Vil nå rommet på fritida

Ei gruppe studentar har sidan 2019 bygga rakettar. No skal dei for fyste gong skyte opp på norsk jord. 

Avdukinga av årets rakett Valemon.
Publisert Sist oppdatert

- Hovudmålet er på nå rommet! 

Propulse er ei studentorganisasjon som arbeider med å lage rakettar og for å bidra til engasjement for romferdsle i Noreg. Organisasjonen har i dag 64 aktive medlemmar. Rundt 10-20 av desse har brukt sommarferien på å ferdigstille ei fem meter lang rakett.

- Vi har brukt 9 månadar på raketten, alt utanfor studietid! No mot slutninga kan arbeidstida samanliknast med ein fulltidsjobb, men overtid og helgearbeid, seier leiar for Propulse Simen Flåtter Flo.

I sluttinga av juli skal raketten skytast opp. 

Draumen om stjernene

Leiar Flåtter Flo har vore med i organisasjonen 4 år og går produksjon og produktutvikling på NTNU. 

Flåtter Flo meiner det å vekse opp i ei bygd med skarp stjernehimmel er årsak til hans store interesse på romferdsle.

- Det som vekka interessa hos meg er at eg som gut såg mykje på stjernene. Som bygde-gut får ein ei stor tilknyting til naturen og himmelen. Noreg har ofte vore fyst på ukjent farvatn, berre sjå på Amundsen og Nansen. No er det rommet som er det store ukjente, seier Flåtter Flo.

I slutten av juli skal dei fyre opp raketten Valemon på i Haltdalen, i Sør-Trønderlag. Dette er fyste gong Propulse skyt opp ei slik avansert rakett på Norsk jord. Tidlegare har dei hatt oppskytingar i New Mexico og Portugal. I New Mexico deltok NTNU-gruppa i ei stor internasjonal rakett konkurranse, og enda opp med pal-plassering.

- Då me kom på 3. plass i konkurransen i New Mexico fekk me verkeleg lyst å satse hard på å lage ei avansert rakett! Eg synes det er utruleg kult at me viser at studentar klarar å bygge rakettar med same avanserte teknologi som dei bruker i Russland og USA, seier Flåtter Flo.

- Glupe og motiverte studentar med for mykje fritid

Han fortel at mykje innan rakettforskinga har endra seg sidan måne-kapplaupet på 60-talet. 

Ein gjeng glupe studentar med for mykje fritid.

- Før var det berre store statar som hadde råda til å satse på denne teknologien. No med blant anna ny informasjonsteknologi og 3D-printing, har glupe og motiverte studentar med mykje fritid gode føresetnadar til sette sprell som dette til liv.

Det er ikkje berre ingeniørar som er invitert til å bli med, også grafisk design, webutvikling og markedsføring er viktige oppgåver i organisasjonen. Totalt er sju institutt i dag representert i medlemsmassa.

Å vere del av noko større

Sheikha Al-Nasser går elektronisk systemdesign og inovasjon på NTNU. Sidan 2020 har ho brukt mykje av fritida på Propulse. I Valemon-prosjektet har ho hovudsakeleg jobba med elektronikken i prosjektet. 

Ho håpar alt går etter planen med oppskytinga, men meiner ho uansett har fått mykje igjen for arbeidet.

- Det betyr jo sjølvklart mykje for oss å få det til, men det gøyaste er å sjå kva me har fått til saman, det er heilt sjukt! Sjølv om eg berre har laga ein liten bit, så er det veldig gøy å sjå at alle bitane kjem saman no mot slutten, seier Al-Nasser.

Al-Nasser trur nordmenn flest ikkje er klare over kor stort romferdselsmiljøet i Noreg er. 

-  Eg tur ikkje så mange er klare over at Noreg sendte rakettar til rommet allereie i 1962. Romhamna dei brukte då på Andøya kan stadig brukast til å skyte opp romrakettar og satellittar. Ein må ikkje til NASA i USA for å bli rakettingeniør, seier Al-Nasser.

Neste år blir det nytt, betre og lengre

Abel Horneland er påtroppande teknisk leiar. Han går fysikk og har vore med i Propulse i 2 år. Til hausten byrjar han arbeidet med å bygge ei ny rakett.

Det skal mange testar til før oppskytinga.

- Vi har ambisjonar om at den neste skal vere endå meir sofistikert, og nå enda høgare. Hovudmålet er jo å nå rommet, seier Horneland.

For Horneland er også det sosiale viktig, sjølv om han innrømmer at gruppa bruker tida meir på mekking enn på festing.

- Ein møter skikkeleg flinke og kule folk med same interesse som ein sjølv. Og ein blir jo veldig godt kjent, spesielt no i intensivperioda. Og så feirar vi godt når vi har klart ei oppskyting.

Noverande leiar Flåtter Flo legg til at medlemma i tillegg til kos og kunnskap, får gode karrieremoglegheiter. Dei har sidan 2019 bygga opp eit stort nettverk med 49 samarbeidspartnarar som bidrar med økonomisk støtte til rådgiving.

Samarbeid med Nammo

Ei av samarbeidspartnarane til Propulse er Nammo, som blant anna utviklar våpen. Flotten Flo seier at dei har hatt interne diskusjonar om samarbeidet, då Nammo nyttar rakett-teknologi til andre formål enn romferdsle.

- Støtta frå Nammo gjer at me kan ta dei sjansane vi tar. Mange av våre medlemmer har også ønske om vidare karriere i Nammo, men den delen av virksomheita som ikkje utviklar våpen. Eg vil og poengtere at våre samarbeidspartnarar ikkje kan komme med krav om korleis vi arbeider, seier Flåtter Flo.

Følg UA på Facebook og Instagram.