UiO best i Noreg
Universitetet i Oslo er klart best i Noreg og på 69. plass i verda på Shanghai-rankinga over verdas beste universitet. NTNU og Universitetet i Bergen er begge mellom dei 201 of 300 beste universiteta på denne verdsrankinga.
Med denne plasseringa på Academic Ranking of World Universities 2014 plasserer Universitetet i Oslo seg godt i mellom dei ein prosent beste universiteta i verda, peikar UiO på i ei pressemelding. I Norden er det Københavns Universitet, Karolinska Institutet og Uppsala universitet som kaprar dei beste plassane på denne lista. Københavns Universitet kjem på 39.-plass, Karolinska på 47.- plass og Uppsala på 60.- plass. Like etterpå kjem altså UiO på 69.- plass. Dermed tangerer Universitetet i Oslo det same resultatet som i fjor. NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet) i Trondheim og Universitetet i Bergen er begge mellom dei 201 og 300 beste universiteta på denne verdsrankinga. Ingen av dei andre norske universiteta er med på lista over dei 500 beste.
Harvard best
Det aller beste universitetet i verda er ikkje overraskande Harvard University, deretter fylgjer Stanford University og Massachussetts Institute of Technology. University of Cambridge er på femteplass, og er Europas beste. Nokre plassar lenger ned på lista står University of Oxford, før det beste universitetet utanfor det angloamerikanske området dukkar opp. Det er Swiss Federal Institute of Technology på 19.plass i verda og på fjerdeplass i Europa.
21.-plass i Europa
I Europa-ligaen ligg Universitetet i Oslo på 21.plass, medan det kjem på fjerdeplass i Norden og på førsteplass i Noreg.
Les heile lista frå Academic Ranking of World Universities.