Nybygget opna til fest og jubel

Ein over 60 år gammal idé er realisert. Laurdag opna Samfundets nybygg til storfest. 

Studentane spring jublande inn dørene til det nye bygget.
Publisert Sist oppdatert

Det runde, raude bygget vi kjenner som Samfundet, vart bygd i 1929. Då var det kring 400 studentar på NTNU, no er talet nærare 40 000. 

Nybygget er eit påbygg på baksida av det gamle bygget, med nye scenar, barar og arbeidslokale. Den historiske opninga vart heidra med seremoni, snorklipping og fest 10. august.

Salen var fylt til randen under opningsseremonien, og fleire måtte finne plass på golvet eller i trappene.

Leiar for Studentersamfundet, Rami Chumber, opna seremonien.

- Nybygget er eit prosjekt som samlar mange generasjonar av medlemmer på Samfundet, sa Chumber.

Nybygget har røter som strekkjer seg langt tilbake. Allereie i 1963 vart det lagt fram forslag i Storsalen om utviding av Samfundet ved utbygging på fengselstomta.

Opninga av nybygget er den nye leiaren, Rami Chumber, og det nye styret sitt fyrste arrangement. Det neste året skal dei blant anna stelle i stand samfundsmøter i Storsalen.

Samdundets fyste kvinnelege leiar, Siri Nansen, som får ein bar i nybygget oppkalla etter seg, vart møtt med stor jubel i Storsalen under seremonien. 

Siri Jemtland var tilbake på Samfundets talarstol etter 60 år.

Ei rørt Siri Jemtland tok til talarstolen og fortalde om si tid på samfundet. 

- Då eg vart immatrikulert, vart det sagt at halvparten av undervisninga skulle føregå på botnen av bakken, sa ho i talen.

Samfundetleiar, Rami Chumber, klipper snora inn til nybygget.
Snorklippinga i det som tidlegare har vore fotballpuben, Daglighallen, fekk stor jubel og applaus. Det grøne rommet med lysoppheng i taket er eit av dei meir kontroversielle romdesigna i konseptutviklinga.

Statsråd for forsking og høgare utdanning, Oddmund Hoel, kom med ei helsing frå KD og regjeringa i si tale under seremonien. I talen kunne han også fortelle om sine fyste møter med studentersamfundet, når han sjølv var vidaregåande elev. 

Statsråd Oddmund Hoel i eit mylder av studentar som ser nybygget for fyste gong. - Eg har gleda meg veldig til å sjå korleis det skulle bli.

– Studieprogresjon er viktig, men alle som bruker litt ekstra lang tid på å fullføre studia på grunn av arbeid ved Studentersamfundet er unnskyldt, sa statsråden, som har hatt studieprogresjon som eit av sine gjennomgåande mål for høgare utdanning. 

Sp-politikaren trakk også fram Samfundets rolle som ein viktig debattarena.

Dei nye lokala vart raskt fylte av musikk, kake og fest. Å finne var mellom anna Strindens Promenadeorchester, Samfundets Interne Teater og husa sine eigne DJ-ar.

Monica Rolfsen, leiar for Samfundets finansstyre, hadde med seg ei lang takkeliste under seremonien. Finansieringa av nybygget har vore eit spleiselag mellom NTNU, Sit, Trondheim kommune, Trøndelag fylkeskommune, Reitan, og Kunnskapsdepartementet.

Jakob Selfors har vanka på Samfundet i fleire år. Han har gleda seg veldig til å få sjå nybygget frå innsida for fyste gong. 

- Eg gleder meg til å kunne gå meg vill i labyrinten Samfundet igjen, som då eg fyst kom til huset, sa Selfors.

Bak Selfors blir den fyrste ølen på nybygget seld av dei frivillige. Gjestene har allereie funne seg til rette i Samfundets nye storstove.

Selfors er leiar av Velferdstinget, som blant anna har som oppgåve å bestemme kva semesteravgifta studentane betalar inn går til. Selfors fortel at pengar frå potten har vore del av nybyggfinansieringa. I år går 4 millionar kroner frå semesteravgifta til nybygg.

- Eg håpar alle som har betalt semesteravgift ved NTNU dei siste åra veit at dei faktisk har vore med å finansiere nybygget, som no kan samle enda fleire studentar, sa han.

I mellomgangen ser vi det nye og gamle bygget møtast.

Festen fortsetter inn i immatrikuleringa der dei nye studentane skal bli kjent med både det nye og gamle bygget. Stadig er det fleire uferdige lokaler som skal opne utover hausten.

Følg UA på Facebook og Instagram.