag, då ho gjennom Uniforum gjorde det kjent at TV-stjerna Harald Eia også vil bli ein del av rektorteamet hennar.
– Det er mange spanande utfordringar innan formidling ved UiO, sa ho til Uniforum då ho slapp nyhendet. I lanseringsintervjuet hadde ho tru på at teamet hennar ikkje berre ville stela stemmer frå rektorlaget til medisindekan Hanne Flinstad Harbo, men også frå rektorlaget til jussdekan Ragnhild Hennum.
No er startskotet for rektorvalkampen fyrt av, men valet begynner ikkje før den 24. mars. Veljarane kan då stemma elektronisk på sin favorittkandidat fram til 4. april. Valresultatet blir kunngjort 4. april , går det fram av rektorvalsidene.
Den som blir valt til rektor etter Svein Stølen vil starta i den fire år lange jobben den 1. august.
• Les meir om rektorkandidatane på valsidene deira:
Valsida til Team Harbo
Valsida til Team Hennum
Valsida til Team Ursin