Universitetet i Oslo skåra flest publiseringspoeng i Noreg i 2020. NTNU ligg like bak, medan det er eit stort sprang ned til Universitetet i Bergen på tredjeplass.
NTNU kjem på ein pen andreplass i konkurransen om å ha flest publiseringspoeng.Foto: Mentz Indergaard, NTNU Info
I 2020 blei det gjort publikasjonar ved norske universitet og høgskular som svarar til 29 325 publieringspoeng, melder Norsk senter for forskingsdata. Tala er basert på innmelde publikasjonar i Cristin, og poengutrekninga tar utgangspunkt i nivåplasseringa til publiseringskanalen. Desse tala blir melde inn til Kunnskapsdepartementet som også brukar dei når dei skal avgjerda tildeling av pengar til institusjonane, skriv Uniforum.
Dei fire tradisjonelle universiteta gjer det best
Universitetet i Oslo skåra til saman 6806,7 publiseringspoeng i 2020. Det viser dei oppdaterte tala frå Norsk senter for forskingsdata. Forskarar ved NTNU produserte 6544,2 publiseringspoeng, og gjorde at heimeinstitusjonen deira kom like bak. Universitetet i Bergen produserte til saman 3669, publiseingspoeng i fjor. Universitetet i Tromsø kom på fjerdeplass når det gjeld produksjon av publiseringspoeng, medan Universitetet i Stavanger og OsloMet-storbyuniversitet kom på høvesvis femte- og sjetteplass.
Høgast prosentdel kvinner bidrar på UiO og NTNU
Universitetet i Oslo har også best tal når det gjeld kor stor del av dei kvinnelege forskarane som bidrar til dei samla publiseringspoenga. Tala viser at på UiO skårar dei 2473 av den samla poengsummen på 6806,7, medan det same talet på NTNU er på 1853 av 6544,2 publiseringspoeng. Det vil seia at kvinnelege forskarar på UiO har produsert 36 prosent av poenga. På NTNU står kvinnene for rundt 28 prosent av publiseringane., skriv Uniforum
For UiO viser statistikken også at 31 prosent av publiseringane skjer i nivå 2-tidsskrift. Det er dei tidsskrifta som blir rekna som dei mest prestisjetunge, slike som Nature, Science, The Lancet og PNAS. 69 prosent av publiseringane skjer på nivå 1, altså i tidsskrift, som har litt lågare status enn dei som er plasserte i nivå 2. Akkurat på det området kjem Universitetet i Bergen betre ut enn NTNU. For 29,1 prosent av publiseringane til Universitetet i Bergen skjer i nivå 2-tidsskrift, medan talet for NTNU er på 23,6 prosent.