Ingen avklaring om avissamarbeid
NTNU og UiO er ikkje klare for å gå inn i samarbeid om nasjonal universitetsavis. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen ser igjen mot Khrono og OsloMet.
- Vi vil fatte eit vedtak baert på tilbodet frå Oslomet, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen etter møtet med fire rektorkolleger under U5-møtet mandag.
KRISTOFFER FURBERG
Førebels blir det ikkje noko av eit tettare samarbeid mellom UiB, NTNU og UiO om nasjonal avis for UH-sektoren. Det er klart etter møtet i den såkalla U5-gruppa måndag, skriv På Høyden.. Det er rektorane frå universiteta i Bergen (UiB), Oslo (UiO), Ås (NMBU), Tromsø (UiT) og NTNU som er med i U5.
Verken NTNU eller UiO er etter møtet klare for å gå inn i meir forpliktande samarbeid med UiB. Begge har tidlegare takka nei til å kjøpe seg inn som medeigar i Khrono, som er OsloMets avis.
Dermed står UiB og rektor Dag Rune Olsen tilbake med utgangspunktet – tilbodet om å kjøpe seg inn i Khrono.
– Vi kjem til å fatte eit vedtak basert på tilbodet frå Oslomet på UiBs styremøte 30. august, seier Olsen.
Då UiB-styret i vår sa nei til UiB-leiinga sin plan om å legge ned På Høyden og gå i medeigarskap med Oslomet om Khrono, var det med eit krav om å utgreie fleire modellar for nasjonalt avissamarbeid. Initiativet frå UiB om eit samarbeid med NTNU og UiO var eit svar på dette kravet.
No ligg det an til at UiB-leiinga vil komme med ei klar innstilling om satse på Khrono. Dermed blir det opp til UiB-styret å seie ja eller nei til dette.
Oslomet: Ikkje konkret tilbod
– Vi har ikkje noko konkret tilbod til UiB akkurat no. Då vi tidlegare diskuterte felles eigarskap med UiB var det basert på ei 50/50-løysing. Denne løysinga kvilte på ei nedlegging av På Høyden, slik eg har oppfatta det. Men det ser ikkje ut som UiB vil det, seier rektor ved Oslomet, Curt Rice.
Han viser til at fleire andre institusjonar er invitert inn og har vist interesse for å kjøpe seg inn i Khrono sidan UiB-sporet stranda.
– Men vi kan nok finne ein modell der fleire kan delta, seier Rice.
Vil halde fristen
Fram mot U5-møtet er den såkalla NRK-modellen blitt framheva som eit ønskeleg alternativ, både frå leiinga ved UiB og På Høydens styre. Den inneber i praksis at På Høyden, Universitetsavisa (NTNU) og Uniforum (UiO) går inn under same redaksjonelle paraply. Ifølge Olsen er NRK-modellen framleis aktuell på sikt. Men samstundes skal altså UiB-leiinga bestemme seg for om dei skal takke ja til å gå inn i Khrono innan fristen Oslomet har gitt. Den fristen er sett til UiBs styremøte 30. august.
Curt Rice seier til På Høyden at fristen er tøyeleg, så lenge han når budsjettfristen til Oslomet i desember.
Både for NTNU og UiO kan vedtaket i Bergen i august vere retningsgivande for kva veg dei vel vidare.
– Om landskapet endrar seg, kan det vere at vi må endre på våre planar. Men per i dag står vårt «nei» ved lag, seier NTNU-prorektoren på spørsmål om det kan vere mogleg å gå i kompaniskap med UiB og Khrono på eit seinare tidspunkt.
– Alle er interessert
Dag Rune Olsen seier det vart uttrykt stor interesse for nasjonalt avissamarbeid hos alle som var på U5-møtet måndag.
– Alle er interessert i ei avis som har format til å dekke UH-sektoren nasjonalt, og gjerne også internasjonalt, seier Olsen.
På spørsmål om det kan vere aktuelt å invitere UiO og NTNU til samarbeid med Oslomet og Khrono på nytt, svarer Rice dette:
– Eg har eitt mål, å legge til rette for vidare utvikling av Khrono. Dersom dei vil vere med, skal dei få det, men det har eg ikkje oppfatta at dei vil.